Dei fleste hudtransplantasjonar ved behandling av akutte brannskadar er det vi kallar delhudstransplantasjonar.
For å redusere blodtapet mest mogleg vil ein gjerne infiltrere huda med ei løysing med fysiologisk saltvatn tilsett litt adrenalin før ein startar operasjonen, vidare vil ein gjerne nytte tøyklutar som er dyppa i ei liknande adrenalingløysing til å legge på såra for å stoppe blødning fortast mogleg.
Ein haustar eit 0,2-0,3 millimeter tjukt hudlag frå ein stad på kroppen kor huden er uskada. Ofte nyttar ein hud frå låra eller hovudbotnen. Denne huden vert gjerne ekspandert ved å lage hôl i den omtrent som eit fiskegarn, alternativt ved å dele den opp til mange bitte små kvadratiske hudbitar.
Ein nyttar så hudtransplantatet til å dekke dei reingjorde såra. Transplantata kan festast ved at ein syr, stiftar eller limer dei fast til såra. Ein kan og i nokre tilfelle fiksere transplantata ved å nytte det ein kallar vakuumbandasjar, det vil seie ein bandasje som dekkes med lufttett film og ein koplar på eit sug/undertrykk for at bandasjen skal halde seg på plass.
Der ein har hausta hud ifrå får ein eit nytt sår som tilheler av seg sjølv i løpet av 2-3 veker.
For svært små defektar på hender og i ansiktet kan det vere aktuelt å nytte fullhudstransplantat til å dekke sår. Desse består av alle hudens lag og gjer ofte mindre arrproblem vidare, men her har ein begrensa areal tilgjengelig og risikoen for å mislukkast er noko større. Ein vil oftast nytte dette i seinare fasar til dømes ved rekonstruktive inngrep.
Etter at hudtransplantasjonen er ferdig dekker ein transplantata med bandasjar og det same gjeres med donorstaden, det vil seie områder kor ein hausta huden i frå.
Operasjonstida avheng av kor stor skaden er. Den kan varierer frå 15-20 minuttar til mange timar.