Gipsbehandling
Gipsbehandling blir brukt ved beinbrot, og i nokre tilfelle ved skadar i musklar, sener og leddband.
Dersom brotet er stabilt og i god stilling, kan ein behandle det berre med gips. Andre gonger må brotet bli dratt på plass eller operert før det blir gipsa. Gipsen skal stabilisere brotområdet ved å halde det i ro og hindre at brotendane beveger seg. Dermed får det skadde området tid og fred til å danne nytt bein, slik at brotet gror.
Gips kan òg bli brukt ved avriving eller rifter i musklar, sener og leddband. Desse skadane kan bli sydde og då hjelper gipsen med å halde skadestaden i ro, slik at skaden gror.
Før
Det er ingen spesielle førebuingar før gipsbehandling.
Under
Kalkgips
Kalkgips er god gammaldags gips som blir lagt på ferske arm- eller beinbrot. Under gipsen blir det lagt strømpe og vatt for å beskytte huda. Den blir festa med eit elastisk bind som surrast rundt gipsen og armen eller foten.
Kunstgips
Kunstgips er ein uelastisk, lett og sterk gips som blir lagt på dei fleste brot når faren for aukande hevelse ikkje lenger er til stades, oftast ved første kontroll cirka 10 dagar etter brotet.
Det er litt auka risiko for å leggje ein kunstgips for stram, enn ved bruk av kalkgips. Dette er ein av årsaka til at vi i nokre tilfelle vel kalkgips ved stor hevelse.
Kunstgips består av to typar gips som blir kombinert. Schotchcast er ein heilt hard gips som avstivar brotområdet slik som kalkgipsen. Softcast er ein mjuk gips som blir lagt sirkulært både under og over den harde gipsen.
Etter
Når gipsen er lagt på, er det viktig å sikre god blodsirkulasjon, minimalisere hevelse, unngå stive ledd og halde gipsen tørr. Det er viktige forholdsreglar du må følge:
- Hald den gipsa foten eller armen høgt (spesielt viktig dei første dagane).
- Beveg fingrar og tær som ikkje er avstiva, ofte.
- Stram og slapp av i musklane under gipsen fleire gonger kvar dag i heile gipseperioden.
- Beveg ledda i nærleiken av det gipsa området i fulle leddutslag fleire gonger dagleg.
- Dekk gipsen med ein tett plastpose som blir tapa til huda, når du dusjar. Kalkgips blir øydelagt i vatn. Kunstgipsen toler vatn, men huda under gipsen kan ta skade av fukta.
Du vil bli innkalt til kontroll, ofte etter ein til to veker etter brotet. Vi fjernar gipsen når brotet er ferdig grodd.
Ver merksam
Symptom på at gipsen er for trong:
- Smerter
- Merkar kulde eller prikking i fingrar eller tær
- Fingrar eller tær blir hovne og misfarga
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen