Hudsvulst, operasjon
Kirurgisk behandling er ein liten operasjon der eit hudområde vert fjerna.
I samband med undersøking og behandling på sjukehuset kan det vere aktuelt med kirurgisk fjerning eller prøvetaking av svulstar eller utslett.
Fjerning av mindre hudforandringar går raskt og påverkar vanlegvis ikkje evna til å bevege seg vanleg eller køyre bil etterpå.
-
Før
Dersom du har fått beskjed om at det planleggast kirurgisk inngrep i samband med konsultasjonen, bør du vanlegvis slutte med blodtynnande medisin (Marevan) to dagar før. Viss du er i tvil ber vi om at du tar kontakt med sjukehuset eller fastlegen for rådgjeving.
-
Under
Huda blir bedøvd med lokalbedøving og du vil da kjenne stikk og litt svie i huda. Bedøvinga virker raskt og effekten varer vanlegvis i 1-2 timar. Etter dette kan du kjenne litt ømheit i huda, men sjeldan så kraftig at du treng behandling. Viss du treng smertestillande medisin tilrår vi bruk av paracetamol (t.d. Paracet, Panodil) 500-1000 mg inntil 4 gongar det første døgnet. Du bør ikkje bruke acetylsalicylsyre (t.d. Albyl, Dispril) fordi dette kan auke fara for bløding frå såret.
-
Etter
Plasteret på såret kan oftast ligge på til eventuelle sting skal fjernast. Viss det blir gjennomtrekt av blod etter kort tid, tilrår vi at du skifter plaster heime. Du vil få råd om kva type plaster du kan kjøpe.
Restitusjon:
Du bør unngå fysisk aktivitet som fører til slag mot såret eller stor strekk av huda dei første 1-2 vekene.
Ver merksam
Smerter i dagane etter operasjonen kan være teikn på infeksjon. Slik infeksjon skuldas oftast hudbakteriar og er vanlegvis grei å behandle.
Teikn på infeksjon er:
- Bankande verk i såret
- Raud og hoven hud rundt kanten av såret eller rundt stinga
- Gul verk som flyt ut av såropninga eller rundt stinga
Ved teikn på infeksjon bør du ta kontakt med Hudpoliklinikken, evt. Legevakt.
Det er viktig å hugse at alle kirurgiske inngrep i huda etterlet arr.
Gå til
Hudsvulst, operasjon
-
Avdeling
-
Hudavdelinga
- Besøksadresse
-
Hudbygget
-
Voss sjukehus
-
Oppmøte
- Du finn oss i Hudbygget på Haukeland universitetssjukehus.