Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habilitering - Utviklingshemming/kognitiv svikt hos voksne, utredning, nynorsk

Utviklingshemming er ein tilstand der utviklinga har stoppa opp eller har gått saktare enn normalt, når det gjeld intellektuelle ferdigheiter og evne til sjølvstende i dagleglivet. Dette må ha skjedd før personen er 18 år for å bli vurdert som ei utviklingshemming.

Vi kan ha mistanke om denne diagnosen hos personar som: 
  • Tidlegare er evnetesta med resultat i området for utviklingshemming (IQ under 70) før fylte 18 år. 
  • Alltid har hatt vanskar med å fungere sjølvstendig samanlikna med jamaldrande på eitt eller fleire område. 
Det er fire grader av utviklingshemming: lett, moderat, alvorleg og djup. Gradene seier noko om kor store utfordringar personane har med å fungere sjølvstendig i kvardagen. Vanlegvis får personar med moderat og lågare fungering diagnose i løpet av oppveksten. 
 
Mistanke om lett utviklingshemming fører ikkje alltid til ein diagnose i løpet av utviklingsperioden. I overgangen til vaksenlivet opplever mange at dei ikkje meistrar krava i kvardagen, og at dei for eksempel har vanskar med språklege, sosiale og/eller praktiske ferdigheiter. Dei har som regel hatt vedvarande vanskar gjennom heile skulegangen, og har ofte blitt vurdert å ha «forsinka utvikling» i barnealder. Forsinka utvikling inneber for eksempel å begynne å gå og snakke seinare enn andre på same alder. 
 
Personar med utviklingshemming har høgare førekomst av psykiske og kroppslege tilleggsvanskar samanlikna med befolkninga elles. 
 
Dersom dei nedsette evnene og sjølvhjelpsferdigheitene først viser seg etter fylte 18 år, kan ikkje diagnosen utviklingshemming bli stilt. 

Tilvising og vurdering

For å få hjelp frå habiliteringstenesta må vi få tilvising frå spesialisthelsetenesta, lege eller andre med tilvisingsrett.


Det er viktig at det kjem fram opplysningar om kvifor ein mistenker diagnosen utviklingshemming, og beskrivingar av utfordringar i barne- og ungdomsalder.    

Alle tidlegare evnetestar og andre relevante rapportar/epikriser bør bli lagt ved tilvisinga. Dette kan gjere tida det tar å utgreie, kortare. 


Før

Vurdering av diagnosen utviklingshemming er ein prosess som kan strekke seg over tid. Tilgjengeleg informasjon frå tidlegare undersøkingar og pasientens alder har betydning for kor lang tid det tar. Både pasient og nærpersonar bidrar med informasjon i prosessen. I tillegg gjennomgår vi opplysningar frå ulike instansar som har hatt kontakt med pasienten i barndom og oppvekst. Konklusjon frå vurderinga vil framkomme i ein rapport som beskriv diagnose og pasientens ressursar og utfordringar. Rapporten kan bli brukt for å søke om kommunale tenester, tilrettelagt arbeid, stønadar og liknande. 

Pasienten får oppnemnt ein psykolog som har ansvar for utgreiingsarbeidet. I tillegg kan det vere aktuelt å møte andre fagpersonar. Vi hentar inn informasjon om pasientens utviklingshistorie, gjennomfører evnetestar og kartlegg funksjon i dagleglivet. Nærpersonar/pårørande som kjenner pasienten godt over lang tid, er ein viktig ressurs i utgreiingsarbeidet. 
 
Ei samla vurdering av all tilgjengeleg informasjon dannar grunnlaget for diagnosen utviklingshemming og grad av utviklingshemming. Denne vurderinga blir gjort av psykolog. 

Utgreiingsfasen kan strekke seg frå to–seks månader. Dersom det er tilleggsvanskar som skal bli utgreidd, kan det ta lenger tid. 


Under

Behandlinga habiliteringstenesta gir for denne tilstanden, er å gi råd om anbefalte tiltak til pasienten, pårørande og eventuelt det kommunale hjelpeapparatet eller andre som hjelper pasienten. 
 
Informasjon om resultat frå utgreiing blir samla i ein rapport. Pasienten, og eventuelt nærpersonar, får vanlegvis informasjon om resultatet og råd om tilrettelegging gjennom eit tilbakemeldingsmøte. Det kan bli gjort avtale om rettleiing/rådgiving til pårørande og tilsette i kommunehelsetenesta, bustadpersonell, NAV, skule, arbeidsplass og liknande.  

Rapport frå utgreiinga blir sendt til tilvisar og andre som pasient eller verje samtykker at den skal bli sendt til. 

Etter

Kommunen har ansvar for oppfølging og ivaretaking av hjelpebehov. 

Ved behov for samansette tenester vil habiliteringstenesta saman med pasient eller verje vurdere om det er hensiktsmessig å melde behov for individuell plan og/eller koordinator i kommunen. 


Kontakt

Olav Bjordals veg 29, Breistein Habiliterings­avdelinga for vaksne

Kontakt Habiliterings­avdelinga for vaksne

Oppmøtestad

Vær merksam på at vi 26. mars 2020 flytta poliklinikken til Olav Bjordals veg 29 på Breisten.

Foto:Breistein

Olav Bjordals veg 29, Breistein

Olav Bjordals veg 29

5111 Breistein

Transport

​Frå Bergen sentrum/Nordhordland:

Kjør E 39.

Avkjørsel i lyskryss ved Shell stasjon på Haukås, Fv 567 mot Breistein.

Kjør 550 m og sving til venstre, inn på Olav Bjordals veg.

Kjør 100 m og sving til høyre, inn til Olav Bjordals veg 29.

Buss nr. 37 Breistein går frå Åsane Terminal til Breistein.
Den stopper i Breisteinvegen – Busstopp Vestlandsheimen
Det er 450 meter å gå til Olav Bjordals veg 29. Sjå kart.

Finn reisetider på Skyss.no, Skyss App på mobil eller ring Skyss på telefon 55 55 90 70.

Praktisk informasjon

​Det er gratis parkering hos oss.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.