Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Klinisk nevrologisk undersøkelse
Ei klinisk nevrologisk undersøking er ei rekke testar som blir gjort for å finne ut om det er svikt i korleis nervesystemet verkar.
Tilvising og vurdering
Du kan bli tilvist denne undersøkinga frå fastlege eller frå legar på sjukehuset.
Før
Tenk gjennom di eiga sjukehistorie og kva symptom du har, før du kjem til undersøkinga.
Tenk gjennom di eiga sjukehistorie og kva symptom du har, før du kjem til undersøkinga.
Under
Nevrologen vil gjere fleire testar som kan gi svar på om du har ein nevrologisk skade eller sjukdom. Heile undersøkinga varer som regel circa 10–15 minutt.
Legen tester om du ser tydeleg, bevegelsane til auget, om du har dobbeltsyn og sjekke synsfeltet. Du får også testa lukt, smak, høyrsel, følsemda og bevegelegheita til ansiktet, og bevegelegheita i tunga, og om du snakkar utydeleg. Legen vurderer også skulderbevegelsar og hovuddreiing.
Legen brukar ein reflekshammar til å slå tre stader på armen din, og to stader på foten for å sjekke refleksane dine. Han eller ho vil også stryke deg under foten. Viss stortåa di går opp kan det for eksempel vere eit teikn på ein skade i sentralnervesystemet.
Viss det er forskjell mellom refleksane dine på venstre og høgre side av kroppen, kan det vere teikn på sjukdom.
Under følsemdsundersøkinga testar legen kor følsom du er for berøring, stikk, temperatur og vibrasjon. Det kan for eksempel hende at du synst berøring er smertefullt, eller at du ikkje kjenner berøring på normal måte. Testen viser også om du klarer å skilje varmt frå kaldt, og om temperatursansen din er svekka.
Denne delen av undersøkinga avdekker også om du har ulik følsemd på høgre eller venstre side av kroppen.
Legen ber deg om å lukke auga, peike på di eiga nase og føre hælen din over kneet på motsett side av kroppen. Du blir også bedt om å løfte armane mens du står med auga lukka, og å gå på tå og hæl. Balansetesten kan gje svar på om det er problem med veslehjernen.
Nevrologen vil teste kor mykje kraft du klarer å legge i bevegelsane dine, og kan be deg skuve han eller henne vekk. Det kan til og med hende at du blir bedt om å bryte handbak med legen for å avdekke om det er forskjell på styrken du har på høgre og venstre side av kroppen.
Legen beveger armane og beina dine (du skal ikkje hjelpe til) for å sjekke om du har stive musklar eller om musklane har motstand mot bevegelsane.

Etter
Resultata av den kliniske undersøkinga kan gjere at du må gjennom meir utgreiing og behandling, eller tyde på at det ikkje er noko galt likevel. Undersøkinga blir ofte kombinert med CT-undersøking eller MR-undersøking eller andre nevrologiske testar.

Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.