Korsbåndsoperasjon, fremre (ACL-ruptur)
Fremre korsband er eit leddband som er viktig for å kontrollere rørsla til kneet og hindre at leggen glir framover i forhold til lårbeinet. I tillegg har det ei viktig rolle i å kontrollere rotasjonen i kneet.
Korsbandskade er ein vanleg skade i den aktive befolkninga.
Diagnosen blir stilt gjennom ei grundig klinisk undersøking hos knespesialist. MR er ikkje nødvendig for å stille diagnosen, men kan vere nyttig i kartlegging av assosierte skadar i kneet (skadar i menisken, andre skadar i leddband og brusk). Saman med ortopedkirurgen vil ein då bli samde om den rette behandlinga.
Tilvising og vurdering
Når du er tilvist på grunn av ein skade i fremre korsband i kneet, vil du bli kalla inn til undersøking hos knespesialist.
Det er viktig at du har shorts på ved undersøkinga. Diagnosen blir stilt gjennom grundige kliniske testar. Nokre stader må du fylle ut spørjeskjema som graderer knefunksjonen din.
Før
Rørsla i kneet må vere normal før vi kan operere. Hevelsen bør også ha gått tilbake. Det er også viktig at styrken i beinet er minst 80 prosent av det friske beinet. Dei fleste pasientar vil ha nytte av 6 veker til 3 månadar med strukturerte trening hos fysioterapeut før operasjonen. Om du har skadar av menisk eller brusk som skal reparerast, vil det kunne bety at operasjonen blir gjord raskare etter skaden.
Dersom instabiliteten i kneet er beskjeden, vil dei fleste kunne klare seg utan operasjon, føresett at ein følgjer rett treningsopplegg og får fysioterapi.
Under
Operasjonen skjer i narkose. I tillegg er det vanleg at du får bedøvd nokre av nervane i låret for å gi betre smertestillande effekt etter operasjonen.
Vi startar med å gjere ei kikholsundersøking for å sikre oss at korsbandet verkeleg er avrive. Samtidig behandlar vi skadar i menisk og brusk. Vi fjernar så restane av det øydelagde korsbandet. Sena eller senene som skal brukast til det nye korsbandet, blir teken ut.
Ved bruk av sikteapparat og røntgenbilete finn vi den rette plasseringa av korsbandet, og borar så kanalar i leggbeinet og lårbeinet. Det nye korsbandet blir drege inn i desse kanalane, og festa.
Dei to vanlegaste val av sener til nytt fremre korsband i Noreg er kneskjel-sene eller «hamstring»-sener. Valet er avhengig av alder, kva slags idrett du driv med og kva slags arbeid du har. I nokre tilfelle vil vi også bruke strekkesena til låret eller donorsener.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarEtter
Du reiser heim same kveld eller dagen etter operasjonen. Du vil få resept på smertestillande når du reiser frå sjukehuset.
Du skal starte hos fysioterapeut 10-14 dagar etter operasjonen. Før dette skal du gjere øvingar heime, som du får utdelt på sjukehuset.
Kontrollar
Du vil få individuell kontroll hos fysioterapeut/og eller lege i løpet av det neste året.
Dersom du har ein stillesitjande jobb kan du vere tilbake på jobb etter cirka 4 veker. Har du ein meir fysisk jobb er det mogleg at du må vere sjukmeld opp til 3 månadar etter operasjonen, eventuelt få lettare oppgåver på jobb i denne perioden.
Opptreninga
Du tek det med ro heime og ligg mykje med beinet høgt og strekt dei to første vekene. Du skal drive med eigne øvingar.
Etter 9 månader og i samråd med fysioterapeut, kan du byrje idrettsspesifikk trening med vendingar og hopp.
Vi tilrår at du ventar i 12 månader før du går tilbake til vridingsidrett som fotball, handball og basketball.
Ver merksam
Infeksjon i såret og blodpropp er sjeldne komplikasjonar etter operasjon i korsbandet. Du vil under operasjonen få førebyggjande medisin mot dette.
Ta kontakt med sjukehuset dersom du opplever følgjande symptom:
- feber
- frostanfall
- at såra blir raude eller at det kjem puss frå dei
- at du får brystsmerter eller at du blir kortpusta