Hofteproteseoperasjon

Ortopedisk avdeling Haukeland

Den vanlegaste årsaka til å operere inn ein protese i hofta, er slitasjegikt (artrose). Operasjonen kan bli utført ved ein fremre, midtre eller bakre tilgang. Kva tilgang ortopeden bruker, verkar inn på kor mykje pasienten får bevege seg i etterkant av operasjonen.

Les meir om Artrose
Informasjon frå helsenorge.no

Artrose

Artrose (slitasjegikt) kan gjøre leddene stive og smertefulle. Da kan hverdagslige gjøremål, som å ta oppvasken eller knytte skolissene, bli vanskelige. Selv om det ikke finnes noen kur for artrose, finnes det behandling som kan lette artroseplagene og gjøre det lettere å bevege seg.

Artrose, eller slitasjegikt, er en sykdom som rammer leddene. Hyppigst rammes leddene i knærne, hoftene, hendene og ryggraden. Ved artrose blir brusken i leddet gradvis slitt ned og kan forsvinne helt.

Risikoen for å utvikle artrose øker med alderen og er hyppigst fra 45-50 årsalder og oppover. Andre faktorer som spiller inn kan være overvekt, tidligere skader eller at du har familiemedlemmer med artrose.

Symptomer på artrose

Symptomene på artrose kommer vanligvis gradvis, noen ganger over flere år. De vanligste symptomene er:

  • Smerter – smertene kan være konstante, eller starte når du bruker leddet. De kan være brennende, verkende eller skarpe.
  • Stivhet – ofte verst om morgenen.
  • Bevegelsesvansker – vanskelig å gå i trapper eller nå øverste hylle.
  • Hovne og fortykkede ledd.
  • En knasende følelse i leddene.
  • Muskelsvakhet omkring leddet som er angrepet.

For at legen skal kunne stille diagnosen, er det viktig at du beskriver smerten, hvor den er lokalisert, om det er bevegelser eller andre forhold som lindrer eller forsterker smerten. Legen vil også bestille undersøkelser, som røntgen og blodprøver, for å finne ut om plagene dine skyldes artrose.

Les meir om Artrose (slitasjegikt) (helsenorge.no)

Innleiing

Hofteprotese kan vere halvprotese (hemiprotese) eller heilprotese (totalprotese). Når halvprotese blir brukt er det kun lårbeinshovudet som blir skifta ut. Ved heilprotese erstattar ein både lårbeinshovudet og hofteskåla.  

Tilvising og vurdering

Før tilvising, må fastlege sørge for at det er tatt vanlege røntgenbilde av artroseleddet.

Etter tilvising frå fastlege blir du kalla inn til poliklinisk undersøking. Dersom denne undersøkinga viser at du treng operasjon for å sette inn hofteprotese, vil du få brev med innkalling. 

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Før operasjonen skal du gjennom nokre førebuingar for å redusere risikoen for komplikasjonar.

Vaske kroppen med Hibiscrub

Du skal vaske deg med Hibiscrub på operasjonsdagen. Hibiscrub er bakteriedrepande og reduserer risikoen for infeksjon. Du treng ikkje vaske håret med Hibiscrub, men ver nøye med kroppsvask. Etter dusjing skal du ikkje bruke parfyme, kremar, sminke, smykke, piercingar eller neglelakk, og du skal ha på deg reine klede. Dersom du skal møte på sjukehuset på operasjonsdagen, skal du ta vasken med Hibiscrub heime.

Faste og medisinar

På operasjonsdagen skal du møte fastande, det vil seie ikkje ete, drikke, røyke, snuse eller ta pastillar/drops. Du må berre ta eventuelle medisinar som anestesilegen på førehand har sagt er sikre å bruke.

2. Under

Ved hofteoperasjonar blir bedøving i dei aller fleste tilfella sett i ryggen, ei såkalla spinalbedøving der du er vaken. Av og til vel vi narkose i samråd med anestesilegen, og du vil då sove under inngrepet.

Ein anestesisjukepleiar sit ved deg under heile operasjonen. Han eller ho er kontaktpersonen din, og passer på at du har det bra. Du skal ikkje kjenne smerte, men du vil merke litt risting i kroppen mens ortopeden skiftar leddet. Du vil også kunne høyre hamring, saging og borring.

Du kan høyre på musikk under operasjonen dersom du ønskjer det. Ta med den musikken du ønskjer. Dersom du heller vil sove litt kan du få avslappande medisinar.

