Det er svært viktig at du les nøye det som står om førebuingar i innkallingsbrevet! Der står det også kva tarmtømmingsmiddel du skal bruke.
Tarmtømminga er heilt avgjerande for resultatet
Føresetnaden for ei vellykka tarmundersøking er at tarmen er heilt rein, det vil seie at avføringa er vasstynn og har tilnærma klar/lys farge.
I innkallingsbrevet står det kva tarmtømmingsmiddel du skal bruke (eksempelvis Picoprep, Plenvu, Citrafleet med fleire).
Dersom du har tendens til forstopping, kan det vere behov for ekstra tarmtømming i forkant.
Bruk av viktige medisinar om morgonen
Dersom du bruker du viktige medisinar om morgonen, for eksempel hjarte- eller lungemedisin, skal du ta desse saman med vatn slik du pleier å gjere.
Har du diabetes, skal du ikkje ta morgonmedisin, insulin eller diabetestablettar.
Blodfortynnande medisinar
Du skal som oftast slutte med blodfortynnande medisinar frå 2–7 dagar før undersøkinga. Kor mange dagar, avheng av kva medisinar du bruker. Dersom dette ikkje står klart i innkallingsbrevet du har fått, ta kontakt med fastlegen din eller sjukehuset i god tid.
Om du bruker Albyl-E, treng du ikkje å slutte med dette før undersøkinga.
Pasientar med mekanisk hjarteklaff eller nyleg koronarstent, skal ikkje slutte med blodfortynnande medisinar.
