HELSENORGE

Gastroskopi

Gastroskopi er ei undersøking av spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen ved hjelp av eit gastroskop. Eit gastroskop er ein bøyeleg slange som kan overføre fargebilde frå kroppens indre til ein skjerm. Føremålet med gastroskopi er å påvise sjukdommar som betennelse, sår eller godarta/ondarta svulstar. Ein kan ta vevsprøver frå slimhinna, og einskilde tilstandar kan behandlast.