Trykk
Trykkmålinga tar 20-30 minutt. Du får lokalbedøving med gel i nasebor. Kateteret blir ført gjennom nase, svelg, spiserøyret og ned i magesekken. Du ligg først på side/rygg. Du får vatn/saft i munnen som du skal svelgje på kommando. Svelg minst mogleg utanom kommando.
Refluks-undersøking
Eit tynt kateter i plastikk blir ført gjennom nase, svelg, spiserøyret og ned i magesekken. Kateteret sender data til ein berbar opptakar, kor alle data blir lagra og vi les av seinare.
24 timar med kateter
Det tynne kateteret i svelget ditt vil du akseptere raskt. Det viser seg at vi får mest ut av undersøkinga viss du er i vanleg aktivitet og utfører dine daglege gjeremål heime og/eller på jobb. Helst vil vi at du går tilbake på jobb, evt. gjer forfallande arbeid inne eller utearbeid.
Ikkje bruk syrehemmande/nøytraliserande midlar eller alkohol i løpet av undersøkinga, viss ikkje anna blir sagt.
Du kan ete og drikke som vanleg, men utanom måltida skal du ikkje drikke sure drikker, mineralvatn eller ete appelsinar.
Trykk på knappen og fyll ut skjema
Viss du får dine typiske symptom, må du trykke på knappen på apparatet. Skriv også ned klokkeslettet for hendinga i skjemaet du får med deg. Dette er svært viktig for tolkinga av resultatet.
Hugs også å trykke på knappen og notere klokkeslett for start og slutt av måltid, i tillegg til klokkesletta for kvile (liggande stilling) og søvn. Dette noterer du i skjemaet.
Viss det er noko du lurer på det døgnet du går med kateteret, kontakt oss på telefon.