1. Pasientar med intraokulær tumor som kan vere aktuell for episkleral brachyterapi (uvealt melanom og i enkelte tilfelle også choroidalt hemangiom, metastase eller annan uavklart tumor), skal bli tilvist til den fleirregionale behandlingstenesta ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus i Bergen eller Oslo universitetssykehus, Ullevål.
2. Ved usikker diagnose er det vanlegvis mest hensiktsmessig å tilvise pasienten til poliklinisk undersøking. I tillegg til detaljerte opplysningar om anamnese og kliniske funn (inkludert MOLES-gradering), skal ein legge ved resultata av nye og ev. tidlegare bildeundersøkingar (fundusfotografiar, ultralyd B-scan med opplysningar om tumorhøyde, fluorescein- og ICG-angiografi, etc.). Tilvisinga må også innehalde oppdatert kontaktinformasjon med pasienten sitt telefonnummer.
3. Ved klinisk mistanke om uvealt melanom kan ein også ta direkte kontakt med ein av dei behandlingsansvarlege legane ved avdelinga, for å diskutere behovet for ytterlegare utgreiing og hastegrad for innlegging.
Dersom det er praktisk mogleg bør pasienten først greiast ut på heimstaden med MR orbita/cerebrum, CT thorax/abdomen/bekken, samt vanleg blodstatus inkl. leverfunksjonsprøver. Ved tidlegare cancersjukdom eller høg risiko for cancersjukdom i form av hereditet, kliniske symptom etc., bør det bli tatt supplerande blodprøver med tumormarkørane CAE, CA125, alfa-føtoprotein og PSA (hos menn).
Svara på alle desse undersøkingane skal pasienten ta med seg ved innlegginga eller dei må bli ettersend snarast mogleg. Det same gjeld ev. bildeundersøkingar av auget (fundusfotografiar, ultralyd B-scan, fluorescein- og ICG-angiografi, etc.).
4. I særlege tilfelle kan pasienten også innleggast som øyeblikkeleg hjelp. Dette kan f.eks. gjelde i situasjonar der det er ein stor intraokulær tumor, eit klinisk sikkert uvealt melanom eller dersom tumor har ført til trykkstigning og/eller smerter.
Ein bør då avklare dette med ein av dei behandlingsansvarlege legane ved avdelinga og sørge for at pasienten får med seg eit adekvat tilvisingsskriv.
Kvalitetsverktøy
- Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for diagnostikk, behandling og oppfølging av maligne melanomer. IS-2723, 2018, Nasjonal retningslinje.
- Krohn J, Eide N, Tranheim R, Bærland T. Nasjonal kvalitetshåndbok for oftalmologi, Intraokulære svulster, s.118-123 (rev. 2015), 2010, Nasjonal retningslinje.
- Krohn J, Eide N. Uvealt malignt melanom. Norsk Melanom Gruppe, Veileder, kapittel 16, s. 40-42, http://www.onkologiskforum.org, 2007, Nasjonal retningslinje.
- Kvalitetsregistre ved Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssykehus der kliniske opplysningar og behandlings- og resultatvariablar registrerast.