Indikasjonar for akutt HBO-behandling for andre tilstander enn dykkarsjuke
Gassgangren
Raskt spreiande infeksjon med Clostridium Perfringens med sepsis, lokalt ødem, massiv vevsnekrose og gass i vevet. HBO behandling med tre atmosfærar trykk bidreg til å stoppe bakteriane si alfatoksinproduksjon.
Tilstanden blir diagnostisert med klinikk og påvising av grampositive stavar i preparat med fråvær av leukocyttar (leukocyttar indikerer blandingsinfeksjon). Bronseliknande hud, ødem og hemorrhagiske bullæ/vesiklar. Eksudat med søtleg lukt. Muskulatur blir farga grøn/svart. Krepitasjonar i vevnaden førekjem, og gass kan sjåast på røntgen.
Behandling
Målretta antibiotikabehandling ordinert av infeksjonsmedisinar.
Kirurgisk opning og fasciotomi utan ekstensiv kirurgi før HBO. Dersom det vert ventetid på operasjon bør ein starte HBO så snart som mogleg. Tabell 20/90. 3 behandlingar fyrste 24 timar. Deretter x 2/dag inntil infeksjonskontroll.
Karbonmonoksid (CO)- forgifting
Det er ikkje internasjonal semje om ein ved å behandle CO-forgiftingar med HBO for å eliminere CO raskare frå blodbanen, kan redusere kognitive sekveler, eller om HBO kan forverre slike. Av den grunn er det berre pasientar med svært alvorleg CO-forgifting som får tilleggsbehandling med HBO.
-
dersom HBO ikkje kan starte innan 6 timar etter CO-intoksikasjonen, behandlast pasienten med normobar oksygenbehandling.
- hos ustabile pasientar må nytta av HBO vegast mot faren ved transport og kammerbehandling.
- pasientar som har hatt hjertestans behandlast berre med normobar oksygenbehandling i 12-24 timer og eventuelt kjøling ifølge sjukehuset sine rutinar.
Behandling:
-
Initial behandling ved CO-forgifting er normobar oksygenbehandling.
- pasientar som er gravide eller er medvitslause skal behandlast med ei behandling HBO tabell 20/90.
- ved røykinhalasjon og lactat>10mmol/l må cyanidforgiftning mistenkast og cyanokit administrerast
- etter
HBO skal pasienten tilvisast til nevrologisk avdeling for EEG og nevropsykologisk undersøking.
Nekrotiserande mjukvevsinfeksjon
Infeksjonen gir lokal hypoksi, oftast forsterka av ein infeksjonsbetinga okkluderande endarteritt. Sekvestrering av leukocytter med lavt tal på leukocytter sentralt i infeksjonsområdet sjåast ved nekrotiserande infeksjonar.
HBO virker ved å betre leukocyttfunksjon i hypoksisk vev og nedset granulocyttadhesjonen til endotel. I tillegg reduserast anaerob bakterievekst. Ved pressorindusert nedsett perifer perfusjon vil HBO teoretisk sett kunne bidra til å redusere mengda ischemiske nekrosar. HBO er adjuvant behandling til iv. antibiotika og kirurgisk revisjon.
Behandling
HBO tabell 14/90 x2/døgn til stabil tilstand, deretter x1/dag etter vurdering av klinisk tilstand i samråd med intensivmedisinar og infeksjonsmedisinar.
Store knusingsskadar
Ved knusingsskadar i ekstremitetane kor det kan vere marginalt sirkulert vev og evt. losjesyndrom med ischemi-reperfusjonsskade, kan HBO bidra til å redusere ødemet, hindre adhesjon av leukocytter til karveggen og betre oksygeneringa av vevet for reduksjon av vevsdød. Start av HBO bør skje innan 6 timer etter skaden.
Behandling
HBO tabell 14/90 3 gongar/døgn fyrste døgn, deretter 2 gongar/døgn i 2 dagar, deretter 1 gong dagleg ved behov.
Brannskadar og elektriske skadar
Ein brannskade resulterer i lokal mikrosirkulasjon prega av stase, mikrotromber med ødem og etter kvart oksygenmangel. Hyperbar oksygenbehandling er retta mot å redusere ødemet, bevare marginalt oksygenert men viabelt vev, stimulere og bevare vevets bakterielle motstandskraft og stimulere til rask sårheling. HBO er adjuvant behandling i tillegg til optimal ventilasjon og oksygenering, væskebehandling, og tidleg kirurgisk eksisjon.
