Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Hjertesvikt - livsstilsbehandling
Behandling av hjartesvikt består i å korrigere årsaker til hjartesvikt, og å avlaste hjartet slik at restfunksjonen blir betre utnytta. Tilleggssjukdommar må også bli behandla. Behandlinga består av livsstilsendringar, medikamentell behandling og kirurgiske eller kateterbasert inngripen. Har du hjartesvikt, treng du som oftast livslang behandling og oppfølging.
Før
Hjartesvikt kan ha mange årsaker, og ofte er det fleire årsaker til hjartesvikt hos éin og same person. Dei vanlegaste årsakene til hjartesvikt er kransåresjukdom (tronge blodårer til hjartet) og høgt blodtrykk. Desse sjukdommane er kalla livsstilssjukdommar, altså sjukdommar ein i stor grad kan unngå gjennom ein meir gunstig livsstil.
Det viktigaste vi kan gjere for å forhindre hjartesvikt, er derfor å oppnå betre livsstil i befolkninga generelt.
Dei viktigaste tiltaka du kan gjere for å unngå hjartesvikt i framtida, er:
Å mosjonere jamleg
Halde vekta nede
Ete normalt sunt med høgt inntak av grønsaker og grove kornprodukt og lågt inntak av sukker, salt og feitt.
Slutte å røyke.
Du behøver ikkje vere totalavhaldande frå alkohol, men du bør unngå eit høgt alkoholinntak (meir enn 1–2 einingar per dag for kvinner og 2–3 einingar for menn).

Under
Eigeninnsats er ein berebjelke i hjartesviktbehandlinga. Alle som har hjartesvikt, bør følge dei livsstilsråda dei får av legen, og for dei fleste vil det innebere ei omlegging av livsstilen. Sjølv om dette kan vere vanskeleg å få til, vil du få betra livskvalitet og mindre symptom dersom du klarer å følge råda under.
Vektkontroll
Vektkontroll med føring av dagbok kvar veke (ev. hyppigare i ustabile fasar) er noko av det viktigaste i eigenbehandlinga. På lang sikt er det anbefalt kontrollert vektnedgang dersom du er overvektig i utgangspunktet. Dersom du derimot er mager i utgangspunktet, bør du trene for å auke muskelmassen.
Unødvendige kilo er ei ekstra belastning for hjartet. Vektreduksjon ned mot idealvekt er anbefalt. Ved starten av hjartesviktbehandlinga vil vekta ofte gå ned på grunn av at det skiljast ut meir vatn. I stabile fasar er stabil vekt eit teikn på at sjukdommen er under kontroll.
Vektoppgang kan vere uttrykk for væskeoppsamling og behov for å auke behandlinga med vassdrivande medikament (diuretika). Vektreduksjon som ikkje er planlagt, kan vere utrykk for væskeunderskot med fare for påverknad av nyrer og salt i kroppen.
Kosthald
Anbefalt kosthald til deg med hjartesvikt er det same som blir anbefalt som sunt, hjartevennleg kosthald til befolkninga elles. Har du hjartesvikt, bør du unngå salt mat, og du bør ikkje bruke ekstra salt i matlaginga. Mindre væskeinntak er sjeldan nødvendig i stabile fasar av sjukdommen, men kan vere nyttig om du har hevelsar i beina.
Røykestopp
Røyking aukar innhaldet av karbonoksid (kolos) i blodet. Kolos binder seg sterkare til dei raude blodlekamane enn oksygen og blokkerer for oksygentransporten. Ved hjartesvikt klarer ikkje hjartet å dekke alle behova for oksygen som organa har. Røyking vil forverre situasjonen ytterlegare. Røyking medfører òg at åreforkalkingsprosessen i kransårene til hjartet aukar. Har du hjartesvikt, anbefaler vi derfor at du sluttar å røyke.
Alkoholforbruk
Alkohol påverkar blodsirkulasjonen og har ein negativ verknad på hjartemuskelcellene. Det åtvarast mot dagleg alkoholinntak og større enkeltinntak av alkohol hos pasientar med hjartesvikt. Derimot inneber eit moderat forbruk av alkohol ingen risiko. Hos enkelte vil alkohol utløyse/forverre tilstanden, og avhald kan då «kurere» sjukdommen.
Fysisk aktivitet
Dagleg fysisk aktivitet er ønskeleg ved alle grader av hjartesvikt. Det er viktig at aktivitetsnivået blir tilpassa deg, og du må vere spesielt varsam dersom du har alvorleg hjartesvikt. Regelmessig trening på eiga hand er viktig.
Dei fleste som har hjartesvikt, bør trene slik at dei blir sveitte og andpustne minimum tre gonger i veka. Det er lurt at du set deg eit konkret mål, for eksempel å gå ein bestemt tur (helst med nokre ordentlege oppoverbakkar) tre gonger i veka. Nokon synst det er nyttig å følge med på ein skritteljar (dei fleste moderne telefonar har slike), der du bør ligge på minst 10 000 skritt per dag. Nokre få grupper av pasientar med arveleg årsak til hjartesvikt bør unngå hardtrening og større påkjenningar. Spør legen din dersom du er i tvil.
Seksuell aktivitet
Det er ikkje haldepunkt for at det er farleg å utføre seksuell aktivitet dersom du har hjartesvikt. Mange som har hjartesvikt, slit med potensen på grunn av sjukdommen i seg sjølv, tilleggssjukdommar og medisinbruk. Du behøver ikkje å vere redd for å ta opp dette problemet med legen din!
Vaksinar
Pasienter med hjartesvikt, vil tole vanlege infeksjonssjukdommar dårlegare enn befolkninga elles. Fleirtalet av dei som har hjartesvikt, bør derfor rutinemessig vaksinere seg mot influensavirus (kvar haust), og enkelte bør òg få pneumokokkvaksine. Spør legen din om du bør bli vaksinert.

Etter
Å leve med hjartesvikt vil for mange bety avgrensingar i det daglege livet og dermed redusert livskvalitet. For den enkelte som har hjartesvikt og pårørande, er det derfor viktig å ha kunnskap om sjukdommen og om enkle prinsipp som kan redusere symptom og plager. Den enkelte må ta ansvar for eigen sjukdom og bør følge dei råda som blir gitt med tanke på eigenbehandling. Dette er ofte det viktigaste enkelttiltaket for å unngå hyppige sjukehusinnleggingar.
Har du hjartesvikt, treng du vanlegvis livslang behandling og oppfølging. Dette gjeld i høgaste grad òg livsstilsråd: Ein sunn og tilpassa livsstil både førebygger hjartesvikt, betrar symptoma ved hjartesvikt og hindrar tilbakefall.

Poliklinikken ligg i 1. etasje i Sentralblokka. Fellesekspedisjonen der pasientar som vert innlagt etter venteliste skal møte ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Sengepostane finn du i 6. etasje same stad.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Rettar/Rettane dine Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt. Les meir om rettane dine ved pasientreiser
I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla.
Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir.
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Telefon resepsjon: 55 97 50 00
I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.
Besøke pasientar Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.
Betale eigendel Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.
Bestille drosje Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.
Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:
Lån av rullestol Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum.
Følgeteneste Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.
Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.
Oppbevaringsboksar Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.
Hittegods Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.