Beveg olbogen og skuldra
Beveg olbogen og skuldra normalt for at desse uskadde ledda ikkje skal stivne til. Strekk armane opp mot taket:
Beveg fingrane
Når du vekselsvis knyter handa og sprikar fingrane, aktiverer du vene-muskelpumpen. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege og då skaper du ein god sirkel.
Strekk alle fingrane samtidig:
Hjelp med frisk hand for å sprike med fingrane på den opererte handa:

Få med tommelen når du spriker med fingrane, eller så langt ramma tillét om du er operert med utvendig ramme:
Plassér ein flasketut mellom to fingrar og skyv handa fram mot tuten. Slik får fingrane hjelp til å sprike. Bytt flaska si plassering, så alle fingrane får hjelp til å sprike etter tur:
Knyt handa. Prøv å få fingertuppane heilt inn i handflata, eller så langt ramma tillét om du er operert med utvendig ramme:
Hjelp den skadde handa med den friske for å få fingrane heilt inn i handflata:
For å klare å knyte handa, må du bøye dei store knokane (metacarpophalangialleddene). Hald tommelen på den friske handa inni den skadde, og hjelp med den friske handa for bøye i dei store knokane:
Grip rundt ein flasketut, og prøv å bøye fingrane heilt rundt den:
Bevég tommelen ein og ein fingertupp etter tur:
Beveg det opererte handleddet
Bruk frisk hand som modell, og beveg gjerne begge hendene samtidig.
Stryk handa på låret ditt:
Stryk handa bak på leggen din:
Stryk handa på forsida av leggen din:
Grip rundt kneet:
Stryk handa på motsett overarm. Stryk over både det eine og det andre kinnet. Stryk alle stader på din eigen kropp der det er naturleg å bevege armen:
Snu handflata opp - rotér underarmen:
Hjelp med frisk hand for å snu den opererte:
Beveg handleddet framover og bakover. Bevegelsen er lettare å få til om du held rundt ei halvlitersflaske, som du rullar på bordet:
Fold hendene og bruk frisk hand til å hjelpe operert handledd den vegen det er stivast:
Kvil underarmen på bordet eller låret, og plassér handa utanfor bordkanten. Løft og senk halvlitersflaska med handleddet. Gjer same øving både med handflata ned og med handflata opp (begge posisjonane av underarmsrotasjon):
Rotér underarmen, slik at du vekselvis får handflata opp og ned. Hald rundt tuten på ei halvlitersflaske. Flaskas lette vekt hjelper deg litt i bevegelsen, og i tillegg er det lettare for deg å se bevegelsesutslaget: