HELSENORGE
Koronar angiografi / Medisinsk avdeling Voss

Hjertekateteriseringved Voss sjukehus

Hjartet er ein muskel som sørger for at alle organ i kroppen får oksygenrikt blod. Hjartet får tilført oksygen gjennom kransarteriane (koronararteriane) som ligg utanpå hjartet. Angina Pectoris kjem som regel av forsnevringar eller tilstopping av kransarteriane. For å undersøke forholda i hjartet, utfører vi  koronar angiografi. 

Før

  • Du skal møte ved Hjarteavdelinga sin poliklinikk i 1. etasje, Sentralblokka. Der vil du bli henta av ein sjukepleiar som viser deg inn til ambulantstova. Ambulantstova er eit førebuingsrom/venterom. Her vil du få sitte i lenestol eller ligge i seng.
  • Dusj kvelden før, eller same morgon som undersøkinga, om tilstanden din tillèt det.
  • Du må fjerne neglelakk og sminke og ta av klokke, ringar og smykke.
  • Du skal ikkje drikke koffeinhalding drikke etter midnatt. 
  • Du kan ete små porsjonar til alle måltid før undersøkinga.
  • Du skal ta dine faste morgonmedisinar, unntatt
    • diuretika (vanndrivande)
    • blodtynnande medisinar som Marevan®, Klexane®, Eliquis®, Xarelto®, Pradaxa®, Arixtra®.
    • Metformin®, Glucophage®, Janumet® (diabetesmedisin).
  • Du har på deg pasientskjorte under undersøkinga. 
  • Du får ein venekanyle i armen og det blir kopla til intravenøs væske.
  • Dersom du har nedsett nyrefunksjon, får du ei ekstra mengde intravenøs væske, du skal og passe på å drikke litt godt kvelden før.
  • Du skal late vatnet før undersøkinga.

Under

  • Du ligg på ein undersøkingsbenk med røntgenapparat. 
  • Du er vaken heile tida.
  • Du får lokalbedøving ved innstikkstaden (handleddet eller lysken). 
  • Vi fører eit tynt kateter opp gjennom pulsåra og til hjartet. 
  • Vi gir kontrastvæske gjennom kateteret, og forsnevringar i kransarteriane blir synlige på røntgen. 
  • Du kan oppleve ubehag i arm ved innføring av kateteret.
  • Du kan oppleve lett varmefølelse når du får kontrastvæske.
  • Det er viktig at du gjev beskjed til personalet om eventuelle ubehag eller smerter. 
  • Undersøkinga varer ca. 1/2 - 1 time.


Etter

  • Vi måler blodtrykk og puls
  • Du får eit lite måltid
  • Vi kontrollerer innstikkstaden

Tilgang via handleddet:

  • Du skal vera 1 – 1,5 timar til observasjon etter hjartekateterisering.
  • Over innstikkstaden på handleddet får du teipa fast ein liten rull som du kan fjerne etter 5 timar. Du kan kjenne prikking i fingrane, dette kan vera lokalbedøvinga som går ut eller at bandasjen er litt stram. 
  • Om du begynner å blø eller det oppstår hevelse, må du gi beskjed til personalet. 
  • Armen skal haldast i ro denne dagen.

Tilgang via lysken:

  • Sengeleie etter undersøkinga. Kor lenge du må ligge, kjem an på kva måte ein lukkar innstikkstaden på; mellom 2-4 timar. Det er viktig at du ligg flatt. Du kan ikkje løfte på overkroppen, og du må halde beina i ro. 
  • Over innstikkstaden får du ein liten plasterlapp. Den kan du ta av etter 2 dagar.

Dette må du ta hensyn til etter inngrepet: 

  • Følg nøye med innstikkstaden. Meld frå om du merkar teikn til bløding, hevelse eller om du får smerter.
  • Det er vanlig med blåmerker rundt innstikkstaden. Det kan vera litt ømt dei første dagane.
  • Du kan dusje som vanlig dagen etter undersøkinga. Skift bandasje for å unngå forureining av innstikkstaden.
  • Du kan ikkje køyre bil same dag som undersøkinga. Dette er på grunn av blødingsfare og fordi du kan få medikament som kan påverke merksemda di.  
  • Du skal ikkje løfte tungt dei to første dagane uansett innstikkstad.
  • Du skal vera forsiktig med fysisk aktivitet dei første to dagane etter innstikk i lysken.
  • Kontakt fastlegen din eller legevakt om du opplever komplikasjonar eller problem etter at du er utskriven.

Innlegging på sengepost

I enkelte situasjonar kan du bli innlagt på vår sengepost etter undersøkinga: 

  • Dersom det blir utført blokking av kransårene direkte etter undersøkinga 
  • Dersom det skulle oppstå uventa komplikasjonar. 
  • Dersom resultatet av undersøkinga tilseier at dette er naudsynt.

Resultat av undersøkinga

Du får alltid resultatet av undersøkinga når prosedyren er ferdig. Som regel får du utført utblokking i same prosedyre, dersom det er naudsynt. 

Nokon gonger blir resultata frå undersøkinga drøfta på eit såkalla ”hjartemøte”. Der er hjartekirurgar og hjartespesialistane som har utført undersøkinga til stades. På hjartemøtet tar vi stilling til kva for ei behandling du bør få. Nokre gonger vil avgjersla bli tatt medan du er på sjukehuset, men oftast får du beskjed etter at du er utskriven. Forklaringa er at hjartemøte ofte blir halde etter at du har reist heim. Det vil då bli inngått avtale om telefonkontakt med den som har vore din lege under opphaldet. Beskjed om dette vil du få ved utreisa. 

Dersom du ikkje har høyrt noko frå Hjarteavdelinga innan 1-2 veker etter heimreisa, bør du ringe Hjarteavdelinga sitt Innleggingskontor . Normalt skal du få beskjed frå oss, men for tryggleiken si skuld vil vi understreke dette.

Ny vurdering (Second opinion)

Dersom du er ueinig i avgjersla som Hjarteavdelinga har teke om vidare behandling av din hjartesjukdom, kan du be om ny vurdering ved Rikshospitalet i Oslo. Hjarteavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus har avtale med Rikshospitalet om uavhengig vurdering i særskilte tvilstilfelle.

Ver merksam

Komplikasjonar

Risikoen for komplikasjonar ved koronar angiografi er liten. Den vanligaste komplikasjonen er bløding frå innstikkstaden. Kateteret kan komme borti flak av åreforkalking som kan løsne. I sjeldne tilfelle kan dette utløyse eit hjarteinfarkt eller eit hjerneslag.

Den samla risikoen for alvorlige komplikasjonar er ca. 0,5 prosent.


Kontaktinformasjon

Bil

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

Buss

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

Parkering på sjukehusområdet

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

Taxi

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Tog

Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

Praktisk informasjon

Besøkande ved Voss sjukehus

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

Besøkstider ved Voss sjukehus

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Kva bør du ta med deg til sjukehusopphaldet

Det er ikkje så mykje du treng å ta med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med. Her er ei hugseliste som kan vere til nytte. 

  • Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket.
  • Ta også med ei liste over all medisinen du brukar, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.
  • Morgonkåpe eller romsleg treningsbukse med strikk i livet som kan regulerast. 
  • Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.
  • Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.
  • Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.
  • Ikkje ta med pengar og verdisaker. Kort kan nyttast i kantina og i automat for litt snacks, småmat og toalettartiklar.
  • På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet

Kven møter du på sjukehuset

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Telefon

Du kan ringe avdelinga om du vil snakke medpasienten. Om du har mobiltelefon, kan du bruke denne. Vis omsyn til medpasientar ved all telefonbruk.

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Visittid ved Medisinsk sengepost

Vår visittid er kl. 1​5.00 – 16.00 og kl. 18.00 - 19.30

Fann du det du leita etter?