Habilitering ved utviklingshemming hos barn og unge
Utviklingshemming er som regel ein medfødt tilstand som inneber omfattande lærevanskar, samt ulik grad av utfordringar med bevegelse, språk, samhandling og evne til å meistre daglegdagse aktivitetar. Det er vanleg å gradere diagnosen utviklingshemming som lett, moderat, alvorleg eller djup – avhengig av kor store utfordringane er.
Før
Før du kjem til avtale om utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet eller ungdommen, når det gjeld:
- språk, kommunikasjon og samhandling
- hukommelse, merksemd, læring og forståing
- bevegelse/motorikk
- dagleglivets aktivitetar, slik som eting, påkledning, søvn, leik og fritidsaktivitetar
- tidlegare sjukdommar
Utviklingshistorikken kan gi viktig informasjon til utgreiinga: Når lærte barnet dei enkelte ferdigheitene?
Det er ønskeleg at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.
Undersøking hos lege kan innebere at barnet eller ungdommen er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel ein shorts og ei ermelaus trøye.
Utgreiinga vil blant anna bestå av testar, for eksempel evnetestar. Det er derfor viktig at barnet eller ungdommen er forberedt på å gjere oppgåver når ho eller han kjem til HABU.
Under
Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje, og kven de vil møte. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel lege, psykolog, og vernepleiar.
Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, kartlegging, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Vanlegvis blir det gjennomført ein observasjon av barnet eller ungdommen i samspelsaktivitetar i heimemiljø, barnehage eller skule.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for ei vidare tilvising.
Etter
Føresette vil få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.
Det er kommunen/bydelen du bur i, som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til dykk som føresette og til den som har tilvist.
Kontakt
Glasblokkene
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)
Ventetid: 26 uker
Glasblokkene
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)
Ventetid: 26 uker
Ventetid: 26 uker
Kontakt Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)Oppmøtestad
Vi held til i Glasblokkene i Haukelandsbakken 1. Alle pasientar som skal til HABU må registrere oppmøte i hovudresepsjonen i etasje 1. Hovudresepsjonen er open måndag-fredag kl. 07.30-19.00 og fredag kl. 07.30-15.30
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen