Du vaknar etter operasjonen på Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakingsseksjon (TIO) i sentralblokka. Her ligg du på eit overvakingsrom med fleire sengeplassar, og er tilkopla mykje utstyr. I denne første fasen er det helsepersonell rundt deg heile tida som passar på deg.
Vanlegvis blir du til neste dag. Du kjem sannsynlegvis ikkje til å hugse noko særleg frå denne tida på grunn av narkosen og andre smertestillande medisinar.
Dei fleste pasientar blir flytta til hjarteavdelinga post 4 dagen etter operasjonen. På sengeposten blir du liggande på eit overvakingsrom det første døgeret. Etterpå blir du flytta til vanleg sengerom. Dei første dagane treng du mykje ro og berre nokre få personar bør kome på besøk.
Besøk operasjonsdagen
Det er ikkje vanleg at pårørande kjem på besøk til Postoperativ thorax seksjon. Næraste familie kan ringje dit for å høyre korleis pasienten har det.
Tilstander som kan oppstå
Det er vanlig med blødning det første døgeret etter operasjonen. Nokre pasientar må gjennom ei kirurgisk opning av operasjonssåret for å stoppe blødninga.
- Det kan oppstå infeksjon etter operasjonen.
- Det kan oppstå mindre forstyrringar i hjarterytmen i form av atrieflimmer. Det brukar å normalisere seg etter behandling.
- Ved hjartekirurgi kan leidningssystemet i hjartet bli skadd. Det kan vere forbigåande, men hos enkelte kan det være nødvendig å legge inn ein permanent pacemaker.
- Ein kan oppleve psykiske problem av ulik karakter og eventuelt akutt forvirring (eldre er meir utsett enn yngre pasientar) problema er som regel forbigåande.
Tidleg aktivitet
Etter operasjonen er det viktig å komme i aktivitet. Din eigeninnsats er veldig viktig for vellykka rehabilitering etter hjarteoperasjonen. Ved hjelp av enkle øvingar kan du redusere faren for komplikasjonar. Fysioterapeuten vil informere deg om øvingane før operasjonen.
Øvingar som betrar blodsirkulasjonen og minskar faren for blodpropp:
- Bøy og strekk begge anklar 10 - 20 gonger
- Bøy og strekk eit bein om gongen, 10 gonger med kvart bein
- Stram og slapp av setemusklar og lår 10 gonger
Øvingar som betrar lungefunksjonen og gjer det lettare å hoste opp slim:
- Strekk armane over hovudet, og ta dei ned igjen 10 gonger. Ta gjerne ein arm i gongen.
- Legg hendene på magen. Pust så djupt inn at magen hevar seg og slapp deretter av. Gjenta 5 gonger.
- Du vil få eit munnstykke (PEP-ventil) som gir motstand når du pustar ut slik at dei små luftvegane blir utvida. Når du brukar PEP-ventil vil du lettare hoste opp slim som kan ha samla seg i luftvegane. Blås om lag 10 gonger, gjenta øvinga to til tre gonger med ein liten pause mellom kvar runde. Når du kjenner du må hoste kan du støtte ei pute mot brystet, då gjer det mindre vondt når du hostar.
Den første dagen etter operasjonen vil du få hjelp til å komme opp på sengekanten og trakke nokre skritt ved senga. Treninga blir tilpassa den enkelte for kvar dag. Vi set opp ein plan for kor mykje du skal vere oppe dei første dagane etter operasjonen.
Her ser du eit vanleg aktivitetsprogram for mange av våre pasientar:
- Dag 1: Sitte i stol minst ½ time ved kvart måltid. Bruke pep-ventil/pustehjelpemiddel minst 10 blås om lag kvar time.
- Dag 2: Sitte i stol minst 1 time ved kvart måltid. Gå på rommet eller i korridoren med følgje. Bruke PEP-ventil minst 10 blås om lag kvar time
- Frå dag 3: Vere mest mogleg oppe, kvile ved behov. Gå turar i korridoren. Bruke pep-ventil minst 10 blås om lag kvar time.
Vi hjelper deg med det du måtte trenge for å gjennomføre aktivitetane. På slutten av opphaldet er det viktig å bli meir sjølvhjelpen for å gjere overgangen til heimesituasjonen lettare. Du må ikkje forlate avdelinga utan å gi beskjed til oss.
Brystbeinet gror i løpet av ca. 6-8 veler (litt avhengig av alder). I denne tida er det viktig at du ikkje løfter tungt. Som nyoperert skal du fortrinnsvis la bein/setemusklar bære kroppsvekt når du skal ut/inn av seng, opp av stol og forflytte deg i senga.
Puls
Dei første dagane etter operasjonen har du på deg berbart overvakingsutstyr (telemetriapparat). På vaktrommet kan vi følgje med på hjarterytmen din. Mange får uregelmessig eller hurtig puls i periodar. Det kan kjennast ut som hjartebank. Som oftast er det forbigåande og ufarleg. Det kan bli behandla med rytmeregulerande medisin.
Dersom du får uregelmessig puls etter utreise skal du finne ei god kvilestilling. Du skal ha det mest mogleg komfortabelt til pulsen blir rolegare. Det kan også hjelpe å ta ein smertestillande tablett. Uregelmessig puls glir oftast over av seg sjølv og du kan då vere aktiv som normalt. Får du langvarig hurtig puls eller hjartebank og føler deg tungpusta, ta kontakt med lege.
Smerter
Du kan forvente å trenge smertestillande medisin regelmessig den første tida. God smertebehandling vil både gjere det lettare å vere i aktivitet og å få hosta opp slim. I tillegg til smertene i brystet vil mange oppleve stivheit i nakke og skuldrer.
Her er nokre øvingar som hjelper mot stiv nakke og skuldrer
Hovudet skal ikkje bøyast bakover når du gjer desse øvingane. Gjer øvingane 5-10 gonger.
- Løft skuldrene opp mot hovudet og slipp dei roleg ned igjen.
- Legg fingertuppane på skuldrene. Lag store sirklar med olbogane.
- Plasser hendene i nakken, før olbogane bakover medan du held ryggen rett. Hold stillinga og slapp så av.
- Drei hovudet rolig til sida og hold eit augeblikk. Sjå rett fram. Drei hovudet til den andre sida.
- Bøy hovudet roleg til sida og hold nokre sekund. Rett hovudet opp og bøy til andre sida. Desse øvingane kan du fint fortsette med når du er komen heim.
Pust
Etter operasjonen er lungene «stivare» enn tidlegare, og du kan bli meir kortpusta enn du er vant til. Det kan ta opptil eit par månader før lungefunksjonen blir normal. Å være oppe og i aktivitet er viktig for rask betring.
Temperatur
Det er normalt med litt høgare kroppstemperatur enn ellers dei første dagane etter operasjonen.
Blodprosent
Ein hjarteoperasjon krev normalt ingen behandling med jarntilskot. Det er som regel tilstrekkeleg å ete sunn og variert mat.
Blodtrykk
Dersom blodtrykket ditt har vore høgt før operasjonen, er det sannsynleg at det kjem tilbake til dei same verdiane nokre månader etter operasjonen. Vanlegvis held du fram med blodtrykksmedisin og du skal oppretthalde kontrollar hos fastlegen din.
Væske i kroppen
Det er normalt med opphoping av væske i kroppen den første tida. Dei første dagane får du derfor medisin som driv vatnet ut av kroppen igjen. Det tar litt tid før blodsirkulasjonen i beina normaliserer seg etter operasjonen. Beina hovnar lett opp så du får elastiske strømper som du skal bruke i 1-2 månader. Hevelsen vil gå ned etter kvart.
Dren
Det blir lagt inn minst to dren under operasjonen for å drenere sårvæske. Drena blir fjerna etter 1-2 dagar og huda blir lukka med eit sting eller tape. Stinga skal sitje på 12-14 dagar etter operasjonen.
Pacemaker
Under operasjonen legg kirurgen inn to eller fleire tynne leidningar til hjartet. Leidningane kan koplast til ein pacemaker ved enkelte typar hjarterytmeforstyrring. Pacemakerleidningane blir fjerna før du reiser heim.
Operasjonssåret
For å operere i hjartet er det vanleg å opne brystbeinet på langs. Det blir sydd saman igjen med ståltråd, som blir verande permanent. Såret på brystet er sydd igjen med ståltråd, som blir verande permanent. Såret på brystet er sydd med innvendige sting som ikkje skal fjernast. Du må rekne med nedsett følelse i huda og ubehag ei tid framover. Dersom det er brukt ei blodåre frå brystveggen, er det gjerne huda til venstre for brystbeinet som kan ha redusert følelse. Årsaka er at nokre nervar i huda er blitt skadd. Du kan også få blåmerke i huda, dei forsvinne gradvis.
Det er vanleg med litt hevelse i området rundt operasjonssåret og at det blir litt raudt. Dette brukar vanlegvis å gå fort tilbake. Dersom det kjem væske frå såra etter at du er komen heim må du straks ta kontakt med fastlegen din. Har såra på beina ikkje grodd etter to til tre veker, eller viser teikn til infeksjon må du også ta kontakt med fastlegen.
Hygiene
Du kan dusje få dagar etter operasjonen. Ein sjukepleiar vil vise deg korleis du skal gå fram. Det er viktig å skylje operasjonssåra fri for såperestar.
Soling
Så lenge arra er raudleg og ikkje kvite skal du smøre på solkrem med høg solfaktor når du er barhuda i fint ver og sol.
Fordøying
Dei fleste får problem med treg mage på grunn av nedsett aktivitet og medisinbruk den første tida. Ved behov gir vi eit lett flytande avføringsmiddel. Det er viktig at du drikk rikeleg. Fysisk aktivitet stimulerer fordøyinga. Magen vil begynne å fungere som tidlegare når du kjem tilbake til eigne faste rutinar.
Medisinar etter operasjonen
Pasientar som er bypassoperert får Albyl-E ein gong dagleg. Denne medisinen reduserer risikoen for at dei nye årene skal gå tett. Dersom du nyleg har hatt magesår skal du ikkje bruke Albyl-E. Dette vurderer legen saman med deg. Dei fleste held fram med, eller startar med, kolesterolsenkande medisin.
Søvn og kvile
Du kan forvente at nattesøvnen blir forstyrra i ein periode etter operasjonen. Nokre er i tillegg plaga av hallusinasjonar, som er ein etterverknad av narkosen. Derfor er vi restriktive med å gi sovemedisin til alle nyopererte. Vi anbefaler deg etterkvart å halde deg vaken på dagtid (middagskvil er lov) for å betre kvaliteten på natte- søvnen.
Humør og konsentrasjon
Det er vanleg med humørsvingingar etter operasjonen, også for personar som normalt er rolege og har godt humør. Mange kan kjenne seg deprimert, blir lettare irritert og tar til tårene utan grunn. Det er også vanleg å oppleve ein viss grad av svikt i hukommelsen og konsentrasjonsvanskar. Dette er som regel førebels, og vil gradvis normalisere seg.
Opphald og heimreise
Vanleg liggetid er 4-8 dagar etter operasjonen. For deg som har anna lokalsjukehus er det vanleg å bli flytta over dit etter 3-7 dagar. Transporten kan gå føre seg med drosje, helsebuss, ambulanse, rutefly eller ambulansefly.
Blodtynnande medisin
Pasientar som får operert inn kunstig hjarteklaff må ta blodtynnande medisin for å unngå blodpropp, såkalla antikoagulasjonsbehandling. Medisinen vi bruker heiter Marevan® .
Blodet si evne til å levre seg blir målt med ein blodprøve kalla INR (International Normalised Ratio).
Alle som brukar Marevan må jevnleg gå til kontroll hos lege for å få målt INR. INR brukes til å justere doseringen av Marevan.
Hugs å gjere fastlegen din merksam på at du tar Marevan dersom du skal starte med nye medisinar eller ved graviditet. Har du hatt oppkast eller diaré nokre dagar, bør du få kontrollert INR verdien. Meir informasjon om Marevan får du ved utskriving frå sjukehuset.
Pasienter som har fått satt inn biologisk hjarteklaff eller reparert hjarteklaffen (uten å ha satt inn kunstig klaff) trenger vanligvis ikke bruke Marevan, men tar isteden acetylsalisylsyre (Albyl-E).
Endokarditt Endokarditt er ein bakteriebetennelse i hinna (endokard) som kler innsida av hjartet. Ein infeksjon i endokard vil skade dei kunstige klaffane/aortagraftene og hindre hjartets arbeid. Symptom på endokarditt kan vere nattesveitte, slappheit, dårleg matlyst, vekttap, frysningar, kvalme og oppkast. Tilstanden kan vere vanskelig for pasienter å skilje frå influensa og forkjøling. Dersom du får feber som ikkje går over etter tre dagar, må du kontakte legen din. Legen din skal ikkje gi deg antibiotika på mistanke, men ta bakteriologiske prøvar av deg først.
Viktig endokarditt-kort
Ved utskriving får du med deg kortet ”Pasientinformasjon endokardittprofylakse”. Ta med deg dette kortet til alle tannlege - og legekonsultasjonar. Det viktigaste du kan gjere for å førebygge endokarditt er god tannhygiene; tannpuss, bruk av tanntråd, hyppig utskifting av tannbørste, og regelmessige tannlegebesøk.»
Resept
Dersom du reiser direkte heim frå Haukeland universitetsjukehus, skriv lege på Hjarteavdelinga ut reseptar til deg. Blir du flytta til eit lokalsjukehus vil legane der skrive ut reseptar.
Sjukemelding
Alle som er hjarteopererte må rekne med 2 - 3 månaders sjuke-melding, avhengig av yrke. Dersom du har eit fysisk lett arbeid og ønskjer å starte tidlegare, kan du snakke om dette med legen.
Bilkøyring
Du bør ikkje køyre bil dei første 5-6 vekene etter operasjonen. Grunnen er faren for uregelmessig puls og moglege konsentrasjonsproblem som kan ha innverknad på køyre- og vurderingsevna di. Du må bruke bilbelte sjølv om det kan vere litt ubehageleg den første tida.
Tankar og refleksjonar
Ein del av pasientane våre opplever å gå gjennom ei krise. Sjukdommen, ventetida, operasjonen og rekonvalesensperioden kan påverke deg både psykisk og fysisk. Kropp og sinn reagerer på det du går gjennom og treng tid for å normalisere seg. I rekonvalesensperioden er det lurt å bearbeide reaksjonar som oppstår på godt og vondt. Snakk gjerne med andre.
Rehabilitering
Dersom du trur det kan bli vanskeleg å kome rett heim frå sjukehuset, kan du ta dette opp med personalet same dag du blir lagt inn. Vi kan formidle kontakt og sende søknad for deg til rehabilitering. I Hordaland er det to rehabiliteringstilbod for hjartepasientar:
Du kan også ringje informasjons-telefonen for Rehabilitering: 800 300 61.
Treng du informasjon og råd i høve til økonomi og trygderettar kan vår avdeling sette deg i kontakt med ein av våre sosionomar.