LHRH-test – barn og unge
LHRH-test blir brukt i utgreiing av for tidleg pubertet. LHRH er eit hormon som stimulerer produksjonen av hormona som startar puberteten. LHRH-testen undersøker om nivåa dine av desse hormona er normale for alderen din.
Før
Det er ingen førebuingar til testen, du kan ete og drikke som vanleg.
Ta gjerne med lesestoff eller nettbrett, da det blir ein del venting i løpet av undersøkinga.
Under
Du får ein venekanyle i armen eller på handbaken når du kjem. Dette er eit lite plastrøyr som går inn i ei blodåre, som vi bruker både til å ta blodprøver og for å tilføre hormonstoffet. I dei fleste tilfelle er det altså nok med eitt stikk. Om du ønsker det, kan du få bedøvingskrem på huda før venekanylen blir lagd inn.
Det vil først bli tatt ei blodprøve, så tilfører vi LHRH og deretter blir det tatt blodprøver 3 gonger til i løpet av testen. Du må vere på undersøkingsrommet gjennom heile undersøkinga.
Dei fleste opplever ingen biverknader av testen, men nokon kan bli litt uvel ei lita stund.
Undersøkinga er over etter at siste blodprøve er gjennomført. Sjølve testen tar cirka 1,5 time, men du må rekne med å vere på sjukehuset i 2 timar.

Etter
Resultatet av testen er klart etter nokre veker. Legen som tilviste deg til LHRH-testen vil tolke resultatet og forklare deg meir, og informere om vidare oppfølging og tiltak.