Høyreprøve
Ein høyrselstest (audiometri) kan bestå av fleire ulike testar, alt etter kva symptom du har. Testane blir gjorde for å undersøke høyrselen din og avdekke om det er behov for oppfølging. Ved nedsett høyrsel blir resultata tolka for å finne årsaka.
Tilvising og vurdering
Forløpet ved ein høyrselstest kan variere noko frå sjukehus til sjukehus.
Før
Det er ein fordel om øyregangane blir kontrollerte for ørevoks i forkant av besøket. Om det ikkje er mogleg å sjå trommehinna vil det påverke testane.
Under
Vanlegvis er det ein audiograf som utfører testane.

Audiografen undersøker først øyra dine med eit otoskop.
Høyrselstest med tonar (rentoneaudiogram)
Rentoneaudiogram er ein høyrselstest med ulike tonar. Her ønsker vi å finne det svakaste lydnivået du høyrer på. Lydane vil variere i både styrke og tone, såkalla frekvens.
Testen blir gjord med hovudtelefonar og ein beinleiar, som er ein bøyel på hovudet. Beinleiaren er sentral i å finne årsaka til høyrselstapet ditt.
Høyrselstest med ord (taleaudiometri)
Ved taleaudiometri får du høyre ord i ulike styrkenivå som du skal gjenta. På den måten finn vi høyreterskelen din for tale, og korleis du oppfattar tale.
Det kan også gjerast andre testar, som for eksempel ubehagnivå for sterke lydar. Det er også mogleg med objektive høyrselstestar der du ikkje treng å medverke, som tympanometri, som måler rørsle på trommehinna og trykte i mellomøyret.
Etter
Høyrselstestane går vi gjennom saman med deg og vidare oppfølging blir avtalt saman med lege. Dei vanlegaste behandlingsmetodane er høyreapparat, medisinar eller kirurgi.
Kontakt
Sentralblokka
Høyresentralen
Ventetid: 50 uker
Ventetid: 50 uker
Kontakt HøyresentralenOppmøtestad
Når du kommer til Haukeland Universitetssykehus, ta heis nord til 2 etasje i Sentralblokken og gå til høyre. Henvend deg i resepsjonen ved Øre-nese-halspoliklinikken, Klinikk for hode hals. Du blir der vist vei til riktig venterom.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen