Dersom du skal behandle heile kroppen står du inni eit lyskabinett.
Ved plager/utslett i underliv, hovudbotn eller på hender/føter har vi spesielle lyskilder til å bruke på desse områda (sitte-, kam-, hand- og fotsol).
Behandlingen blir vanlegvis gitt tre til fem gonger i veka.
Dersom ein tar TL01-behandling kan det for mange vere nok med to gongar i veka. Denne behandlinga skal ein aldri ta to dagar etter kvarandre slik ein kan med UVA og breispektra UVB.
Strålinga tar frå nokre sekund til fleire minutt.
Apparatet gir ei bestemt dose per behandling. Auka dose blir vurdert individuelt.