Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Legemiddelassistert rehabilitering LAR

Formålet med legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er å bidra til at opioidavhengige skal få auka livskvalitet, og at dei får bistand til å endre livssituasjonen sin gjennom betring av det optimale meistrings- og funksjonsnivået sitt. Formålet er også å redusere skadane av opioidavhengnad og faren for overdosedødsfall.

Før

FØR Får du rett til behandling, blir du kalla inn til ei første samtale for avklaring av behova og ønska dine. Du får også tilbod om ei basisutgreiing. På bakgrunn av dokumentasjonen i tilvisinga, behova og ønska dine og utfallet av basisutgreiinga avgjer legen ved TSB kva behandling du får tilbod om. Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er eitt av fleire behandlingstilbod for opioidavhengnad. Som namnet tilseier, er LAR eit rehabiliteringstilbod støtta av behandling med eit legemiddel – eit opioid.

Under

Du er i LAR frå den dagen ein lege i spesialisthelsetenesta (sjukehuset) har godkjent behandlinga med opioid-legemiddelstøtte, såkalla substitusjonsbehandling. Lege og behandlar vil planlegge behandlingsforløpet saman med deg.

Før oppstart med substitusjonsbehandling gjennomgår vi desse temaa med deg:

  • Du får informasjon om behandlingstilbodet.
  • Vi avklarar saman formålet med behandlinga.
  • Vi avklarar saman kva ressurspersonar som skal vere med i ei ansvarsgruppe.
  • Saman inngår vi avtaler for å sikre ei forsvarleg behandling.
  • Vi avklarar saman kva legemiddel du skal bruke i behandlinga.
  • Saman avklarar vi om oppstart med legemiddelet skal skje i poliklinikk eller i institusjon, og når du skal starte.
  • Vi kartlegg også saman med deg sider ved livet ditt som kan ha betydning for behandlinga, for eksempel fysisk og psykisk helse. 
Etter oppstart med substitusjonsbehandling vil behandlar i LAR legge til rette behandlingsforløpet etter behova og ønska dine.

  • Du får tilbod om terapeutiske samtaler med behandlar i LAR. Temaa i slike samtaler kan vere rusmeistring, risikofaktorar for tilbakefall til rus, kartlegging av psykisk og fysisk helse, sosialfaglege forhold m.m. 
  • Du kan få tilbod om traumeterapi og/eller behandling av angst og depresjon.
  • Vi vil også følge opp den somatiske helsa di (fysisk helse) i samarbeid med fastlegen din.  
  • Det blir etablert ei ansvarsgruppe som består av deg, fastlegen din, behandlaren din i LAR, ein eventuell kontakt i kommunen og/eller andre relevante personar.
  • Vi utarbeider saman ein behandlingsplan for måla dine. 
  • Vi legg til rette for samarbeidsmøte kvar 12. veke eller etter behov. Temaa i slike møte kan vere eigna bustad, aktivitetar i kvardagen, nettverk, økonomi og psykisk og fysisk helse. 
  • Vi evaluerer jamleg verknaden av legemiddelet du får føreskrive, for at du skal ha best mogleg effekt av behandlinga.
  • Legemiddelet (opioidet) i behandlinga er gratis
  • Andre tilbod som er gratis, er hepatitt C-behandling, tannbehandling og langtidsprevensjon for kvinner.
Når du ikkje lenger har behov for behandlar i LAR, kan fastlegen din følge opp opioidbehandlinga. Ansvaret for LAR-behandlinga di ligg likevel hos legen i TSB. Vi ønsker derfor jamlege evalueringsmøte. Oppfølginga av pasientar som fastlegen har i LAR, skal alltid skje i nært samarbeid med spesialisthelsetenesta (sjukehuset).

Avslutte behandlinga

Dersom du ønsker å avslutte behandlinga, skal vi legge til rette for det. Vi frårår derimot å avslutte substitusjonsbehandling med mindre det er god grunn til å tru at du vil klare deg utan opioid. 

Om behandlinga ikkje har effekt på deg, eller om den ikkje lar seg gjennomføre på forsvarleg måte, kan vi vurdere det slik at behandlinga må bli avslutta. 
 
Ei eventuell nedtrapping blir planlagt og gjennomført i samarbeid mellom deg og lege i TSB. Du blir følgt opp med tett rådgiving og støtte under og etter nedtrapping for å redusere risiko for tilbakefall.

Etter

Etter avslutta behandling vil fastlegen din, eller den som har tilvist deg til LAR, bli informert. 
Dersom behovet for behandling kjem tilbake, vil TSB raskt vurdere eit tilbod om ny behandling.



Kontakt

Engenhuset Rusmedisin AFR

Kontakt Rusmedisin AFR
Foto av en bygning

Engenhuset

Håkonsgaten 1

5015 Bergen

Dr. Martens, Sandviken

Hatleveien 7D

Dr. Martens - Bygg 16, Hatleveien 7D, 5038 Bergen

floen

Floen, Manger, Nordhordland

Toskavegen 400

5936 Manger

inngangsparti askøy. foto

Haugane 8, Askøy

Haugane 8

5307 Ask

hvitt hus ved vannet.foto

Møllendalsveien 31

LAR M31 og Årstad, Møllendalsveien 31, 5009 Bergen

Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Østre Murallmenningen 7

Østre Murallmenningen 7

5012 Bergen

Transport

Du kan bruke bussar som går på E39/motorvegen til og frå Åsane.

Dersom du reiser frå Bergen sentrum:
Gå av ved busstoppet Handelshøyskolen. Ta Øyjordsveien ved SPAR Øyjorden. Følg vegen 100 meter. Ta til høgre og følg Hatleveien 500 meter, til enden av vegen.

Dersom du kjem frå Åsane/Bergen Nord:
Gå av ved busstoppet Handelshøyskolen. Bruk gangbrua over motorvegen og følg gangstien til Øyjordsveien. Ta til høgre og følg Hatleveien 500 meter, til enden av vegen.

Besøkande kan få parkeringsbevis i resepsjonen/hovudinngangen.

Det er 2 timer gratis parkering på hverdager mellom kl. 08:00 – 17:00. Videre takst ut over de 2 gratis timene følger Helse Bergen HF-standard.

Betaling med appen Unum: Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Unum-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat.Les meir om betaling og Unum på nettsidene deira

Det er tilrettelagt for lading av bil ved AFR Tertnes.

Prisar for parkering

Kvardager:
Kl. 08-17: Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn (samanhengande parkering).
Kl. 17-21: Kr 10,- per påbegynte 30 minutt.
Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr. 40,- per natt.

Laurdag og søndag: 
kl. 08-21: Kr 15,- per påbegynte 60 minutt. Maks 105,- per dag. 
Kl. 21-08: Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
(samanhengande parkering).

Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar ved hovedinngang til Bjørgvin DPS.

Praktisk informasjon

​Vi har dessverre ingen kantine eller kiosk til besøkande på poliklinikken. Nærmaste butikk er SPAR Øyjorden. 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.