Undersøkingar
Ved første besøk i poliklinikken utfører ein oralkirurg undersøking av kjeven, ledd og kjevemusklar. Det blir tatt eit digitalt panoramarøntgen av tenner og begge kjeveledd. Behandlinga kan vere samansett.
- Ved behov kan ein sette bedøving i leddet, både for smertelindring og diagnostikk.
- Ofte er kjevemusklane svært ømme og treng ei avlasting. Ei bittskinne kan framstillast hos eigen tannlege, og må brukast regelmessig i eit par månadar før kjevemusklane roar seg.
- Du må gjere trenings- og avspenningsøvingar fleire gonger for dagen over ei viss tid for å hjelpe mot stram og øm muskulatur. Du får utlevert eit skriv med eigne øvingar som du kan utføre heime.
- Tilvising til MRI-undersøking (magnetisk resonans imaging) eller CT-undersøking (computer tomografi) av kjeveledd blir rekvirert ved indikasjon. Du vil bli kalt inn til ny time i poliklinikk når svaret på undersøkingane er klare.
- Ved vedvarande problem med kjevesperre og smerter, og på bakgrunn av tidlegare undersøking og funn i MR eller CT, kan det bli aktuelt å planlegge operasjon.
Førebuingar til operasjon
Du må møte fastande til operasjon. Det betyr at du ikkje kan ete, drikke, snuse eller røykje frå kl. 24.00 dagen før operasjonen. Ikkje ta på deg øyrepynt, sminke eller feite ansiktskremar.
Kirurgen vil informere deg om inngrepet, og det blir gitt smertestillande- og beroligande legemiddel.
På operasjonsstova vil ein bruke litt tid på førebuingar. Det kan vere nødvendig å barbere vekk litt hår rundt øyret. Øyret og delar av ansiktet og halsen blir vaska med desinfiserande middel. Til slutt blir du dekka til med ein steril dekning.