Etter operasjonen vaknar du opp på Thorax kirurgisk intensiv og oppvakningsseksjon (TIO). Der vert du liggande til ut på kvelden eller til neste dag før du blir flytta til Hjarteavdelinga post 4, Thoraxkirurgisk seksjon (sengepost).
På TIO vil det vere sjukepleiar rundt deg heile tida som overvaker deg nøye.
Du vil ha ein del utstyr festa til kroppen:
- Oksygen i nasen
- Urinkateter
- Venflon (eit lite plastrøyr inn i ei blodåre som vi kan gje medisinar og væske i)
- Smertepumpe tilkopla kateter i ryggen (epidural)
- Thoraxdren på den sida som er operert
Allereie om kvelden operasjonsdagen vil du få drikke litt, i tillegg til at du får væske inn i blodet (intravenøst). Dagen etter får du ete.
Den nærmaste familien kan ringe 55970391/90 og snakke med den sjukepleiaren som har ansvar for deg, evt. snakke med deg.
Fysisk aktivitet og opptrening
Etter operasjonen er det viktig at du kjem raskt i aktivitet. Før operasjonen informerer fysioterapeuten om betydinga av dette, og om viktigheita av eigenaktivitet. Eigenaktiviteten bidrar til å førebygge komplikasjonar, og gjer at du kjem raskare i form. Fysioterapeuten er også med og hjelper deg i gang med øvingar etter operasjonen.
For å betre blodsirkulasjonen bør du gjere nokre enkle øvingar allereie første dagen når du ligg i senga:
- Bøy og strekk i anklane 10-20 gongar
- Bøy og strekk vekselvis høgre og venstre bein, 10 gongar på kvart bein.
- Stram lår- og setemusklane, slepp. Gjenta 10 gongar.
Øvingane gjerast minst 3 gongar dagleg.
Operasjonssåret og drenet vil føre til smerter og ubehag. Det er derfor naturleg å beskytte seg mot smerter ved å la vere å puste djupt, hoste og kremte. Dette kan føre til at det hopar seg opp slim i luftvegane. Det er viktig at du har god smertelindring så du unngår dette.
Fysioterapeuten går gjennom pusteøvingar med deg, og lærer deg korleis du best mogleg kan få opp slimet.
Aller viktigast både for blodsirkulasjonen og lungefunksjonen, er at du kjem deg opp av senga fleire gongar dagleg.
Dei første dagane etter operasjonen vil det på grunn av sårsmerter vere vondt å strekke armen på operert side heilt opp over hovudet. Det er heller ikkje nødvendig å presse seg til å klare dette. Men etter eit par veker bør du kunne løfte armen like høgt som før operasjonen. Kontroller dette framfor ein spegel.
Restriksjonar
Dersom ingen annan beskjed er gitt, har du ingen restriksjonar når det gjeld å bevege armen.
Dei første 6 vekene bør du derimot ikkje løfte/bere tungt med armen på den opererte sida. Dette fordi musklane mellom ribbene er skorne over i forbindelse med operasjonen, og desse må få tid til å gro. På grunn av smerter vil dette i byrjinga avgrense seg sjølv.
Trening når du kjem heim
For å bli fortast mogleg bra igjen etter operasjonen er det viktig å komme i aktivitet. Gjer noko du trivst med, så går det lettare. Å gå tur er glimrande. Start roleg og tilpass tempo og lengde etter dagsform, terreng og ver. Etter kvart kan du auke både intensitet og lengde.
For å oppnå normal bevegelse i skulderleddet kan du gjere desse øvingane:
I ståande stilling:
• Stå inntil ei dør eller ein vegg, «krabb» med fingrane oppover og nedover.
I sittande eller ståande stilling:
• Løft skuldrene opp mot hovudet og slepp roleg ned igjen
• Fingertuppane på skuldrene. Lag store sirklar med olbogane
• Strekk armane opp så langt du klarer, slepp roleg ned
Gjer kvar øving 5-10 gongar, 1-2 gongar dagleg. Fortsett med øvingane til du har like god bevegelse som før operasjonen.
Sårsmertar og operasjonssår
Nokre smerter og ubehag forbunde med såret må du rekne med inntil det er grodd. Dei første dagane vil du ha ein tynn slange inn mot ryggraden (epiduralkateter). Gjennom den får du smertestillande. Du vil i tillegg få smertestillande medisin i form av tablettar og eventuelt sprøyter.
For å kunne puste djupt, hoste og vere i aktivitet, er det nødvendig med god smertelindring. Sjukepleiarane vil passe på at du får smertestillande medisin. Be sjølv om ytterlegare smertestillande ved behov. Dette er det svært viktig at du gjer. Smerter opplevast forskjellig frå person til person så medisinering må tilpassast den enkelte. Ver førebudd på at du ikkje kan bli fullstendig smertefri.
Til å begynne med kan det vere blå merke/raudheit og hevelse langs operasjonssnittet. Dette vil gradvis forsvinne. Inntil arret er bleikt (hudfarga) bør du bruke solkrem med faktor 20 på arret før du soler deg.
Såret er vanlegvis lukka med tråd som vil forsvinne av seg sjølv. Unntaket er dei stinga som står igjen etter feste av thoraxdren. Stinga etter drenet skal fjernast ca. 2 veker etter operasjonen. Det vil bli gjort på lokalsjukehuset ditt, eller du kan få fjerna dei hos fastlegen din.