Indikasjon
Større delhudsskadar hos vaksne (> 15 år) med TBSA > 20%, samt ved elektriske skadar (alle storleiker). Pasienten må vere transportabel.
Behandling
HBO tabell 14/90. Tre behandlingar i løpet av fyrste døgn med oppstart raskast mogeleg etter at skaden har oppstått, deretter 2 behandlingar i døgnet. Det bør bli gitt minst fem behandlingar for at pasienten skal ha nokon effekt, men ofte opptil 20-30.
Pasientane vil ofte trenge mindre væske under sjølve behandlinga p.g.a. hyperoksisk vasokonstriksjon, men treng ofte meir væske iv like etterpå pga. vasodilatasjon. Ev. blodtrykksfall behandlast primært med væske og ikkje pressor.
Transplantat/lappar med sviktande sirkulasjon
Transplantat og hudlappar med sviktande sirkulasjon: ved planlagt rekonstruktiv kirurgi i bestrålt vev, kan pasienten søkast til pre- og postoperativ HBO-serie. Formålet er å fremme neoangiogenese i det stråleskada vevet og å avhjelpe innheling av lapp/transplantat.
I vev med nedsett perfusjon på grunn av ischemi-reperfusjonsskade, kan HBO vere nyttig for å bevare transplantatet eller redusere nekrose. HBO bør startes så snart eit perfusjonsproblem oppstår.
Utgreiing
Utgreiinga skal inkludere måling av transkutan oksygentensjon på hudlappen under luftpusting og oksygenpusting før hyperbar oksygenbehandling. (eventuelt under behandlinga, spesielt dersom det er tvil om HBO er aktuelt).
Behandling
Ved planlagt rekonstruktiv kirurgi i bestrålt vev får pasienten 20-30 preoperative behandlingar HBO tabell 14/90, ein venter deretter 6-8 ukar med elektiv kirurgi og starter postoperativ HBO-serie så raskt som mogeleg etter kirurgi. Postoperativ serie er på 10 behandlingar tabell 14/90.
I vev med nedsett perfusjon på grunn av ischemi-reperfusjonsskade startar ein så raskt som råd med tabell 14/90 til å begynne med to gongar daglig. Når hudlappen ikkje lenger er trua, éin gong daglig i samråd med kirurg.
Ekstremt blodtap
Ved ekstremt blodtap og problem med å få forlika blod kan pasienten oksygenerast med HBO.
Indikasjon er korreksjon av oksygendeficit hos ikkje-transfunderbar pasient med organsvikt, cardial iskemi og acidose. Behandling kun ei kort periode medan ein finn forlikeleg blod. Dersom pasienten ikkje skal transfunderast, er HBO ikkje indisert.
Behandling
Behandling er HBO på 2-3 ATA 60 minuttar med overflateintervall aukande frå 60 minuttar.
Intrakranielle abscessar
Hos pasientar med multiple abscessar, abscess med dominerande eller djup lokalisasjon, hos immunkompromitterte pasientar eller forverring tross behandling med kirurgi og antibiotika kan HBO vere nyttig adjuvant terapi.
Behandling
HBO tabell 14/90 er anbefalt med 1-2 behandlingar dagleg avhengig av situasjonen, i publiserte material har i snitt 13 behandlingar vore gjeve.
Arteriell gassemboli
Ved alvorlig gassemboli kan trykkammerbehandling vere livreddande. Det viktigaste er å mistenke tilstanden. Følg algoritmen i punktet om behandling.
Mekanisme
Gassemboli oppstår når luft eller annan gass kjem over i sirkulasjonen, venøst eller arterielt. Små mengder venøs gass er sjeldan symptomgivande, då den normalt filtrerast ut via lungene. Dersom gassmengda blir stor nok, eller kjem svært raskt, vil gass kunne passere over i den arterielle sirkulasjonen via lungekapillæra. I tillegg shuntast stadig ca. 2-3 % av totalsirkulasjonen utanom lungekapillæra. Arteriell gassemboli kan difor oppstå uavhengig av eit patent foramen ovale.
Risikofaktorar
- Biopsi av lunge/lever
- Hjerte-lunge-maskin / ECMO
- All kirurgi, spesielt der operasjonsfeltet ligg over hjertenivået.
- Sectio pga. store mengder potensielt åpentståande vener i uterus.
- Skopiar
- Ortopediske proteseinngrep
- Cardiopulmonal resuscitering
- Åpentståande svk-løp/innlegging av svk
- Skyljing av arteriekran
- Infusjon via iv-sett
- Angiografiar proksimalt for arteria vertebralis sinistra
- Intraarteriell nimotopinfusjon ved cerebrale spasmar
- Dykking
Diagnose
- Risikofaktor til stade
- Plutseleg fall i endetidal CO2
- Plutseleg nedsett medvit
- Peroperativ hjertestans med pulslaus elektrisk aktivitet
- Fokalnevrologiske utfall
Bildediagnostikk med påvising av intravaskulær gass er ikkje påkravd dersom mistanken om arteriell gassemboli er sterk, og skal ikkje seinke oppstart av behandling.
CT caput utførast dersom hjernebløding er aktuell differensialdiagnose.
Behandling
- 100 % oksygen på maske med reservoar
- Reduser lufttrykket ved skopi
- Avslutt kirurgi
- Kontakt vakthavande dykkarlege via AMK
- Om lungebiopsi har medført pneumothorax, skal denne drenerast
- Paracentese utførast berre dersom dette ikkje vil forseinke behandlinga.
- Ved hjertestans, skal HLR utførast til pasienten er trykksatt i trykkammeret
- Trykkammerbehandling : HBO tabell 6
- Repeterte behandlingar x1/dag med HBO tabell 14/90 inntil ein når platåfase (stasjonære symptom). For respiratorpasientar gis to repeterte behandlingar.
Det er større sannsyn for godt resultat om det er kort tid mellom embolien og HBO, men det har vore sett respons av HBO som er starta etter 24 timer.
Enkelte pasientar får ei betring av symptoma etter normobar oksygenering. Då tilbakefall ofte inntreff når reperfusjonsskaden utviklar seg, skal desse pasientane også behandlast.
Oppdrift har liten eller ingen effekt på arteriell eller venøs distribusjon av intravaskulær luft. Det å senke hovudet vil auke ødemet. Det er usikkert om dettehar nokon positiv effekt og skal uansett ikkje gjerast i meir enn ti minutt.
Symptomfrie pasientar med påvist luft i hjartet:
Ved asymptomatisk luftemboli etter lungepunksjon skal pasienten observerast på intensiv / oppvakingsavsnittet. Kontinuerleg oksygen på maske med reservoar 10 l / min. Sideleie med høgre side ned. Flatt leie. Ikkje hev overkroppen. Observasjonstid avheng av luftmengde. Kontakt vakthavande dykkarlege via AMK. Nevrologisk undersøking før transport tilbake til avdeling. Brystsmerter eller EKG endringar kan skyldast embolisering til kransårene.
Akutt idiopatisk nevrogent høyretap
Forskingsstudien SuDHO: Plutseleg uforklarleg høyretap og trykkammerbehandling
HBO tilbys som adjuvant behandling kun som ledd i SuDHO-studien og om pasienten randomiseres til standardbehandling + HBO.
Det er ØNH-lege som inkluderer pasient til studien og står for randomisering.
Dei aller fleste med plutseleg høyretap som skal få tilleggsbehandling med HBO, vil få dette som poliklinisk behandling. Det vil seie at du ikkje blir innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden. Som poliklinisk pasient må du ta med deg reseptar, medisinar, bandasjemateriell, næringsløysingar og alle hjelpemiddel som du bruker. Om du er svært svimmel og uvel, kan det vere at du blir innlagd i ØNH-avdelinga i ein periode.
Den auka oksygenmengda som blir tilførd til vevet i kroppen reduserer hevelse i vevnaden og tilfører oksygen til celler som får for lite av dette.
Dei som bur i nærområdet bur heime. Tilreisande bur på Haukeland hotell (pasienthotellet) som ligg på sjukehusområdet. Dette oppholdet er kostnadsfritt. Om du ønsker å bo på annet hotell må du bestille og betale dette sjølv for så å søkje refusjon for delar av utgiftene i etterkant. Satsane finn du på helsenorge.no
Akutt okklusjon av arteria retinalis sentralis
Okklusjon av art retinalis sentralis er ein sjeldan tilstand som medfører akutt synstap utan smerte. Risiko er auka ved kjempecellearteritt, aterosklerose og tromboembolisk sjukdom.
Pasienten blir behandla av Oftalmolog og normobar oksygenbehandling bør startast straks. Det er indikasjon for adjuvant behandling med HBO dersom HBO kan startast innan 24 timer etter symptomstart. Tidlegare behandlingsstart er ein fordel.
Behandling
HBO tabell 20/90. Ved betring under første behandling, gir ein tabell 20/90 x2/døgn til platåfase.
Korleis går behandlinga føre seg?
Vakne pasientar blir behandla sitjande i fleirmannstrykkammer med premediaksjon, eller liggjande i einmannstrykkammer, avhengig av kva tid på døgeret behandlingen går føre seg og kva for personell om er tilgjengeleg. Behandlinga varer kun to timar. Pasienten puster oksygen i tre halvtimar på 14-20 msw med fem min luftpusting mellom oksygenperiodane. Luftpustinga for å redusere oksygenbiverknader.
Pasienten kan sjå film under behandlinga. Dei som behandles i fleirmannstrykkammer, hvor brannfaren ikkje er like stor som i einmannstrykkammer, kan ha med lesestoff inn i kammeret.
Intensivpasientar på respirator behandles i fleirmannstrykkammer med respirator og medisinsk-teknisk utstyr som tol høgt omgjevnadstrykk utan å verte brannfarleg. Ved behandling av respiratorpasientar er det Intensivlege på utsida av kammeret som har ansvar for intensivbehandlinga. Intensivlegen kan trykksettast og gå inn til pasienten på under eit minutt om det vert turvande. Dykkelege og trykkammeroperatør har ansvar for sjølve trykkammerbehandlinga.
Reise
Det er den legen som sender pasienten til akuttbehandling som har ansvaret for å rekvirere transport heilt fram til Haukeland universitetssjukehus dersom du ikkje kan nytta eigen bil eller rutegåande transport.
-
Når du er komen til behandlingsstaden, vil Pasientreiser i Helse-Bergen hjelpe med å bestille flybillett for returreisa. Dersom du har spørsmål om reise, må du kontakte Pasientreiser på telefon 05515.
- Transport med båt, tog og buss må du sjølv bestille og betale, og sende reiserekning til Pasientreiser i ettertid.
- Ver merksam på at du får dekka billegaste reisemåte.
Transport
Bybane
Bybana går mellom flyplassen og Bergen sentrum. Næraste haldeplass til Haukeland er Kronstad. Det tar om lag ti minutt å gå frå haldeplassen til sjukehuset. Alternativet er å ta Bybanen til Bystasjonen, og buss vidare derfrå. Sjå rutetabellar og oversikt over haldeplassar på www.skyss.no
Billett og planlegging av reise
Appen Skyss Billett
Du kan kjøpe eit utval enkeltbillettar og periodebillettar med mobilen om du har iPhone eller Android telefon. Last ned appen «Skyss Billett» og kjøp den billetten som passer best for deg!
Appen Skyss Reise
Her kan du få oversyn over rutetider og planleggje reisa di. Last ned appen «Skyss reise» og planlegg reisa di.
Last ned appane
Du treng mobilapplikasjonen «Skyss Billett» og «Skyss reise» for iPhone og Android telefoner for å kjøpe billettar og planleggje reisa med mobilen. Applikasjonane kan lastast ned gratis i App Store eller Google Play ved å søkje på «Skyss».
Drosje
Det er kun dei som har ein medisinsk grunn til det, som får dekka drosjetransport av Pasientreiser og det er behandlingsstaden som eventuelt rekvirerer slik prioritert transport.
Kostnadar / eigendel
Du må betale eigendel for kvar behandling fram til grensa for frikort er nådd. Behandlingsutgiftar utanom eigendel, blir dekka av Rikstrygdeverket / Helse- og omsorgsdepartementet.
Du vert ikkje belasta for opphald ved Haukeland hotell.