Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Keratoconus - kollagen kryssbinding

Kollagen kryssbinding (på engelsk Collagen cross-linking, blir forkorta CXL) blir oftast nytta ved keratokonus. Dette er ein tilstand der hornhinna har ei meir spiss form enn vanleg. Dersom tilstanden aukar (progredierer), kan kryssbinding ofte stoppe vidare utvikling.

Kollagen kryssbinding blir utført ved endring av forma til hornhinna (progressiv keratoektasi) som er vanlegast hos yngre pasientar med keratokonus (under cirka 30 år). Under behandlinga blir hornhinna herda, slik at sjukdommen ikkje utviklar seg vidare. Ein ventar derfor at synet held fram med å vere det same som før behandlinga, og ein kan ikkje vente noko betring av synet etter behandlinga.

Før

Dersom du bruker kontaktlinser, bør du ikkje bruke desse same dagen som du skal få CXL.

Etter behandlinga kan du reise heim. Frå 1–2 timar etter behandlinga og i 1–2 dagar vil du ha sterke smerter i auget. Vi anbefaler derfor at du ikkje køyrer bil sjølv heim etter operasjonen.

Under

Behandlinga blir utført på ei operasjonsstue med bedøvande augedropar og er smertefri. Du får ei bandasje-linse på auget (ei mjuk kontaktlinse) som skal sitte på i 4–6 dagar. Du får også resept på augedropar og smertestillande tablettar etter behandlinga.

Behandlinga består av:

  1. fjerning av overflatelaget til hornhinna (epitel),
  2. metting av hornhinna med vitamin B2 (riboflavin) og til slutt
  3. bestråling med UVA-lys.

Gjer det vondt?

Operasjonen skal ikkje gjere vondt. Om du synest det er ubehageleg, kan du seie frå til kirurgen, som kan gi deg meir bedøving.

Kor lenge varer behandlinga?

Sjølve behandlinga varer omtrent éin time, men du må rekne med å vere eit par timar på sjukehuset frå du kjem til du kan reise heim.

Kliniske studiar

1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Etter

Etter behandlinga hentar du medisinar på apoteket før du reiser heim.

Heime igjen

Frå 1–2 timar etter behandlinga og i 1–2 dagar vil du ha sterke smerter i auget, sjølv om du har tatt medisinar. Når du har smerter, bør du vere i ro og halde auga lukka for å redusere smertene. Musikk eller radio kan gi god avkopling. Synet vil vere noko uklart dagane etter behandlinga for gradvis å klarne opp.

Forholdsreglar

God, normal hygiene er tilstrekkeleg, og det er viktig å unngå omgivnader med mykje støv veka etter behandlinga. Elles kan ein leve omtrent som normalt. Det er vanlegvis tilstrekkeleg å vere heime frå jobb/studium i to dagar etter behandlinga.

Oppfølging

4–6 dagar etter behandlinga skal du fjerne bandasjelinsa i samband med ein kontroll hos augelege på heimstaden. Nå skal du få sjekka om overflatelaget på hornhinna har grodd og at det ikkje er nokon teikn til infeksjon.

Ver merksam

Opptil 10 prosent får ei lita arrdanning etterpå, der dei fleste ikkje merkar dette på synet. Desse forandringane går vanlegvis tilbake i løpet av cirka eitt år. Dersom ikkje overflatelaget til hornhinna har grodd til kontrollen etter 4–6 dagar blir det nødvendig med ein ny kontroll. Dersom det oppstår ein infeksjon må denne behandlast, vanlegvis med augedropar.

Kontakt

Augebygget Augeavdelinga

Kontakt Augeavdelinga

Oppmøtestad

Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje  måndag - fredag kl. 08.00-15.30

Øyeblikkeleg hjelp: 

Vekedagar kl. 07.30-19.00:    Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg:  Akuttmottak i Sentralblokka. 

Augebygget

Jonas Lies vei 72

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​Beklageleg er det avgrensa parkering utanfor avdelinga, men det finnast handicap-parkering der og det er mogeleg å sleppe nokon av. Parkeringsplassar finnast på Haukeland universitetssjukehus sitt hovudområde.  Det er viktig at du bereknar god tid, slik at du kan finne ein parkeringsplass før timen hos oss.

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.