HELSENORGE
Revmatologisk avdeling

Granulomatose med polyangiitt

Granulomatose med polyangiitt er ein sjeldan sjukdom som skuldast betennelse i små blodkar. Sjukdommen blei tidlegare kalla Wegeners Granulomatose. Granulomatose med polyangiitt er ein såkalla autoimmun sjukdom, det vil seie at kroppen sitt eige immunforsvar er overaktivt og angrip eige vev.

Innleiing

Utbreiing og årsak

Granulomatose med polyangiitt er ein sjeldan sjukdom som rammar ein stad mellom 2 og 12 personar per million menneske per år. Sjukdommen er vanlegare i Nord-Europa enn i Sør-Europa.

Årsaka til sjukdommen er ikkje fullstendig kartlagd, men ein reknar med at fleire ulike faktorar har ein innverknad. Miljøfaktorar som støv, tungmetall og løysemiddel, samt ulike infeksjonar og medikament kan kanskje spele ei rolle. Dei fleste som har diagnosen Granulomatose med polyangiitt har òg bestemte antistoff i blodet (Anti-nøytrofilt cytoplasma antistoff, forkorta ANCA).

Utgreiing

Symptom og sjukdomsteikn

Granulomatose med polyangiitt kan gi symptom frå mange ulike organsystem. Dei vanlegaste er: Rennande nase, til tider med blodtilblanda sekresjon, betennelse i biholer, hoste og ulik grad av pustevanskar, samt funn av blod og eggekvitestoff i urinen. Ein kan òg kjenne seg hes og få sår i nase eller munnhole, samt betennelse i auge. Øyresmerter eller høyretap kan og oppstå, og ein kan til tider sjå raudlilla forandringar i huda. Dei fleste har òg generelle symptom som feber, smerter frå ledd, trøyttleik og vekttap.

Fastsetting av diagnose

Diagnosen blir fastsett på bakgrunn av symptom og funn ved samtale og undersøking, blodprøver og bildeundersøkingar. Ved blodprøver kan ein for eksempel sjå antistoff, samt høg senking og hurtigsenking (CRP). Røntgen eller CT-bilde av lunger kan avdekkje lungeforandringar, mens ein på CT-undersøking av biholer kan finne betennelse. Ofte er det òg naudsynt å ta prøve (biopsi) frå eit affisert organ for å kunne fastsette diagnosen. Det er vanlegast å ta prøve frå nyre, nase, hud eller lunge.

Behandling

Når diagnosen er fastsett startar ein oftast behandling med ein type cellegift (Sendoxan) i lag med relativt høge dosar med Prednisolon. Prednisolondosen blir etter kvart gradvis redusert. Hos kvinner i fruktbar alder kan behandling med ein annan type immundempande medisin (MabThera) vere aktuelt i staden for Sendoxan. Om ein ikkje har teikn til oppbluss av sjukdommen etter tre til seks månader med denne behandlinga, kan ein gå over til vedlikehaldsbehandling med ein annan type immundempande medikament, oftast i form av Imurel, Methotrexate eller MabThera. Vedlikehaldsbehandlinga har til hensikt å redusere risikoen for tilbakefall av sjukdommen og varar oftast i eit par år eller lengre.


Oppfølging

Alle pasientar med Granulomatose med polyangiitt blir følgde opp ved revmatologisk avdeling, eventuelt i samarbeid med nyreavdelinga. I starten etter at diagnosen blir sett er det vanleg med hyppige kontrollar med få veker i mellom. Når sjukdommen er godt behandla, held det med kontrollar ca. kvar 6. månad.

Vil du vite meir

Følgande nettstader kan vere nyttige om du ønsker meir utfyllande informasjon:

Informasjon på Engelsk:

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

​Tilvising

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 10 verkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på sengepost.

Betaling

Du betaler ingen ting når du er innlagt på sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 375 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigendelstaket. 

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot betaling. Etter behandling vil du motta SMS der du kan velje betaling med Vipps eller faktura. 

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta m​​ed 1125 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Førebuingar

Vi ber deg ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering må du ta med deg treningstøy og badetøy.

Ventetider ved Revmatologisk avdeling

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykeh usvalg.no.

Fann du det du leita etter?