Forsiktigheit
Dersom synet brått blir meir tåkete og / eller auga blir raudt, er det viktig å ta kontakt med augelegen sin raskt, fordi det kan vere transplantatreaksjon i utvikling. Viss ein får starta behandling i løpet av ein dag eller to er det håp om å redde transplantatet.
Det er ikkje klokt å bade i basseng eller sjø så lenge stinga sit i hornhinna, pga risiko for hornhinnebetennelse.
Det er ingen avgrensingar i fysisk aktivitet etter utskriving frå sjukehuset.
Risiko med inngrepet
Risikoen for transplantatreaksjon er ca. 10 prosent.
Under operasjonen er det ein minimal risiko for spontan, kraftig bløding i auga, som i verste fall kan føre til at ein blir blind.
Viss ein har hatt herpesvirusbetennelse i det aktuelle auga er det risiko for at slik betennelse kan komme igjen og resultere i uklart transplantat.
Så lenge det er sting i hornhinna er det også auka risiko for hornhinnebetennelse.