Lungeavdelinga

Kols

Kronisk obstruktiv lungesykdom (kols) er en samlebetegnelse for kronisk bronkitt og emfysem. Sykdommen fører til hindret luftstrøm gjennom luftveiene og nedsatt elastisitet i lungevevet. Sykdommen kan forebygges og tidlig igangsatt behandling kan bremse utvikling. Kols er et folkehelseproblem, og forekomsten er økende både i Norge og i resten av verden.

Informasjon fra helsenorge.no

Les mer om Kols - kronisk obstruktiv lungesykdom

Kols - kronisk obstruktiv lungesykdom

Kols skyldes vanligvis langvarig røyking, ved at slimhinnene i luftveiene blir betente over lang tid. Det kan føre til langvarig hoste, tung pust ved anstrengelser, og slim fra lungene med oppspytt.

I løpet av det siste tiåret har kolssykdommen blitt kjent i allmennheten og fått et mye større fokus. Sykdommen kols har tre elementer:

  • innsnevring av luftveiene​
  • færre luftblærer (emfysem)
  • økt mengde slim (bronkitt)

​Ved emfysem er lungeblærene skadet og redusert i antall. Dette reduserer evnen til å ta opp oksygen.

Les mer om Kols - kronisk obstruktiv lungesykdom (helsenorge.no)

Innledning

Behandlingsforløpet skal sikre god kvalitet og lik praksis på utredning, diagnostisering, behandling og oppfølging hos deg med kols.

Henvisning og vurdering

Det er fastlegen som henviser til utredning. Henvisningen vurderes av overlege ved Lungemedisinsk avdeling. Når henvisningen er vurdert, får du innkalling til utredning.  Alvorlighetsgrad  av dine plager er avgjørende for når du får legetime.

Utredning

Diagnosen kols stilles ut i fra sykehistorie, symptomer og resultater av legeundersøkelser.

Diagnose kan bekreftes med følgende undersøkelser:

Les meir om Blodprøve

Blodprøve

Ei blodprøve er ei undersøking av blodet for å kartlegge normale og sjukelege forhold i kroppen. Blodprøva kan og brukast for å påvise legemiddel eller giftstoff.

Å ta blodprøve, er å tappe ei lita mengde blod for å undersøke eventuelle endringar i innhaldet til blodet. Ved dei fleste sjukdommar vil blodet, som strøymer gjennom alle organ og vev i kroppen, vise ei rekke endringar. Dette gjeld tal blodceller, utsjånad og/eller konsentrasjonen av ulike biokjemiske stoff. Med ein enkel analyse kan vi få ein «spegel» av kva som skjer inne i kroppen.

  1. Før

    Førebuingar heime

    Enkelte analysar vert direkte påverka av måltid og/eller kosthald. Det er difor viktig at du følgjer retningslinene frå den som har bestilt (rekvirert) blodprøva. Eventuelle spørsmål om faste eller diett kan rettast til tilvisande lege.

    Barn kan ofte synest at det høyrest vondt og skummelt ut å ta blodprøve. Bioingeniørane på laboratoriet vil gjere det dei kan for at prøvetakinga ikkje skal bli ei negativ oppleving. For at det ikkje skal vere vondt å ta prøve, kan føresette kjøpe bedøvingsplaster eller krem på apoteket på førehand.Plasteret/kremen heiter EMLA. Den må settast på minimum 1 time før og fjernast 10 minutt før prøvetakinga.

    Førebuing på sjukehuset

    Avdelinga sin prøvetakingspoliklinikk tar i mot pasientar frå sjukehuset sine poliklinikkar og sengepostar til prøvetaking i opningstidene. Prøvetaking på pasientar utanom sjukehuset skjer først og fremst hos fastlegen, men vi kan ta imot desse pasientane om prøvetakinga byr på spesielle problem. Du må ta med deg rekvisisjon frå lege dersom dette ikkje er sendt laboratoriet tidlegare. Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking hos våre prøvetakingspoliklinikkar, og du betalar heller ikkje eigendel.

    Ofte stilte spørsmål
    Korleis skal eg førebu meg?

    Analyseresultatet blir påverka av ei rekkje forhold, følg derfor instruksane om faste, diett eller fysisk aktivitet som lege/sjukepleiar gir i forkant av blodprøvetakinga.

    Kvifor skal eg sitje i 15 minutt før prøvetaking?

    Kroppsstillinga påverkar blodvolumet i kroppen. Det er ein fordel at du sit i 15 minutt før blodprøvetakinga, slik at blodvolumet blir stabilisert.

    Kva vil det seie å vere fastande?

    Å faste vil seie at du ikkje skal ete eller drikke dei siste åtte til tolv timane før blodprøvetakinga.

    Kan eg ta medisinar før blodprøvetakinga?

    Dersom du ikkje har fått andre instruksjonar, kan du ta medisinar som vanleg. Ved terapikontroll av medikament blir blodprøven vanlegvis teken rett før neste dose, men det finst unntak. Legen vil informere om det.

    Kan eg trene før blodprøvetakinga?

    Du bør unngå fysisk aktivitet utover vanleg gange før prøvetakinga, like eins hard trening og hardt kroppsarbeid i dagane før prøvetakinga.

    Tidspunkt for blodprøvetaking?

    Nokre komponentar i blodet varierer i løpet av døgnet. Følg retningslinjene du får frå legen. Dersom du har spørsmål om prøvetakingstidspunktet, kontaktar du rekvirerande lege.

    Skal eg ta med rekvisisjon?

    Dersom du har fått rekvisisjon(ar) frå legen/avdelinga, må du ta dei med til Poliklinikk for blodprøvetaking. Alle pasientar som kjem frå primærhelsetenesta, må ha med utfylt rekvisisjon frå lege.

    Gjer det vondt?

    I dei fleste tilfelle er blodprøvetaking uproblematisk og lite smertefullt. Enkelte kan likevel føle det ubehageleg og bli uvel under blodprøvetakinga. Gi beskjed til prøvetakaren dersom det gjeld deg, slik at forholda kan leggjast til rette for ei god prøvetaking. Lokalbedøving kan nyttast til venepunksjon, men må smørjast på huda éin til to timar før blodprøvetakinga.

    Korleis går blodprøvetakinga for seg?

    Prøvetakaren spør om pasientens fulle namn og fødselsdato/fødselsnummer. Blodprøven blir vanlegvis teken i armen, og det er en fordel å ha klede som er lette å rulle opp på overarmen. Prøvetakaren strammar eit band rundt overarmen for å få fram tydelege blodårer, deretter blir kanylen ført inn i blodåra. Det blir brukt sterilt eingongsutstyr ved blodprøvetaking. Prøvetakingsrøyret blir automatisk fylt med blod når kanylen er godt plassert i blodåra. Vanlegvis blir det tappa éin til fem prøvetakingsrøyr med blod, avhengig av kor mange analysar legen har bestilt.

    Korleis går blodprøvetakinga på barn for seg?

    Det er alltid ein fordel at barnet er førebudd. Prøvetakinga kan skje ved stikk i armen (venepunksjon) eller som eit stikk i fingeren/hælen (kapillær prøvetaking). Prøvetakaren avgjer kva måte som er best for barnet ditt. Snakk gjerne med legen til barnet eller laboratoriepersonalet om eventuell bedøving av huda før venøs blodprøvetaking. Det finst smertestillande krem eller plaster som kan smørjast på huda. Kremen skal smørjast inn éin til to timar før prøvetakinga.

    Kor lang tid tek det å ta ein blodprøve?

    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt. Det er tilrådd å sitje i ro i om lag 15 minutt før prøvetakinga. Glukosebelastingar og andre belastingsprøvar må avtalast på førehand og går for seg i løpet av eit par timar ved at det blir teke fleire blodprøvar i løpet av denne tida.

    Når får eg analyseresultatet?

    Analyseresultatet blir rapportert til rekvirerande lege eller avdeling. Dersom du er innlagd på sjukehuset eller tilknytt ein av poliklinikkane til sjukehuset, vil analyseresultata vere tilgjengelege elektronisk like etter analyseringa. Dei fleste analyseresultata blir ferdige same dagen, mens nokre analyseresultat tek lengre tid.

    Laboratoriet kan ikkje oppgi analyseresultatet til pasienten. Det er legen som informerer om analyseresultata. Det er berre dei komponentane som legen har bestilt, som blir analyserte.

    Skal eg betale eigendel?

    Det er ingen eigendel ved blodprøvetaking.

  2. Under

    Gjennomføring

    Den som skal ta prøva spør om namn og 11-sifra fødsel-/personnummer for å sikre riktig identitet ved merking av prøvene. Prøvetakar har god trening i å ta blodprøver og skal sørgje for at prøvene vert tatt på ein skånsam, effektiv og korrekt måte. Når ei blodprøve skal takast i ei vene, stikk ein nåla inn i ei blodåre som ligg rett under huda di, ofte på innsida av olbogen. For at blodåra skal vere lett å treffe, strammar prøvetakar eit band på overarma, slikblir blodåra ståande litt utspent og er lettare å sjå. Venene påinnsida av olbogen eignar seg godt til blodprøve; dei er passe store og ligg nær hudoverflata. Vener på handryggen ogpå føtenekan og nyttast, men hos pasientar med dårleg sirkulasjon og hos pasientar med diabetes unngår ein å ta blodprøve på føtene. Blod vert tappa i vakuumrøyr som trekk ut det blodet ein treng, ofte i fleire røyr. Toppene på røyra har ulike fargar. Kvar farge viser kva slags stoff røret er tilsett for å hindre at blodet koagulerer. Til vanleg tapper vi 1-5 røyr med blod, alt etter kor mange analyser legen din vil at vi skal gjere. I dei fleste tilfelle er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan vere litt ubehageleg når ein stikk gjennom huda, men det går fort over. Enkelte pasientar kan bli uvel under prøvetakinga. Dersom du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier frå til den som skal ta prøva. Lokalbedøvande krem, EMLAkan brukast til barn eller andre som er svært engstelege. Denne bør i så fall smørast på huda 1-2 timar før prøvetakinga (kremen fungerer ikkje ved finger-/hælstikk). Kremen skal fjernast cirka 10 minutt før prøvetakinga.Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt. Blodprøva vert som regel tatt i sittande stilling, og dersom det er mogleg, bør du ha vore i ro minst 15 minutt på førehand. På denne måten unngår ein at konsentrasjonen av stor-molekylære bindingar varierer som følgje av variasjonen i blod-volum. Etter at blodprøva er tatt må ein trykke litt på staden der stikket er med ein bomullsdott, slik at det ikkje oppstår blødingar. Enkelte gonger tek ein blodprøva frå ein blodarterie, som oftast på handleddet. Etter slik prøvetaking er det svært viktig å klemme hardt og lenge på stikkstaden for å hindre blødingar.

  3. Etter

    Resultat av undersøkinga

    Resultat på blodprøvene vil bli rapportert til lege/avdeling. Det er ulikt kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Dersom du er innlagd på sjukehuset eller går poliklinisk til lege på sjukehuset, vil prøvesvara vere elektronisk tilgjengeleg like etter analysen er utført. Nokre prøvesvar vil vere ferdig etter nokre minutt, andre etter få timar, seinare same dag eller neste dag. Enkelte prøvesvar kan det ta dagar før svaret føreligg. Det er legen som informerer om prøvesvar. Laboratoriet har diverre vanlegvis ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.

Gå til Blodprøve

Avdeling
Poliklinikk for prøvetaking
Besøksadresse
Gamle hovedbygg
Kvinneklinikken
Kysthospitalet i Hagevik
Laboratoriebygget
Marie Joys' hus
Parkbygget
Sentralblokka
Voss sjukehus
Zander Kaaes gate 7
Oppmøte
Opningstider i poliklinikker for blodprøvetaking:Midlertidig blodprøvetakingsstasjon for barn og vaksne med luftvegssymptomUlriksdal helsepark, Timebestilling på 55973100

 

Zander Kaaes gate 7:     Måndag og torsdag: kl. 07.30-16.00Andre kvardagar: kl. 07.30-14.00Sentralblokka, 2.etasje: mån-fre kl. 07.30-14.45Kreft poliklinikk, 2.etasje Parkbygget: mån-fre kl. 07.45-15.00Barne- og ungdomsklinikken (BUK), underetasje, Marie Joys hus: mån-fre kl. 08.00-15.00Kvinneklinikken, underetasjen: mån-fre kl. 08.00-15.30Nevro/revmalab, 2.etasje Gamle hovudbygg: mån-fre kl. 07.45-14.30Medisinsk genetisk poliklinikk, 2.etasje Laboratoriebygget: mån-fre kl. 08.30-15.30Kysthospitalet i Hagevik, 2. etasje: mån-fre kl. 09.00-14.00Voss sjukehus, Laboratoriet, 3. etasje: mån-fre kl. 08.00-14.30

 

Les meir om EKG

EKG

EKG er ein metode som vert brukt for å registrere den elektriske aktiviteten i hjartet. Det er særleg dei elektriske impulsane som vert fanga opp når hjartemuskelen trekk seg saman.

Ved hjelp av EKG kan vislå fastom hjartet slår regelmessig, om det erujamn rytme eller om det er ekstraslag.

Hastigheita ogbredding av dei elektriske impulsane seier også noko om skade av hjartemuskelen og tjukkelse eller størrelse av hjartet.

EKG er ein viktig del isamband med utgreiing og kontroll av alle slags hjartelidingar.

  1. Før

    Det er viktig at huden er ren og tørr der ekg-elektrodene skal festes til huden. Unngå derfor å smøre deg inn med fuktighetskrem den dagen du skal til undersøkelse på hjerteavdelingen. Utover dette kreves det ingen spesielle forberedelser før EKG.

  2. Under

    Under EKG-takingaliggdu på eiundersøkingsbenk/i seng, og du må ta av deg klærne på overkroppen.

    Vi fester klistrelappar med leidninger på huda, einpå kvar arm og kvar fot, samt seks ledningar på brystet. Ved behov vert huden barberti det området klisterlappane skal festast.Så fester viledningane til EKG-apparatet som registrerer dei elektriske impulsane i hjartet ditt.

    Sjølveundersøkingatar ca 5 minuttog er heilt smertefri. Du merker ikkje at registreringaskjer, ogresultatet blir best om du ligg stille.

  3. Etter

Ver merksam

Det er ingen risiko knytt til EKG.

Gå til EKG

Avdeling
Hjarteavdelinga
Les meir om Røntgen av lungene

Røntgen av lungene

Røntgen thorax viser bilete av lungene, hjartet, ribbein, hovudpulsåra og midtre del av brystet (mediastinum).

Røntgen thorax er den røntgenundersøkinga som vert utført oftast.

  1. Før

    Undersøkinga krev inga førebuing.

  2. Under

    Før undersøkinga blir ein bedt om å kle av seg på overkroppen og fjerne smykke. Du må ta av deg BH-en, men kan eventuelt ha på ei tettsittande trøye. Dersom du har langt hår må det settast opp/samlast på hovudet. Som regel vert det tatt to bilete, fortrinnsvis ståande. Du blir bedt om å puste djupt og halde pusten innemedan bilete blir tatt. Ein må stå heilt stille. Enkelte problemstillingar gjer det nødvendigå ta tilleggsbilete.

    Undersøkinga tek nokre minutt og er heilt smertefri.

  3. Etter

    Undersøkinga krev inga spesiell oppfølging.

    Resultat av undersøkinga.

    Bileta vert granska av ein røntgenlege som lager einrapport om kva bileta viser.Innan ei veke blir rapportensendt tillegen somtilviste deg.

Gå til Røntgen av lungene

Les meir om Arteriell blodgass

Arteriell blodgass

Arteriell blodgass er ei blodprøve som fortel mykje om funksjonen i lungene dine og som viser balansen mellom oksygen og kulldioksid i blodet ditt.

