Vi har dykkemedisinsk vaktberedskap heile døgnet for Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag.
Ved dykkarulykke, ring 113 og be om næraste dykkarlege.
Om det ikkje er øyeblikkelig hjelp, men det haster med å få kontakt med dykkelege i Bergen, kontakt oss via AMK-sentralen på telefon
55 36 17 00.
Ved spørsmål om ein er helsemessig skikka til å dykke / sertifisering av sports- eller yrkesdykkarar, kontakt Undervannsbåt/Dykkerlegens avdeling på Haakonsvern på telefon
55 50 21 59 / 60
Gi tydeleg beskjed om dykkarulykke
AMK-sentralane har spesifikke prosedyrar som beskriv vidare oppfølging.
For dykkarar - akuttbehandling av trykkfallssjuke og barotraume (lungesprenging)
Det finst fleire akutte tilstandar som kan skuldast dykking, og det er viktig å kjenne til dei vanlegaste symptoma.
Ved trykkfallsjuke oppstår det skadar grunna gassovermetting. Dette skjer når det dannar seg gassbobler i blod og anna vev fordi gass som er oppløyst i kroppsvæskene ikkje får tid til å skillast ut via lungene ved for rask oppstiging. Desse boblene blokkerer mikrosirkulasjonen og aktiverer ein rekkje biokjemiske prosessar som kan føre med seg helseskade.
Kva er eigentleg symptoma på trykkfallsjuke?
Symptoma ved trykkfallsjuke er så varierte og så mange at det blir for omfattande å liste opp alle, men etter vår erfaring er dette dei vanlegaste:
- Trøyttleik (unormalt mykje)
- Hovudpine
- Nomen, prikkingar, stikkingar i bein eller armar
- Kraftsvekking i bein eller armar
- Svimmelheit
- Leddsmerter (typisk store ledd, vanlegvis berre på eine sida, blir ikkje forsterka av rørsle, smerteavlasting ved å halde leddet i halvt bøya stilling)
- Hudkløe, eventuelt med utslett
Ver merksam på at lista på ingen måte er fullstendig. Særleg kan trykkfallsjuke som rammar nervesystemet (ryggmarg og hjerne) gi ei rekkje andre symptom.
Hovudregelen er: Er du i tvil, så er det ingen tvil - kontakt lege!
Vi har døgnkontinuerlig dykkemedisinsk vaktberedskap. Kontakt oss via AMK-sentralen - telefon 113
Om pasienten ikkje er vaken, sikre frie luftvegar og sjekk om pasienten pustar normalt. Om ikkje: Start hjarte- lungeredning.
- Oksygen
Gi 100% oksygen kontinuerleg. - Leie
Plasser pasienten i behageleg leie.
- Drikke
Vakne pasientar bør gis rikeleg klar drikke. Unngå kaffi, te og alkohol.
- Pasienten skal ikkje røyke.
For meir informasjon, sjå brosjyra:
Initial diagnose og behandling av dykkeskadar (pdf)
Tiltak ved utelaten dekompresjon og ukontrollert oppstigning
Om dykkaren har overskrid dykketabell eller dykkecomputer, (utelaten dekompresjon) utan å få symptom: Følg anbefalingane i
dykketabellane, og kontakt oss via AMK-sentralen - telefon 113.
For helsepersonell - akuttbehandling av trykkfallssjuke og barotraume (lungesprengning
På generelt grunnlag skil ein gjerne mellom to grupper dykkeskadar på bakgrunn av årsaksmekanismen.
Initial diagnose og behandling av dykkeskadar (pdf)
1. Barotraume
Dette er volumendringar av gass som finst i kroppen sine luftfylte holrom som kan forårsake direkte skadar; hyppigast i biholer, øyre og lunger. Dette skjer som oftast under rask ned- eller oppstiging.
2. Trykkfallsjuke
Skadar forårsaka av gassovermetting. Gassbobler blir danna i blod og anna vev fordi gass som er oppløyst i kroppsvæskene ikkje får tid til å skillast ut via lungene ved for rask oppstiging.
Desse boblene blokkerer mikrosirkulasjonen og aktiverer ei rekkje biokjemiske prosessar som kan føre med seg helseskade.
Risikofaktorar
Ved rask eller ukontrollert oppstiging grunna utstyrsfeil eller panikk, kan det lett oppstå barotraume (lungesprenging om ein har halde pusten under oppstiging) og trykkfallsjuke. Nærdrukning kan òg vere mogeleg.
- Redusert allmenntilstand før dykk (sjukdom / bakrus)
- Manglande dekompresjonstid
- Maksimal utnytting av tabell
- Gjentekne dykk same dag eller påfølgande dagar
- Ugunstig dykkeprofil (jojo-dykk)
- Tidlegare trykkfallsjuke
- Anstrengande dykk
- Dykking i kaldt vatn
- Alder over 45 år, overvekt
- Manglande opplæring / sviktande sikkerheitsrutinar
- Fysisk aktivitet etter dykk
- Flyreisar / høgfjellsovergangar kort tid etter dykk
- Røyking
- Inntak av kaffe / te / alkohol (vatndrivande)
Diagnose
Det er viktig med rask og korrekt diagnose. Invalidiserande trykkfallsjuke kan oppstå raskt eller gradvis i dei fyrste timane etter dykk. Dersom det har gått meir enn 24 timar frå siste dykk til symptoma oppstår, er det mindre sannsynleg at dei skuldast trykkfallsjuke.
Trykkfallsjuke kan likne akutte nevrologiske sjukdommar med progredierande, oftast flekkvise parestesiar, smertar i store ledd, paresar, paralyse, svimmelheit eller ustøheit. Røntgen eller annan biletdiagnostikk har liten plass i den initiale utgreiing (med unntak av mistanke om lungeskade), men kan utelukke annan patologi.
Det viktigaste er å få ein god anamnese med nøyaktig tidspunkt for teikn på symptomar knytta til dykket, og ein god nevrologisk vurdering med tanke på sensibilitet, kraft, hurtigheit, koordinasjon og balanse.
Om pasienten har dykka siste døgn, bør diagnosen trykkfallsjuke eller barotraume vurderast inntil dette er avkrefta i samråd med dykkekyndig lege. Tabellen under viser ei oversikt over ulike symptom på dykkerelaterte sjukdommar og mogelege andre årsakar:
Parenstesiar | TFS | Stram drakt / hanskar / seler |
Smerte i store ledd | TFS | Belastingsskadar |
Smerter i øyre | Barotraume | Infeksjon |
Smerter i biholer | Barotraume | Infeksjon |
Hovudpine | TFS | CO2-retensjon, tensjonshovudpine |
Kraftsvekking | TFS | |
Uttalt trøyttleik | TFS | Fysisk slit |
Svimmelheit | TFS | Barotraume med trommehinne perforering |
| | Alternobar vertigo, Otolittstein |
Hudkløe, marmorering | TFS | Hudliding |
Tung pust | TFS | Nærdrukning, barotraume |
Hoste | TFS | Nærdrukning, barotraume |
Kvalme | TFS | Sjøgang, forureina gass |
Primærbehandling
Medvitslause pasientar skal ha vanleg førstehjelp med etablering av frie luftvegar og adekvat ventilasjon. Pustar pasienten sjølv, skal det giast 100 % oksygen på tettsittande maske med reservoar så raskt som mogeleg. Gasstraum bør vere minst 10 liter per minutt. Ved redusert bevisstheit leggast pasienten i stabilt sideleie.
Vidare behandling
- Veneflon i stor vene
- Infusjon med Ringer acetat eller NaCl 0,9 % 1000 ml per time til pasienten er velhydrert / har god diurese
- Rikeleg å drikke dersom pasienten er vaken, men ikkje vatndrivande væsker som kaffe, te eller alkohol
- Ved kramper - gi diazepam 5-10 mg intravenøst eller 10-20 mg rektalt
- Ved smertar - kan gi paracetamol 1000 mg
- Nøye overvaking før og under transport
Spørsmål om ein er helsemessig skikka til å dykke, skal rettast til Undervannsbåt/Dykkerlegens avdeling på Haakonsvern på telefon 55502159/60.