Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hudkreft

Hudkreft er eit samleomgrep og omfattar fleire undergrupper. Denne informasjonen omtaler dei vanlegaste formene for hudkreft: Basalcellekreft og plateepitelkreft. Føflekkreft er også ein type hudkreft, men blir omtalt separat.

Basalcellekreft er den vanligste og minst alvorlige hudkreftformen. Som ved plateepitelkreft oppstår den i overhuden.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Små kreftforandringar kan som regel fjernast kirurgisk hos primærlege. Der det ikkje er mogleg, blir pasientar tilviste med hudkreft til spesialist. Dersom det er mogleg, skal visande lege ta ei vevsprøve før tilvising.

Tilvisinga må innehalde informasjon om tumorens debut, varigheit, utvikling og symptom. Vidare er lokalisasjon, størrelse og makroskopisk beskriving viktig og informasjon om bruk av immunsuppresjon, antikoagulantia og annan medikasjon som kan ha noko å seie for terapival. I dei fleste tilfelle vil utgreiing med biopsi av lesjonen kunne gjennomførast før tilvising.

Utgreiing

Basalcellekreft er den vanlegaste kreftforma hos kvite. Spinocellulært carcinom (SCC), også kalla plateepitelkreft, er ei anna relativ vanleg form for hudkreft hos eldre menneske.

Val av behandling avheng av kva undergruppe hudkreft det dreier seg om, men også av kor på kroppen svulsten sit, i tillegg til ei generell vurdering.

Hudlegen vil undersøke deg for å avgjere kva behandling som passar best i ditt tilfelle. Om det ikkje allereie er tatt, kan det vere aktuelt med biopsi (vevsprøve) frå svulsten. 

Behandling

Dei vanlegaste behandlingsmetodane ved hudkreft er nemnde under. Felles for all behandling er at ho som regel skjer poliklinisk.

Det finst fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

 

Den reseptbelagte kremen Imiquimod (Aldara®) blir også brukt. I sjeldne tilfelle er det aktuelt med strålebehandling.

Kor lang tid tar normalt behandlinga?

Behandlinga går i all hovudsak føre seg poliklinisk og tar vanlegvis kort tid (30–90 minutt). Imiquimod-krem blir brukt heime i cirka 6 veker.

Oppfølging

Dei aller fleste er heila etter behandling. Det blir likevel anbefalt kontrollar hos lege dei første par åra etter behandling.

Det vil også vere fornuftig å verne seg mot overdriven soling i framtida. Bruk av solhatt, parasoll og solvernekremar er tilrådd. Dette vil vere med på å redusere faren for nye krefttilfelle.

Kontakt

Hudbygget Hudavdelinga

Kontakt Hudavdelinga

Oppmøtestad

Hudbygget på Haukelandsområdet, Jonas Lies vei 73

Hudbygget

Jonas Lies vei 73

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida pasientreisar.no​ for meir informasjon eller ring 05515.

Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.