Hornhinnetransplantasjon, gjennomgåande

Augeavdelinga

Ved gjennomgåande hornhinnetransplantasjon byter ein hornhinna ut i full tjukkleik. Ein stansar ut omlag åtte millimeter av hornhinna og syr på tilsvarande frå ei givarhornhinne.

Innleiing

Dei vanlegaste årsakene til denne operasjonen er arr etter skadar eller infeksjonar, uttalt keratokonus (spiss hornhinne) og hornhinneødem (for mykje væske i hornhinna) som gir tåkesyn og eventuelle smerter.

Hornhinna blir sydd fast med 24 lykkjer av samanhengande sting eller 16 enkeltståande sting. Stinga fjernast normalt etter ca. 18 månader.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Vanlegvis er ein innlagd på pasienthotellet 4-7 dagar. Om ein ikkje klarer seg sjølv kan ein eventuelt vere innlagd på sengeposten.

Første dagen på sjukehuset blir ein skriven inn, undersøkt og har samtale med sjukepleiar, vakthavande lege og kirurg. Ein får utlevert nokre medisinar og augedropar som ein skal ta før operasjon. 

2. Under

Dag to er det operasjon og sjølve operasjonen tar rundt to timar. Dei aller fleste blir opererte med lokalbedøving, nokre få med narkose.

Pasienten får beroligande medisin på førehand og har venflon i armen, slik at det er lett å supplere med medisin undervegs ved behov. Augemusklane er bedøvde og auget blir halde ope med trådar i augelokka, slik at pasienten ikkje treng tenke på å halde auget ope eller i riktig posisjon.

Ved avslutning av operasjonen syr ein augelokka igjen med dei same trådane, slik at augelokka kan fungere som inste bandasje inntil overflatesåret på hornhinna er grodd, vanlegvis ca. tre dagar. I tillegg får ein bandasje utanpå auget og eit plastskjold ytst. 

Det er normalt med litt sårheit, ruskkjensle og lett svie etter operasjonen, men det pleier ikkje vere mykje smerter. Nokre pasientar får trykksmerter i auget i løpet av første døgnet. Det kjennest som press i auget, hovudverk på den aktuelle sida og eventuelt kvalme. Da er det viktig å gi beskjed til sjukepleiar slik at ein kan få senka trykket med medisinar.

Ein kan vere oppe etter operasjonen og gå tilbake til hotellet. Pasienten får dagleg legeundersøking, og kjem morgon og kveld innom sengeposten for å få salve på auget og medisinar.

3. Etter

Når ein blir utskrive blir ein sjukemeld i minst ei veke fram i tid, lenger ved for eksempel støvete handverk. Til å begynne med skal ein dryppe auget seks gonger dagleg, med nedtrapping over ni månader. Første månaden bruker ein også salve om kvelden og prednisolontablettar.

Normalt er det kontroll hos eigen augelege månadleg det første halvåret og sidan annankvar månad fram til stinga blir fjerna. Stinga kan bli fjerna hos eigen augelege eller ved Augeavdelinga. Ein månad etter at stinga er fjerna, kan ein få tilpassa hard kontaktlinse hos ein optikar med mykje erfaring med harde linser. Vidare oppfølging hos optikaren, ved ukomplisert forløp er det ikkje nødvendig med augelegekontrollar.

Synet er vanlegvis svært tåkete til å begynne med og klarnar litt i løpet av den første månaden. Men det vil fortsatt vere dårleg skarpsyn, fordi det blir mykje hornhinneskeivheit når ein syr på eit transplantat. Brukbart skarpsyn kan ein ikkje vente før ein eventuelt har fått tilpassa hard kontaktlinse.

Risiko ved inngrepet

Skarpsynet kan ein ikkje forvente vil bli betre enn 0,1 («10 prosent») utan hard kontaktlinse. Eldre pasientar eller pasientar som ikkje er så stødige på handa, kan ikkje forvente å klare å lære seg handtering av kontaktlinser. Då blir synsutbyttet begrensa.

Risikoen for transplantatreaksjon er 18 prosent. Dersom det har vekse blodkar inn i hornhinna aukar risikoen for transplantatreaksjon, fordi transplantatet kjem i kontakt med mottakarens blodceller og kroppen kan identifisere transplantatet som «framand». 

Under operasjonen er det ein minimal risiko for spontan, kraftig bløding i auget, som i verste fall kan føre til at ein blir blind.

Om ein har hatt herpesvirusbetennelse i det aktuelle auget er det risiko for at slik betennelse kan komme igjen og resultere i uklart transplantat. 

Så lenge det er sting i hornhinna er det også auka risiko for hornhinnebetennelse.

Eit transplantat kan bli uklart etter kvart med eventuelt behov for å transplantere på nytt. Prognosen blir dårlegare for kvar gong ein retransplanterer.

Ver merksam

Dersom synet brått blir meir tåkete og / eller auget blir raudt, er det viktig å ta raskt kontakt med eigen augelege, fordi det kan vere transplantatreaksjon i utvikling. Dersom ein får starta behandling i løpet av ein dag eller to, er det håp om å redde transplantatet. Dersom det oppstår ruskkjensle er det også viktig å ta kontakt med eigen augelege straks, fordi det kan vere lause sting.

Slag mot auget er den største trusselen etter transplantasjon, fordi stinga alltid vil vere eit svakt punkt og sjølv lette dask av ei barnehand eller ein hagekvist kan vere katastrofale. Det er derfor nødvendig å beskytte seg med briller om ein blir eksponert for noko som kan gi den minste risiko for augetraume. Ballspel er klokast å unngå, eller ein må i hvert fall ha solide vernebriller med strikk i nakken.

På grunn av risiko for hornhinnebetennelse er det ikkje klokt å bade i basseng eller sjø, så lenge stinga sit i hornhinna. Det er ikkje noko avgrensing i fysisk aktivitet etter utskriving frå sjukehuset.

Kontakt

Augeavdelinga
Telefon
55974100
måndag - fredag Kl. 08.00-15.30
Augebygget
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72, vis-a-vis Kvinneklinikken(Google maps)
5053 Bergen
Telefon
55975000
E-post

slik kjem du til augebygget

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.