Hoftebrot, operasjon av brot nedanfor lårhalsen
Hoftebrot/lårhalsbrot blir behandla med operasjon. Hensikten med operasjonen er å stabilisere brotet slik at det kan gro godt, og at du kan komme deg opp og belaste beinet med ein gong.
Før
Brot i hofta er ikkje uvanleg hos eldre. Når brotet sit nedanfor lårhalsen er det vanleg å stabilisere brotet ved hjelp av ei metallplate og skruar (glideskrue), eller ved hjelp av ein metallnagle (margnagle) som blir ført inn i margkanalen.
Før operasjonen må du faste i minst seks timar. Det betyr at du ikkje skal ete, røykje, bruke snus, tyggje tyggjegummi eller pastillar. Du kan drikke klare væsker som saft og vatn (men ikkje noko anna) fram til to timar før operasjonen.
Under
Under operasjonen blir det lage snitt i huda på utsida av lår og hofte. Metallnaglen blir deretter ført ned i margkanalen og skrudd fast. Alternativt skrur ein fast ei metallplate med skruar. Deretter blir såra sydd igjen.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarEtter
Etter operasjonen
Når operasjonen er ferdig blir du liggande ei stund på postoperativ avdeling før du kjem tilbake til eining for hoftebrot. Dersom du blir operert på morgonen, vil du mest sannsynleg kome tilbake til eininga i løpet av ettermiddagen.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Sengepostar er i 7. etasje, og poliklinikk er i 2. etasje i Sentralblokka.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen