Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Hjerneslag - fysioterapi

Hjerneslag oppstår brått og er forårsaka av ein blodpropp eller ein blødning i hjernen. Dette fører til at delar av hjernen får for lite eller ingen tilførsel av oksygen, noko som gjer at hjerneceller døyr. Dei vanlegaste utfalla etter hjerneslag er lammelsar i bol, andlet, arm eller bein, samt endra kjenslesans, kognitive vanskar og/eller talevanskar.

Før

g_f9cdd242_c3d8_4e7b_8ee4_eee174dd8672


Pasientar som får eit hjerneslag blir lagt inn ved akuttavdeling ved sjukehus («blålys-pasientar»). Det er viktig å kome raskt til behandling då dette kan påverka både utfallet og omfanget av hjerneslaget. Her blir pasienten behandla medisinsk og kartlagt tverrfagleg. Det blir tatt stilling til kvar rehabiliteringa skal gå for seg vidare.

Under

g_4b0d6cb9_9b3a_499b_ad16_267da63fd272

 

Ved innlegging ved AFMR, Rehabiliteringsklinikken Nordås, gjennomfører fysioterapeuten ei grundig undersøking og kartlegging. Fysioterapeuten undersøker mellom anna aktivitetar i dagleglivet, forflytning, balanse, rørslekontroll, lammelsar, kjenslesans, merksemd, smerter, behov for hjelpemidlar og ortoser.

Saman med pasient, pårørande og det tverrfaglege teamet blir det sett opp rehabiliteringsplan med konkrete målsetjingar i eit eige målmøte. Rehabiliteringsmåla blir fortløpande evaluert og justert under opphaldet.

Under opphaldet er det stort sett daglege behandlingstimar med fysioterapeut (vekedagane). Her er også tilbod om bassengtrening i terapibasseng for aktuelle pasientar. På avdelinga har ein tilgang til rehabiliteringsteknologi som tredemølle med oppheng, LiteGait (oppheng til bruk ved gange på golvet), Erigo (dynamisk ståbord) og Motomed (arm/bensykkel) som vert nytta som eit supplement til behandlinga. I tillegg blir treninga gjennom døgnet ivaretatt av det tverrfaglege personalet med til dømes tiltak som ståbord, eigentrening, forflytningstrening og gangtrening.

Mål under behandlinga kan vera:

  • Auka sjølvstende i forflytning
  • Trygg gangfunksjon
  • Gjenvinna balanse i kroppen
  • Auka styrke og rørslekontroll i den råka kroppshalvdelen
  • Auka merksemd for råka kroppshalvdel
  • Vurdera behov for aktuelle hjelpemidlar og ortoser

Mot slutten av opphaldet blir det tatt stilling til om/eventuelt kvar vidare rehabilitering skal skje, og det blir oppretta kontakt med neste instans for å sikre ei god overføring til primærhelsetenesta.

Etter

g_b044c010_82bd_4c5a_8738_5e8ba1dd5aef

 

Pasient blir skriven ut anten til heimen, vidare rehabilitering i spesialisthelsetenesta, vidare døgnbasert kommunal rehabilitering eller sjukeheim.

Etter 3 månader får pasient innkalling til tverrfagleg poliklinikk ved  Rehabiliteringsklinikken Nordås.

Meir informasjon:

 
 

Kontakt

  • Kontakt Fysioterapi­avdelinga
    Flyfoto av Haukelandsområdet

    Haukeland

    Haukelandsveien 22

    5009 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

     

    ​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

    Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

    Vi råder deg til å la verdisakane ligge att heime då sjukehuset ikkje har forsikringsordningar som dekker tap av personlege ting. Fleire pasientar blir sendt direkte til sjukehuset og vi bruker verdiposar til oppbevaring av kontantar, bankkort og mobiltelefon for dei som har behov for det.

  • Kontakt Fysikalsk medisin og rehabilitering

    Oppmøtestad

    Nordåsgrenda 4
    5235 Rådal

    Logg inn for å endre time

    Nordåsgrenda 4

    Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal

    Transport

    Buss nummer 67 går frå Bergen sentrum til Nordås. Du går av på buss-stoppet «Nordåsgrenda». Du kan også ta buss 67 frå Lagunen.

    Til Lagunen går det bybane fra Flesland og fra Bergen sentrum. Vil du spasere tar det ca. 20 minutt frå Lagunen bybanestopp.

    ​​Det er gratis parkering for pasientar og pårørande utanfor bygget. 

    There is free parking for patients and relatives outside the building.

    Praktisk informasjon

    ​​Har du mobiltelefon er det fint om du har denne på lydlaus medan du oppheld seg i felles areal. Hugs at du ikkje må ta bilder av medpasientar eller tilsette utan deira samtykke.

    ​​Vi ønsker at sjukehusområde vårt skal være røykfritt. Om du skal røyke ber vi deg gjøre dette på oppmerka område. Treng du hjelp til å komme ut for å røyke må du avtale dette med personalet. Vi ber om forståelse for at vi ikkje alltid kan prioritere dette.​

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    ​​Sjukehuset har ikkje forsikringsordninger som dekker tap av verdisaker. Du må derfor oppbevare desse på eige ansvar. Safe på rommet kan nyttast​.