Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Topikal kortisonbehandling

Kortisonbehandling på hud

Kortikosteroidene har ein betennelsesdempande verknad og hemmar celledelinga. Samtidig verkar dei på blodkara ytst i huda slik at dei trekkjer seg saman. Utslettet blir dermed mindre raudt og hissig.

Om preparata

Kortikosteroider er ei gruppe hormon som blir laga i binyrene hos alle menneske. Kortikosteroider kan også framstillast kunstig til bruk i krem, salve, lotion, gel, liniment eller oppløysing, dei blir ofte kalla kortisonpreparat eller steroid. Preparata blir inndelte i grupper avhengig av effekt, frå svak gruppe 1, til sterk gruppe 4.

Før

Fuktkrem er ofte nødvendig å bruke fleire gonger dagleg under behandlinga, men skal ikkje brukast omgåande før eller etter kortisonbehandlinga.

Under

Kor mykje?

Frå krem eller salvetuben: Klem éi stripe frå tuben ut på det ytste leddet til peikefingeren. Denne mengda er stor nok til å kunne dekkje 10 cm2 hud. Dette blir kalla «Fingertuppeining».

Korleis?

  • Smør salve/krem/liniment/oppløysing i eit tynt lag direkte på utslettet og massér inn.
  • Bruk plasthanskar når du smør. Vask hendene etter at du har smurt på, sjølv om du har brukt hanskar.
  • Kortisonpreparat bør ikkje komme i opne sår, då dette hindrar helinga av såret.
  • Bruk aldri gruppe 3– eller 4–preparat i ansiktet dersom legen din  ikkjespesielt har forordna det.

Behandlingsfase

Behandlinga skal ofte utførast 1–2 gonger dagleg. Følg råda frå legen for kor ofte du skal smørje deg. Er du ikkje betre etter 1–2 veker, bør du igjen kontakte legen din.

Nedtrappingsfase

Etter at betring er oppnådd, skal behandlinga reduserast anten ved å gå over til eit svakare medikament, eller ved færre smørjingar dagleg.

Fuktkrem er ofte nødvendig å bruke fleire gonger dagleg, men skal ikkje brukast omgåande før og etter kortisonbehandlinga. Kjenn etter at kortisonkremane er trekte godt inn i huda (cirka 30 minutt) før du smør på fuktkrem.

 

Oversikt over grupper av kortikosteroider:
Gruppe 1
(svake)
Gruppe 2
(middels)
Gruppe 3
(sterke)
Gruppe 4
(svært sterke)
  • Hydrokortison
  • Mildison
  • Terra Cortril*
  • Locoid
  • Apolar 
  • Betnovat
  • Elocon***
  • Synalar
  • Synalar m/Chinoform*
  • Diprosalic**
  • Ovixan***
  • Dermovat

*Tilsett antibakterielt middel
**Tilsett flassløysande middel
***Smør på kun 1 gang dagleg

Etter

Biverknader er sjeldan noko problem når preparata blir brukte i periodar, med kortisonfrie intervall. Det er viktig å følgje forordninga til legen nøye når det gjeld kor ofte preparatet skal påførast og kor lenge behandlinga skal vare.

Biverknadar som kan oppstå ved langvarig bruk av sterk kortikosteroid er:

  • tynn hud
  • auka hårvekst
  • pigmentforandringar
  • hudinfeksjonar kan maskerast
  • langvarig bruk av sterkt kortison på heile hudoverflata i lengre periodar kan undertrykkje kroppen sin eigen produksjon av kortison

Ver merksam

Kortisonkremen skal ikkje komme i opne sår eller på slimhinner, auge og munn.

Vask alltid hendene etter smørjing, sjølv når du har brukt hanskar.

Kontakt

Hudbygget Hudavdelinga

Kontakt Hudavdelinga

Oppmøtestad

Hudbygget på Haukelandsområdet, Jonas Lies vei 73

Hudbygget

Jonas Lies vei 73

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida pasientreisar.no​ for meir informasjon eller ring 05515.

Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.