Vanlegvisblir det tatt blodprøver frå ei vene, så denne blodprøva er litt spesiell då vi må ta blod fra ei arterie (pulsåre). Oftast tek vi blodprøva frå pulsåra som ligg i handleddet.

  1. Før

    Blodprøve av arteriell blodgass treng inga førebuing.

  2. Under

    For at legen skal treffe pulsåra di med nåla, kjennerlegen med to fingrar på undersida av handleddet ditt for å finne pulsslaga.Nåla stikkasi pulsåra og sprøyta fyllast med blod. Når ønska mengde blod er fylt opp, fjernar vinåla og du får eit kompressjonsplaster på stikkstaden.

  3. Etter

    Etter behandlinga blir det sett på eit kompressjonsplaster over stikkstaden. Dette er for at det skal slutte å blø.

    I enkelte tilfelle er det behov for at lege/sjukepleiar komprimerer over ei tid (dei trykker ein bandasje inn mot innstikkstaden). Dette gjeld spesielt personar som går på blodfortynnande medisinar.

Gå til Arteriell blodgass

Oppmøte
Utføres dette mange steder, eller kan vi sette opp kontaktinfo?
Les meir om Gangtest

Behandling

Kols trenger livslang oppfølging og behandling. Målene med behandling er å lindre plager (symptomer), bremse utviklingen av sykdommen og forebygge akutte forverringer. 

Ved stabil kols følges du opp av fastlegen din 1 - 2 ganger pr. år, avhengig av alvorlighetsgrad. Du vil få medikamentell behandling bestående av luftveisutvidende- og betennelsesdempende medisiner.

Pasienter med kols opplever av og til forbigående forverring (exacerbasjon). En forverring er en økning av tungpusthet, hoste og oppspytt, med eller uten farge, og/eller andre øvre og nedre luftveissymptomer. Behandling må da startes straks. De fleste pasienter kan få behandling under oppfølgelse av sin fastlege.  Ved alvorlig akutt kolsforverrelse kan sykehusinnleggelse være nødvendig.

  • Medikamentell behandling består som regel av medisiner som virker avslappende på musklene i luftveiene, betennelsesdempende medisiner (steroider) og antibiotika ved infeksjon.
  • Surstoff/oksygen behandling og/eller pustestøtte kan gis ved tegn på lungesvikt.

Oppfølging

Pasienter som har vært innlagt på sykehuset på grunn av kolsforverring, bør få kontroll hos fastlege innen 2 - 4 uker etter utskrivelse. Ved stabil kols følges pasienten opp av sin fastlege en til to ganger pr. år, avhengig av alvorlighetsgrad. Noen av pasientene følges opp av lege ved poliklinikk eller privat spesialist.

Lungerehabilitering kan også være aktuellt for enkelte. Lungerehabilitering omfatter trening, opplæring til egenmestring av sykdom og rådgivning. Flere yrkesgrupper er involvert, som feks. lege, sykepleier, fysioterapeut, ergoterapeut mm. Det blir laget et program tilpasset hver enkelt deltaker/pasient. Både fastlege og lungespesialist kan henvise til lungerehabilitering, forutsatt at pasienten er utredet og optimalt behandlet med medisiner.

fastlege eller annen helsetjeneste overtar som primærkontakt

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derforblant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset i koronaperioden

Under smittesituasjonen med koronaviruset har vi avgrensa talet på besøkande til sjukehuset. 

 

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Servicetilbod i nærområdet til Haukeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06:30 - 23:00
Laurdag: kl. 09:00 - 23:0019

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta imot besøk også utanom visittida. Viss pasienten deler rom med nokon, er det av omsyn til den/dei andre fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtaler besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.
Det er hyggeleg med blomar, men på grunn av liten plass, allergiar, nyopererte pasientar og liknande er det ønskeleg at dette vert begrensa. Det kan jo vere vel så kjekt å få ein blom etter at ein har komme heim.

Relaterte artiklar

Fann du det du leita etter?