Habilitering ved cerebral parese inneber ei tverrfagleg oppfølging av dei samansette behova dine. Saman med deg vil vi finne ut kva for fysiske, psykiske og/eller kognitive område som det bør jobbast vidare med. Det innebærer at ulike fagpersonar samarbeider for å hjelpe deg, for at du skal fungere best mogleg i dagliglivet. Det sentrale målet er god helse og livskvalitet med fokus på aktivitet og deltaking, og dessutan god kjennskap til eigen sjukdom.
Habilitering – Cerebral parese hos vaksne
Cerebral parese er ei samlenemning for ulike motoriske funksjonshemmingar som er forårsaka av utviklingsforstyrring eller skade i hjernen før fylte 2 år. I tillegg er det ofte følgetilstander som epilepsi, kommunikasjonsutfordringar, kognitive vanskar og problem med å tolke og forstå sanseinntrykk. Habilitering ved cerebral parese inneber at ulike fagpersonar samarbeider for å hjelpe pasienten å fungere best mogleg i dagleglivet.
Sjølv om hjerneskaden ved cerebral parese er stabil, vil funksjonar og symptom kunne endre seg. Pasientar med cerebral parese vil ofte trenge tilrettelegging og rettleiing knytt til bustad, jobb/dagtilbod, bistandsbehov og oppfølging av fysiske og psykiske utfordringar.
Tilvising og vurdering
Det er som regel fastlegen eller anna spesialisthelseteneste som viser til habiliteringstenesta. Du vil bli kalla inn til møte på habiliteringsavdelinga eller vi i habiliteringstenesta kjem heim til deg.
Det er som regel fastlegen eller anna spesialisthelseteneste som viser til Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO). Med utgangspunkt i tilvisinga og aktuell prioriteringsrettleiar vil vi vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
Under
Du blir invitert til ein samtale om funksjonen din i kvardagen, for å innhente informasjon om aktuelle problemstillingar. Ta gjerne med deg ein pårørande og/eller tenesteytar.
Med utgangspunkt i innhenta opplysningar, blir det planlagt somatisk undersøkingar, av blant anna funksjon i armar og bein. I tillegg vil vi sjå på summen av belastningar du på ulike livsområde.
Etter tverrfagleg undersøking vil vi utarbeide ein rapport med oppfordringar knytt til:
- Medisinsk utgreiing og/eller behandling
- Fysisk aktivitet og tilpassa treningsøvingar
- Posisjonering
- Aktivitetsregulering (balanse mellom aktivitet og kvile)
- Ernæring
- Hjelpemiddel: Forflyttingshjelpemiddel, ortopediske hjelpemiddel, Alternativ supplerande kommunikasjon (ASK), små hjelpemiddel med meir.
- Miljøtilrettelegging i bustad og arbeid.
Etter
Ved behov blir det planlagt vidare oppfølging ved teamet vårt.
Kontakt
Olav Bjordals veg 29, Breistein
Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO)

Olav Bjordals veg 29, Breistein
Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein