Keratoconus - kollagen kryssbinding
Ved augesjukdommen keratokonus blir hornhinna (cornea), av ukjente grunnar, tynnare og svakare. Dette gjer at ho bular framover, noko som påverkar synet. Dersom forholda ligg til rette for det, kan vi da gjere Corneal cross-linking (CXL). Vi prøver da å stoppe progresjonen, og med dette forhindre at auget treng ein hornhinnetransplantasjon. Synet blir altså ikkje betre ved crosslinking.
For å ha eit godt syn er du avhengig av at lysstrålar blir brotne korrekt når dei passerer hornhinna og augelinsa slik at det blir danna eit skarpt fokus på netthinna. Dette føreset ei hornhinne med ei jamn og regelmessig form.
Keratokonus er ein tilstand der strukturen i hornhinna gradvis blir svekt, og det oppstår ein utposingsprosess der hornhinna bular framover. Denne typen brytningsfeil er ikkje symmetrisk, slik han er ved nærsyntheit, langsyntheit og skeive hornhinner.
Dette gjer at det ikkje i same grad kan rettast opp med briller eller mjuke linser. Harde kontaktlinser kan hjelpe noko betre. Dersom keratokonusen er progredierande (ikkje stabil), vil hornhinna til slutt kunne bli så tynn og ujamn at vi må gjere ein hornhinnetransplantasjon.
Før
Førebuingar heime
Ta 1000 mg C-vitamin per dag. Start med dette 1 veke før behandlinga og fortsett 2 veker etter. Dette er vist å kunne verke positivt på tilhelingen. Ta også Omega-3 tilskot, minst i same periode, fortsett så lenge du vil.
Hugs å hente ut avtalte medisinar frå apoteket før du møter til behandling. Du kan sjekke på helsenorge.no om reseptane er klare. Dersom dei ikkje ligg i oversikta, blir dei skrivne ut på operasjonsdagen og du kan hente dei etter inngrepet.
Ikkje bruk augesminke på behandlingsdagen. Bruk heller ikkje sminke den første veka etter operasjonen.
Ikkje køyr bil, da du vil få augedropar som påverkar synet.
Under
Under behandlinga ligg du flatt på ei seng med ein augelokkhaldar (augelokksperre) påsett, slik at du ikkje greier å blunke. Auget blir drypt med lokalbedøving. Det gjer at sjølve behandlinga er smertefri. For at B-vitamindropane skal kunne trengje inn i hornhinna, må vi polere bort det ytste, lause epitellaget på hornhinna.
Dette laget gror tilbake igjen på 1–3 dagar. Poleringa kan vi enten gjere manuelt med noko som liknar ein elektrisk tannkost, eller med laserbehandling. Vi avgjer på forundersøkinga kva metode som passar best for deg.
Deretter tar vi av augelokksperra og dryper auget med B-vitamindropar i cirka 20 minutt. Vi set på augelokksperra igjen, og belyser auget i 10 minutt med ei Uv-lampe. Riboflavinet i hornhinna vil «fange» lyset, slik at det skjer ein forsterkningsprosess i hornhinna og gjer den stivare.
Vi vil da, i dei fleste tilfelle, kunne klare å stabilisere tilstanden, slik at du ikkje treng ein hornhinnetransplantasjon, eller kan utsette denne lenger fram i tid.
Du får ein augedrope som gjer pupillen din stor i 10–14 dagar. Dette er normalt. Vi legg til slutt på ei kontaktlinse, og behandlinga er ferdig.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarEtter
Ver merksam
Komplikasjonsrisikoen ved CXL er relativt liten, men til stades. Du kan få ein infeksjon i såret etter «poleringa» av hornhinna. Auget kan også hos nokon svært få reagere med ein kraftig immunreaksjon, slik at du får arrdanning i hornhinna. Det er derfor viktig å avklare at du faktisk har behov for å gjere denne behandlinga.
Kontakt
Augebygget
Augeavdelinga
Oppmøtestad
Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje måndag - fredag kl. 08.00-15.30
Øyeblikkeleg hjelp:
Vekedagar kl. 07.30-19.00: Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg: Akuttmottak i Sentralblokka.

Augebygget
Jonas Lies vei 72
5053 Bergen