Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Cancer mammae

Kirurgisk behandling av brystkreft

Operasjon for brystkreft inneber enten brystbevarande operasjon eller fjerning av brystet. Det kan også vere ein operasjon i armhola med fjerning av ein vaktpostlymfeknute (sentinel node) eller fjerning av lymfekjertlar i armhola (aksilledisseksjon). Hos nokre pasientar kan det vere aktuelt med rekonstruksjon ved fjerning av bryst. Desse inngrepa blir som regel utførte i samarbeid med plastikkirurg.

Det er fleire aktuelle operasjonsmetodar ved brystkreft. Legen vil hjelpe deg med råd og rettleiing, og du vil få behandling tilpassa din type kreft. Dei fleste brystkreftoperasjonar skjer dagkirurgisk.

Ved brystbevarande operasjon fjernar legen berre sjølve svulsten og voven rundt.

Det er svulstens type, størrelse, utbreiing og plassering som avgjer om du får brystbevarande operasjon. Størrelsen på brysta har også betydning.

For at ein brystbevarande operasjon skal vere like trygg som å fjerne heile brystet, blir strålebehandling anbefalt mot brystet for å hindre tilbakefall.

Denne operasjonsmetoden fjernar heile brystet. Muskulatur under brystet blir ikkje fjerna.

I somme tilfelle blir det innlagt eit dren for å drenere blod og sårvæske. Drenet blir fjerna 1–2 døgn etter operasjonen.

For nokre pasientar kan det vere aktuelt å operere inn ein silikonprotese som erstatning for det brystet som blir fjerna. Dette kan skje under same operasjonen som når brystet blir fjerna, eller seinare. Dersom dette er aktuelt for deg, vil du få eigen samtale med ein plastikkirurg. Nokre plassar blir du tilvist til eit anna sjukehus for denne operasjonen.

Undersøking av lymfekjertlar i armhola

Ved brystkreft og enkelte tilfelle av forstadium til brystkreft, er det viktig å finne ut om det er spreiing av brystkreftceller til nærliggande lymfeknutar. For å operere så skånsamt som mogleg har ein utvikla ein metode som blir kalla vaktpostlymfeknutebiopsi.

Vaktpostlymfeknutebiopsi

Det finst ein første lymfeknute (vaktpostlymfeknute) i aksillen som drenerer lymfa frå brystet, og status til denne lymfeknuten reflekterer status for dei andre lymfeknutane som drenerer frå same område. Vaktpostlymfeknuten er den første lymfeknuten som tar imot brystkreftceller. Dersom vaktpostlymfeknuten ikkje inneheld brystkreftceller, vil resten av lymfeknutane i aksillen mest sannsynleg vere frie for kreftceller og aksilledisseksjon vil vere unødvendige.

Det blir nytta to metodar for påvising av vaktpostlymfeknuten, radioaktivitet og blåfarge. Radioaktiv isotop, blir som regel injisert dagen før operasjonen og etter injeksjonen blir gjord lymfoscintiografi. I tillegg blir det også sett eitt blått fargestoff inn i brystet under operasjonen. Dette blir soge opp i lymfebanane og er også eit hjelpemiddel for å finne vaktpostlymfeknuten.

Ved inngrepet blir blå og/eller radioaktive lymfeknutar tatte ut og blir sende til histologisk undersøking, eventuelt frysesnitt.

Blåfargen skilst ut via nyrene og gjer at urin og avføring blir blågrøn eit døgns tid etter operasjonen. Huda kan også få eit gråblått skjer dei første timane etter operasjonen.

Aksilledisseksjon

Ved aksilledisseksjon blir alt feittvevet fjerna med tilhøyrande lymfeknutar i armhola.

Det blir som regel lagt inn eit dren (plastslange) i såret i samband med operasjonen for å drenere sårvæske. Drenet blir som regel fjerna etter 1–2 dagar.

Før

Dei fleste pasientar møter til førebuande prøver og undersøkingar på sjukehuset dagen før operasjonen.

Denne dagen vil du få høve til å snakke med sjukepleiar, kirurg og narkoselege om operasjonen og tida etterpå. Det kan hende du skal ta blodprøver og hjarteprøve (EKG). Du kan reise heim når du er ferdig for dagen.

Dersom du ikkje kan opererast dagkirurgisk, vil du få individuelt tilpassa førebuingar og innlegging på sengepost.

Før operasjonen får du smertestillande tablettar og eit tynt plastrøyr lagt inn i ei blodåre på armen (venekanyle).  

Hygiene

Du skal dusje og vaske hår heime om morgonen på operasjonsdagen. Du skal ikkje bruke neglelakk, sminke, parfyme eller smykke (inkludert piercing). Ikkje smør kroppen med bodylotion. Ta på deg nyvaska klede etter at du har dusja. Det kan vere komfortabelt med tøy som ikkje strammar over operasjonsstaden.

Faste

Du må ikkje ete fast føde, drikke mjølk, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi, ete pastillar/drops etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen, men du kan drikke 1–2 glas vatn, saft, kaffi eller te utan mjølk inntil kl. 06.00 operasjonsdagen. Du pussar tennene som vanleg.

Medisinar

Dersom du ikkje har fått andre beskjedar, kan du ta dei faste medisinane dine med eit ½ glas vatn tidleg operasjonsdagen. Bruker du blodfortynnande medisinar (for eksempel Marevan, Albyl-E, Plavix) må du avklare med kirurgen og eller fastlegen din om du må slutte med desse før operasjonen og når.

Bruker du insulin må du ta omsyn til at du fastar og avtale med anestesilege eller sjukepleiar korleis du skal forhalde deg til dette.

Under

Etter at du er klargjord til operasjon blir du køyrd i seng til operasjonsstua. Her blir du tatt imot av ein anestesisjukepleiar og ein operasjonssjukepleiar.

Sjølve operasjonen skjer i narkose og varer 1–2 timar.

Etter

Etter operasjonen blir du observert til bedøvinga [HKB1] har gått ut, vanlegvis i 2-4 timar. Du kan ete og vere i aktivitet etter kort tid. Kirurgen vil kome og snakke med deg og då ordnar vi også alle papira som du skal ha med deg heim. Dersom du har behov for sjukmelding og/eller rekvisisjon til fysioterapeut, ordnar vi dette før heimreise.

Etter operasjonen vil kroppen normalt produsere noko sårvæske i operasjonsområdet. Nokre gongar kan det bli så mykje at ein kjenner det sprenger over arret. Dette er ikkje farleg, men det kan vere behov for å tappe ut væska. Dette er ein enkel prosedyre som kan gjerast av lege/sjukepleiar på sjukehuset, eller eventuelt fastlegen din.

Dersom huda blir raud og varm, og du hovnar meir opp og/eller får aukande smerter, kan du ha fått ein sårinfeksjon. Det kan også kome gult puss ut av såret. Dersom dette skjer ønsker vi at du tar kontakt med avdelinga som opererte deg, som kan vurdere behovet for antibiotikabehandling eller eventuelt drenasje av underliggande byll.

Brystprotese

Den som får operert bort heile brystet vil ha behov for ein utvendig protese. Før du reiser frå sjukehuset får du med deg ein bomullsprotese som du kan ha dei første vekene etter operasjonen. I tillegg får du ein rekvisisjon på utvendig silikonprotese og ei liste over forhandlarar. Det kan vere lurt å vente med å tilpasse denne protesen til såret er grodd og eventuelle reaksjonar i operasjonsområdet er borte.

Det finst fleire ulike typar protesar. Dei tradisjonelle protesane skal ein bruke med ein spesial-BH, der det på eine sida er laga ei lomme som protesen kan ligge i. Det finst også protesar som kan limast direkte på huda. Proteseforhandlaren vil gi deg god hjelp til å finne den som passer best for deg.

Fysisk aktivitet

Du får informasjon frå sjukepleier om tilpassa fysisk aktivitet umiddelbart etter operasjonen og i tida etterpå. Her får du instruksjon i øvingar som skal ta vare på bevegelegheita i skulderen og arma på operert side. Ingen av øvingane skal gjere vondt.

Smerter

Det er vanlegvis lite smerter forbunde med inngrepet, men ein kan kjenne at operasjonsområdet er ømt. Du får smertestillande medikament for å lindre eventuelle plager.

Komplikasjonar

Ved einkvar operasjon er der ein viss risiko for komplikasjonar, dette gjeld også ved brystkreftoperasjonar.

Bløding

Bløding skjer sjeldan og vanlegvis kort tid etter operasjonen, som regel innan det første døgnet. I slike tilfelle vil du bli hoven og kjenner smerter i form av spreng i sårområdet. Dersom dette skjer skal du ta kontakt med sengeposten. Nokre gongar er det tilstrekkeleg å legge stram kompresjon over såret. Andre gongar må ein opne såret for å stanse blødinga. Dette blir gjort på operasjonsstova i narkose.

Redusert bevegelegheit i skulder og arm

For å førebygge redusert bevegelegheit i skulder og arm er det viktig å følgje instruksjonane frå fysioterapeut eller sjukepleier.

Lymfeødem (heving i arma)

Symptom på lymfødem er ein kjensle av at arma og handa di blir tung og hoven. Dersom du får plagsamt og varig lymfeødem kan du få rekvisisjon til spesialist for lymfedrenasje.

Svekka kjensle i huda

I armhola er det fleire større og mindre nervar som forsyner hud og muskulatur i arma med nerveimpulsar. Viss ein eller fleire av desse nervane blir strekt eller delt i samband med operasjonen, kan det bli ein midlertidig eller varig svekka kjensle i huda i eit område på overarma og i armhola. Dette er rekna for å vere ein vanleg følgetilstand til inngrepet. Ein sjeldan gong kan pasienten få noko redusert muskelkraft i arm/skulder. 

Ver merksam

Ved eitt av desse symptoma skal du kontakte sjukehuset ved poliklinikken eller sengeposten:

  • Bløding
  • Sårinfeksjon

Kontakt

  • Kontakt Bryst- og endokrinkirurgi

    Oppmøtestad

    Sengepost (Kirurgisk post 2) held til i 4. etasje i Sentralblokka.

    Poliklinikken held til i underetasjen av Hudbygget.

    Flyfoto av Sentralblokka

    Sentralblokka

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     
    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    ​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 

    Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

    Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

    Kontaktinformasjon: 

    Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

    Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

    Telefon resepsjon: 55 97 50 00

    I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

    ​​​​​​​​Besøke pasientar
    Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

    Betale eigendel
    Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

    Bestille drosje
    Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

    Leitar du etter ei avdeling?
    Sjå avdelingsoversikta

    Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

    Lån av rullestol
    Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

    Følgeteneste
    Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

    Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

    Oppbevaringsboksar
    Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

    Hittegods
    Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt Bryst- og endokrinkirurgi poliklinikk

    Hudbygget, inngang vest

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     
    ​Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida pasientreisar.no​ for meir informasjon eller ring 05515.

    Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.