Hjernen sin elektriske aktivitet blir registrert ved hjelp av elektrodar som blir plassert på hovudet si overflate, samtidig som det blir gjort video- og lydopptak. Slik kan ein finna ut kva type anfall det dreier seg om.
LTM kan bidra til å klassifisera epilepsi og epileptiske anfall. I tillegg kan undersøkinga seia noko om anfallshyppigheit og døgnvariasjon. LTM kan også bidra til å avklara om anfalla har ikkje-epileptisk årsak (f.eks. psykogene eller kardiogene anfall).