Operasjon
Dersom sjukdommen blir forverra trass i augedråper og eventuell gjennomført laserbehandling, vil det vere aktuelt med operasjon.
Det dreiar seg oftast om filtrerande kirurgi. Det betyr at det blir laga ein alternativ drenasjeveg for å leie væska ut av auget (trabekulektomi, stålventil eller tube) og derved senke augetrykket.
Nokon gongar er det stor risiko for at operasjonen med den nye filtrasjonsvegen skal gro igjen på sikt. Derfor bruker mange eit medikament lokalt på auget for å hindre at det skal gro så godt (lokal cellegift eller anti-vekstfaktor). Om dette blir brukt på ditt auget under operasjonen, vil du bli informert om dette før inngrepet.
Operasjon for grøn stær blir gjort i lokalbedøving med ein kombinasjon av bedøvande dråper og ein mindre sprøytebedøving. Dette vil seie at du er vaken og kan snakke med operasjonspersonalet undervegs. Operasjonen tar ca. 1 time.
Formålet med operasjon er at augetrykket skal senkast for å forhindre ytterlegare skade. Operasjonen gjer deg ikkje frisk, og du vil trenge regelmessig oppfølging resten av livet.