HELSENORGE
Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU)

Tilvising

Tilvisingar til oss skal skrivast på skjemaet. Dette er viktig for å sikre at vi får informasjon som er nødvendig for å vurdere tilvisingar.

​Tilvisningsskjema - HABU (pdf)


​​​​​​​Tilvisingar til oss skal skrivast på skjemaet. Dette er viktig for å sikre at vi får informasjon som er nødvendig for å vurdere tilvisingar.

Opplysningar som skal med i tilvisinga

Tilvising må gi ein klar omtale av kva for utgreiingar og tiltak som er gjort, og spesifisere kva for hjelp som er ønskjeleg. Tilvisingsgrunn må vere så tydeleg og spesifikk som muleg.

Tilvisingar som er samordna og godt dokumenterte gjer at vi kan yte eit best muleg tilbod. Tilvisingane må settast fram gjennom barnets lege, og skal skje i samråd med foreldre. Samtykke frå begge foreldre er påkravd.

Behandling av tilvising

Eit inntaksteam behandlar alle tilvisingar. Dersom tilvisinga er man​gelfull vil inntaksteam spørje om ytterlegare informasjon. I medhald av Lov om pasientrettigheiter § 2-2 vil tilvisinga bli vurdert innan fristen.

Når tilvisinga er akseptert får saka prioritet etter gjeldande retningslinjer. Når ei tilvising blir avslått er det med eit grunngjeve avslag.

Inntaksteam gir den som tilviser skriftleg informasjon om inntak/ avslag, med kopi til foreldre/ føresette. 

Pasientforløp - informasjon til helsepersonell og pasient / pårørande

Fann du det du leita etter?