Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habilitering – autismespekterforstyrringar hos vaksne

Autisme er ei utviklingsforstyrring og omfattar fleire kategoriar av ulike diagnosar. Autisme er ein medfødd tilstand som påverkar nevroutviklinga, ofte omtalt som autismespekterforstyrringar.

Personar med autisme strevar ofte med det sosiale samspelet og å kommunisere med andre. Personen har gjerne gjentakande åtferd, og avgrensa interesseområde som kan vere altoppslukande. Kor alvorleg symptoma er og kor mykje dei påverkar funksjonsevna, varierer sterkt frå person til person. Det er også viktig å vere merksam på at funksjonsnivået som regel ikkje samsvarer med målt IQ. Det er nokså vanleg å ha andre lidingar i tillegg (komorbide tilstandar).

Tilvising og vurdering

For å få hjelp frå habiliteringsavdelinga må vi få tilvising frå spesialisthelsetenesta, lege eller andre med tilvisingsrett.

Les meir i Prioriteringsrettleiar – Habilitering av vaksne i spesialisthelsetjenesten (Helsedirektoratet)

For å gjere ei god vurdering av tilvising for autismevurdering er det viktig at tilvisaren beskriv aktuell problemstilling med vekt på:

  • utviklingshistorie
  • evne til gjensidig sosial interaksjon og kommunikasjon
  • Om pasienten har avgrensa, stereotypt og repeterande repertoar av interesser og aktivitetar
  • beskrive i kva situasjonar ein ser dette og korleis det artar seg

Legg ved kopiar av relevante utgreiingar/spesialistvurderingar dersom desse er tilgjengelege.

Les mer om henvisning til Habiliteringsavdelinga i Helse Bergen

Før

Under

Etter

Kontakt

Olav Bjordals veg 29, Breistein Habiliterings­avdelinga for vaksne

Kontakt Habiliterings­avdelinga for vaksne

Oppmøtestad

Utredning vil foregå i Habiliteringsavdelinga for vaksne sine lokaler i Hetleveien 7D i Bergen og/eller ambulant i Helse Bergen sitt foretaksområde.
Foto:Breistein

Olav Bjordals veg 29, Breistein

Olav Bjordals veg 29

5111 Breistein

Transport

​Frå Bergen sentrum/Nordhordland:

Kjør E 39.

Avkjørsel i lyskryss ved Shell stasjon på Haukås, Fv 567 mot Breistein.

Kjør 550 m og sving til venstre, inn på Olav Bjordals veg.

Kjør 100 m og sving til høyre, inn til Olav Bjordals veg 29.

Buss nr. 37 Breistein går frå Åsane Terminal til Breistein.
Den stopper i Breisteinvegen – Busstopp Vestlandsheimen
Det er 450 meter å gå til Olav Bjordals veg 29. Sjå kart.

Finn reisetider på Skyss.no, Skyss App på mobil eller ring Skyss på telefon 55 55 90 70.

Praktisk informasjon

​Det er gratis parkering hos oss.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.