Når ein blir utskrive blir ein sjukemeld i minst ei veke fram i tid, lenger ved for eksempel støvete handverk. Til å begynne med skal ein dryppe auget seks gonger dagleg, med nedtrapping over ni månader. Første månaden bruker ein også salve om kvelden og prednisolontablettar.
Normalt er det kontroll hos eigen augelege månadleg det første halvåret og sidan annankvar månad fram til stinga blir fjerna. Stinga kan bli fjerna hos eigen augelege eller ved Augeavdelinga. Ein månad etter at stinga er fjerna, kan ein få tilpassa hard kontaktlinse hos ein optikar med mykje erfaring med harde linser. Vidare oppfølging hos optikaren, ved ukomplisert forløp er det ikkje nødvendig med augelegekontrollar.
Synet er vanlegvis svært tåkete til å begynne med og klarnar litt i løpet av den første månaden. Men det vil fortsatt vere dårleg skarpsyn, fordi det blir mykje hornhinneskeivheit når ein syr på eit transplantat. Brukbart skarpsyn kan ein ikkje vente før ein eventuelt har fått tilpassa hard kontaktlinse.
Risiko ved inngrepet
Skarpsynet kan ein ikkje forvente vil bli betre enn 0,1 («10 prosent») utan hard kontaktlinse. Eldre pasientar eller pasientar som ikkje er så stødige på handa, kan ikkje forvente å klare å lære seg handtering av kontaktlinser. Då blir synsutbyttet begrensa.
Risikoen for transplantatreaksjon er 18 prosent. Dersom det har vekse blodkar inn i hornhinna aukar risikoen for transplantatreaksjon, fordi transplantatet kjem i kontakt med mottakarens blodceller og kroppen kan identifisere transplantatet som «framand».
Under operasjonen er det ein minimal risiko for spontan, kraftig bløding i auget, som i verste fall kan føre til at ein blir blind.
Om ein har hatt herpesvirusbetennelse i det aktuelle auget er det risiko for at slik betennelse kan komme igjen og resultere i uklart transplantat.
Så lenge det er sting i hornhinna er det også auka risiko for hornhinnebetennelse.
Eit transplantat kan bli uklart etter kvart med eventuelt behov for å transplantere på nytt. Prognosen blir dårlegare for kvar gong ein retransplanterer.