Hofteleddsartrose (Coxartrose)
Artrose i hofta er ein vanleg tilstand og forårsakar smerter og stivleik i hofta. Det finst fleire moglegheiter for behandling, både med og utan kirurgi.
Symptom
Hofta er eit av dei ledda i kroppen som hyppigast er utsett for artrose. Hofteleddet består av hofteskåla og hoftekula til lårbeinet. Både hofteskåla og hoftekula er "kledd" med glatt brusk som sikrar at rørsler skjer med minst mogleg motstand. Ved artrose er brusken og kanskje også beinet skadd. Dette kan medføre smerter, særleg ved belasting, men hos somme også i kvile og om natta. I tillegg finst stivleik, redusert rørsle og oppleving av at beinet sviktar.
Les meir om behandlingsval ved hofteartrose (helsenorge.no)
Tilvising og vurdering
Før tilvising må det takast eit røntgenbilete. Fastlegen bestiller dette og tilviser deretter til ortopedisk avdeling for vurdering. Etter at tilvisinga er motteken, vil du bli kalla inn til time i poliklinikken.
Utgreiing
På den polikliniske timen vil ein ortoped gjere ei vurdering av hofta di på bakgrunn av røntgenbilete, undersøking og samtale. Avhengig av resultata frå dette vil du få informasjon om dei vidare behandlingsmoglegheitene. Alle skal prøve behandling utan kirurgi før ein vurderer kirurgisk behandling.

Oppfølging
Ved ikkje-kirurgisk behandling blir du følgd opp av fastlegen og fysioterapeuten. Det er mange som opplever god framgang med denne forma for behandling, og kanskje slepper ein kontakt med sjukehuset.
Dersom ein planleggjar operasjon med hofteprotese vil det setjast av ein operasjonsdag fram i tid. Du vil få innkalling med informasjon om oppmøtestad og tidspunkt. Les meir under punktet «Hofteartrose (coxartrose) – behandling med protese» over.