Operasjonen blir utført under strenge hygieniske forhold. Hofteoperasjonar blir i dag gjort i sideleie. Ortopeden opnar hofteleddet med eit snitt ved hofta. Vi fjernar leddhovudet etter at lårhalsen er kutta. Denne delen blir erstatta av ein protese i rustfritt stål eller titanlegering. Hofteskåla blir erstatta med ei plastskål eller titanskål. 

Protesane fins i fleire størrelsar, og ortopeden vel den som passar best for deg. Dei sementfrie komponentane blir banka på plass. Protesane gror så fast til beinet i løpet av to til tre månader. Nokre protesar blir festa med beinsement som blandast og tørkar i løpet av få minutt. 

Etter at leddhovudet er montert på, blir hofteprotesen sett i ledd. Vi sjekkar beinlengde og at hofta er stabil ved vanlege bevegelsar slik at ho ikkje seinare «går ut av ledd». Før vi let igjen såret, blir det sett lokalbedøving i sårhola for å lindre smertene etter avslutta operasjon.

Operasjonstid for hofteprotesar varierer noko, men ligg på cirka 90 minutt.

3. Etter

Normalt vil du ligge på overvakinga (intensiv/recovery) dei første timane etter operasjon. Spinalbedøvinga varer tre til fem timar. Du vil vanlegvis vere tilbake på ortopedisk sengepost same kveld.

Start gjenopptrening

Start med sirkulasjonsøvingar i senga så fort du kan bevege beina. Det viktigaste tiltaket for å førebygge blodpropp og gjenvinne funksjon, er å kome seg opp på beina så fort som mogeleg. Du vil raskt få hjelp av sjukepleiar og/eller fysioterapeut for å stå og bevege deg litt. Dette blir gjentatt mange gongar dei første døgna, til du ikkje lenger treng hjelp.

Opphaldet på sjukehuset er for dei fleste cirka to til fire døgn. I løpet av denne tida blir du gradvis meir mobil. Den første dagen etter operasjonen kjem dei fleste seg på beina, og går nokre skritt med preikestol. Etter to til tre dagar treng dei fleste ikkje lenger hjelp med å flytte seg, og kjem seg inn og ut av senga på eiga hand. Mange startar i løpet av denne tida også med krykker. Trappetrening blir gjennomført saman med fysioterapeut før utreise. Du får hjelp av personalet vidare ved behov, men det er viktig å hugse at du lærer best når du prøver sjølv. Vi legg difor vekt på å rettleie deg best mogeleg, slik at du får god trening i dei fleste situasjonar.

Du får blodfortynnande medikament etter operasjonen. Dette for å redusere risiko for blodpropp. For å minske risikoen ytterlegare er det svært viktig at du blir meir aktiv og hugsar å gjennomføre øvingane du har lært av fysioterapeuten.

Smerter

Den første tida etter operasjonen kan ein naturleg nok kjenne ein del smerter rundt den opererte hofta. Smertene blir lindra med medisinar, og desse skal takast med jamne mellomrom og til avtalte tider. Du skal ikkje vente til du kjenner auka smerter før du tar smertestillande. Dette er for å unngå såkalla smertetoppar. Erfaring viser at det tar lengre tid å få redusert smertene igjen etter ein slik topp. Dersom du har sterke smerter sjølv om du tar avtalt medisin, er det viktig at du tar kontakt med personalet. Då kan du få andre medisinar i tillegg. 

Ver merksam

Nær 90 prosent av dei som får hofteprotese blir nøgde, og dei er det også 10 år etter operasjonen. Det er over 90 prosent sjanse for at protesen varar i lengre enn 10 år.

Dei vanlegaste komplikasjonane etter operasjon er infeksjon (1-3 prosent) eller protesen ut av ledd (0,5-3 prosent).

Det er svært viktig at du kontaktar lege raskt dersom det skulle komme teikn til infeksjon etter operasjonen (raudfarge, varme, væskelekkasje frå såret, feber, auka smerter). Sjeldnare komplikasjonar er skader på nerver eller blodkar under operasjonen og brot i knoklane rundt protesen.

Kontakt

Ortopedisk avdeling, Haukeland
Telefon
Ekspedisjon 55975670 | Poliklinikken 55972837 | Sengepostane: Vest - Traumatologi 55973757 | Aust - Rygg og sarcom 55973760 | Syd - Protese og hoftebrot 55973750 | Ortopedisk infeksjonspost 55975520 | Ganglaboratoriet 55977070
E-post
Sentralblokka
Besøksadresse
Haukelandsveien 22(Google maps)
5021 Bergen
Telefon
55975000

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Flybussen mellom Flesland og Haukeland Universitetssjukehus er innstilt i jul og romjul (kjører til og med 21.des).
Oppstart etter nyttår blir 2.januar 2019.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er ope for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.