Det er vanleg å få noko smerte/ubehag i skuldrene etter operasjonen. Dette på grunn av stillinga armen ligg i under operasjonen.
Thoraxdren
Under operasjonen blir det lagt inn 1-2 drensrøyr (thoraxdren) som er kopla til eit oppsamlingssystem. Drenets hensikt er å fjerne sårvæske og luft frå brysthola på den opererte sida. Så snart væskemengda og luftlekkasjen minkar og røntgenbildet viser at lunga er fullt utfolda, vil drenet bli fjerna. Dette skjer vanlegvis 2-5 døgn etter operasjonen. Nokre gongar vil det ta lengre tid.
Førebygge lungekomplikasjonar
Som følge av operasjonen vil det ofte samle seg slim i lungene. Det er viktig å hoste opp slimet for å førebygge lungebetennelse, derfor må du gjere puste- og hosteøvingar som fysioterapeuten har vist deg. Det kan hjelpe å sitte oppreist i senga. Rikeleg med drikke er også viktig for å løyse opp slim.
Behov for oksygen
Det er vanleg å trenge litt ekstra oksygen dei første dagane etter operasjonen. Dette vurderast ut frå pustekapasitet og ved oksygenmåling av blodet. Oksygenmåling gjerast med ei klype festa til ein fingertupp.
Blodsirkulasjon
Dersom den eine lunga di er fjerna, vil du i nokre dagar etter operasjonen vere tilkopla hjarteovervaking (scop) som registrerer hjarterytmen din. Dette følger vi med på på vaktrommet. Enkelte kan i periodar få rask, uregelmessig puls som følast som hjartebank. Vanlegvis er dette ein forbigåande tilstand.
Blodtrykk, puls, oksygenopptak og temperatur målast fleire gongar dagleg. Blodprøver vert tatt regelmessig. Litt feber er vanleg dei første dagane
Treig mage
Den første tida har dei fleste problem med treg mage grunna nedsett aktivitet og bruk av medikament. Du vil få eit flytande avføringsmiddel som kan avhjelpe dette problemet. Magen vil begynne å fungere normalt når du kjem tilbake til fysisk aktivitet og faste rutinar. Nedsett matlyst er heilt normalt.
Du får kvalmestillande medisin dersom du har behov for det.
Overflytting til lungeavdelinga, eventuelt heimreise
Når epiduralkateteret og thoraxdrenet er fjerna, vil du vanlegvis bli overført til Lungeavdelinga eller til ditt lokale sjukehus for vidare behandling/oppfølging. I nokre tilfelle reiser ein direkte heim frå Hjarteavdelinga post 4.
Humørsvingingar
Under opphaldet på sjukehuset og dei første månadene heime, kan du oppleve svingingar i humøret. Dette kan gje seg utslag på forskjellige måtar. Nokon føler seg deprimerte. Enkelte gret lett utan spesiell grunn og andre blir lett irriterte. Dette kan også ramme ein til vanleg roleg og avbalansert person.
Refleksjonar
Enkelte gjennomlever ei krise. Sjukdommen, utgreiinga, ventetida, operasjonen og din rekonvalesens påverkar deg både psykisk og fysisk. Kropp og sinn reagerer på det du har gjennomgått og treng tid til å normalisere seg. Du står framfor rekonvalesenstida. I denne perioden bør du arbeide med reaksjonar som oppstår på godt og vondt. Det å arbeide med tankar og opplevingar er viktig. Å snakke med andre, kan vere ei god hjelp.
Å få ein alvorleg diagnose kan gje reaksjonar som sjokk, fortrenging, sinne, skyld og skam. Å føle seg bitter, trøytt og ønske om å isolere seg, er heller ikkje uvanleg. Erfaringar viser at det er godt å få satt ord på følelsane og å vite at slike reaksjonar er heilt normalt. Å vere open med sine nærmaste om sine tankar og følelsar vil gjere det lettare for dei å vere til støtte for deg og at ein i fellesskap kan snakke om sjukdommen. Nokre vil ikkje snakke om sjukdommen sin, mens andre kan ha ønske om å arbeide med tankar og følelsar hos utanforståande ein kan stole på. Forutan personalet på sjukehuset, kan også Den Norske Kreftforeininga vere til hjelp her.
Til deg som er pårørande
Det kan være vanskelig å få heim ein som er relativt nyoperert. Følgande punkt kan vere til hjelp:
- Les denne informasjonen saman.
- Du skal ikkje betrakte den opererte som pasient, men som ein rekonvalesent som treng litt ekstra oppmuntring.
- Den nyopererte må ikkje overbeskyttast. La han/ho få moglegheit til å kjenne kva han/ho toler.
- Dei fleste bør oppmuntrast til å få ein tilnærma normal døgnrytme.
- Hugs at du som pårørande også skal leve som normalt, f.eks. oppretthalde sosiale og yrkesmessige aktivitetar, sjølv om du har ein rekonvalesent i huset.
- Rekonvalesenten toler å vere aleine, og må få lov til å gjere ein del på eiga hand.
- Den opererte bør oppmuntrast til å ta sosial kontakt, men hugs at han/ho lett vil bli trøytt den første tida.
- Turgåing er god opptrening. Du kan hjelpe til ved å oppmuntre til dette. Gå gjerne tur saman. Det er hyggeleg med følge på turen.
Pasientorganisasjoner og tilbod
KreftforeningenKreftforeningen Bergen Landsforeningen for hjerte og lungesyke (LHL)Landsforeningen for hjerte og lungesyke Bergen