HELSENORGE
Hudavdelinga

Hudsvulst, operasjon

I samband med undersøking og behandling på sjukehuset kan det vere aktuelt å fjerne eller ta prøver av svulstar eller utslett. Det skjer ved ein liten operasjon der eit hudområde blir fjerna. Fjerning av mindre hudforandringar går raskt og påverkar vanlegvis ikkje evna til å bevege seg vanleg eller køyre bil etterpå.



Innleiing

Før

Dersom du har fått beskjed om at vi skal gjere eit kirurgisk inngrep i samband med konsultasjonen på sjukehuset, bør du vanlegvis slutte med blodtynnande medisin to dagar før. Viss du er i tvil ber vi om at du tar kontakt med sjukehuset eller fastlegen for rådgjeving.

Under

Huda blir bedøvd med lokalbedøving med ei sprøyte, og du vil da kjenne stikk og litt svie i huda. Bedøvinga verkar raskt og varer vanlegvis i 1-2 timar. 

Sjølve inngrepet er avhengig av kva som skal fjernast.

Etter

Plasteret på såret kan oftast ligge på til eventuelle sting skal fjernast. Dersom plasteret blir gjennomtrekt av blod etter kort tid, tilrår vi at du skifter plaster heime. Du vil få råd om kva type plaster du kan kjøpe.

Etter behandlinga kan du kjenne litt ømheit i huda. Viss du treng smertestillande medisin tilrår vi bruk av paracetamol (t.d. Paracet, Panodil) 500-1000 mg inntil 4 gongar det første døgnet. Du bør ikkje bruke acetylsalicylsyre (t.d. Albyl, Dispril) fordi dette kan auke fara for bløding frå såret.

Du bør unngå fysisk aktivitet som fører til slag mot såret eller stor strekk av huda dei første 1-2 vekene.

Det er viktig å hugse at alle kirurgiske inngrep i huda etterlet arr.

Ver merksam

Smerter i dagane etter operasjonen kan være teikn på infeksjon. Slik infeksjon skuldas oftast hudbakteriar og er vanlegvis grei å behandle. Ved teikn på infeksjon bør du ta kontakt med hudpoliklinikken eller legevakt.

Teikn på infeksjon er:

  • Bankande verk i såret
  • Raud og hoven hud rundt kanten av såret eller rundt stinga
  • Gul verk som flyt ut av såropninga eller rundt stinga


Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Betaling

Du betaler ikkje noko når du er innlagt på dagpost / hotell eller sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasienten belasta med eigendel, og dette beløpet inngår i eigendelstaket. Det er gratis for barn under 16 år.

Du må betale eigendel for desse behandlingane utført av sjukepleiarar:

  • lysbehandling
  • sårskift
  • grensestrålebehandling
  • iontoforese
  • smøre- og badebehandling (inkl. behandling av hovudbotn)
  • eksem-skule / handeksem-skule

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling på kr 75,- for eventuelle bandasjar, bedøving, biopsiar og anna materiell som blir nytta ved undersøkinga / behandlinga. Denne pasientbehandlinga er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Du kan betale med kort i vår bankterminal eller få med giro. Vi tar dessverre ikkje imot kontantar.

Om du ikkje møter til avtalt time eller avbestillar seinare enn 24 timar før avtalt tid, vil du bli belasta med ein eigendel (uavhengig om du har frikort eller ikkje).

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Førebuingar

  • Ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt bruker
  • Ver vennleg å opplyse om kven som er fastlegen din når du møter til undersøking / behandling hos oss
  • Har du frikort, ber vi om at du tar dette med og viser det til helsesekretæren i ekspedisjonen om du skal til poliklinisk undersøking

Innlegging i avdelinga

Det er lov til å bruke eigen mobiltelefon under opphaldet, men vi ber om at du viser omsyn til andre pasientar som ein deler rom med. Om du ønsker, kan du ta med eigen berbar PC som du kan kople til vårt gjestenett.

Skal du innleggast på sengepost eller pasienthotell må du ta med deg toalettsaker, klede, innesko o.l. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdisaker, så vi ber om at du ikkje tar med deg dette ved innlegging.

Du må gjerne ha med deg pårørande til utskrivingssamtale.

Servicetilbod i nærområdet til Haukeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 09.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

Sjølvbetent innsjekk og betaling

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Tilvising

​For å bli utgreidd / behandla ved Hudavdelinga må ein bli tilvist av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising blir denne vurdert av seksjonsoverlege hos oss, og innan 10 verkedagar vil vi sende ut brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på dagpost / hotell eller sengepost.

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Ventetid

Ventetida varierer ut frå kor alvorleg sjukdommen er eller hastegrad, og vil variere frå pasient til pasient.

Om sjukdommen blir forverra i ventetida, er det viktig at du kontaktar fastlege / tilvisande lege. Fastlege / tilvisande lege må då sende utfyllande opplysningar til avdelinga som vil avgjere om ventetida skal endrast.

Fann du det du leita etter?