HELSENORGE
Ganglaboratoriet

Gange, undersøkelse

Nokre barn slit med å gå. På Ganglaboratoriet bruker vi tredimensjonal databasert analyse for å kartlegge gangmønster og vurdere kva slags behandling som vil fungere best for den enkelte. Dei fleste pasientane er barn.


 

Innleiing

Ganglaboratoriet er eit samarbeid mellom Ortopedisk klinikk og Barneklinikken. Her kjem pasientar med nevro-ortopediske lidingar.

Under kan du lese kva som skjer før, under og etter undersøkinga på Ganglaboratoriet.

 

Tilvising og vurdering

Tilvisinga vert sendt frå fastlegar eller spesialisthelsetenesta. 
Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Tilvisinga vert sendt frå fastlegar eller spesialisthelsetenesta til Dokumentasjonsavdelinga på Haukeland universitetssjukehus:   

 
Helse Bergen 
Haukeland universitetssjukehus 
Dokumentasjonsavdelingen 
Postboks 1400 
5021 Bergen 

 
Tilvisinga bør innehalde: 

 
  • problemstilling tilvisande instans ønskjer å få kartlagt
  • informasjon om pasienten sitt funksjonsnivå (GMFCS dersom pasienten har CP)
  • Dersom aktuelt tar ein også med kort informasjon om tidlegare sjukehistorie

Før

Barnet er blitt tilvist frå lege til Ganglaboratoriet for ein ganganalyse.

 
Undersøkinga ved Ganglaboratoriet gjerast poliklinisk. Det betyr at pasienten kjem til ein avtalt time, ikkje blir innlagt og kan reise heim igjen med ein gong undersøkinga er ferdig.

 
Undersøkinga tar frå 1-3 timer, avhengig av kor mange pausar barnet treng undervegs  og om barnet skal gjere analysen med ortosar i tillegg. Det er derfor fint om barnet møter med litt mat i magen slik at energinivået er bra. Ta også med ein matpakke og drikke slik at barnet kan ha matpause undervegs om dette er ønskelig.

 
Før analysen kan du førebu barnet ditt på at det skal undersøkas liggande på en undersøkingsbenk, og at det må sitte og stå ein del i ro medan vi festar refleksmarkørar til kroppen. Dette kan være ei utfordring for enkelte barn. Vi har det ikkje travelt under analysen, og barnet kan gjerne ta pausar undervegs.

 

 
Ei klinisk undersøkelse, der vi tester bevegelse og styrke i hofter, knær og ankler, gjennomføres på benk.

 
Databasert ganganalyse krev ein god del samarbeid frå barnet, og vi har ei nedre aldersgrense på fem år.

 

Ta med ortosar

Dersom barnet bruker ortopediske hjelpemidler, er det viktig at desse tas med til timen. De må i god tid før timen på Ganglaboratoriet sjå til at ortosane passer.  Dersom dei er for små eller gneg kan dei gje barna ubehag og påverke gangmønsteret til barnet. Dersom barnet har innesko til ortosane skal desse tas med.

 
Barnet vert undersøkt med lite klede, så ta gjerne med ein shorts og topp som barnet kan bruke under analysen.

 
Det er ønske om at foresette er med på heile undersøkinga.

 

Fint å vite

  • undersøkinga varer 1-3 timer
  • pasienten treng ikkje overnatte på sjukehuset
  • nedre aldersgrense 5 år
  • husk eventuelle ortosar
  • husk mat og drikke
  • resultatet av undersøkinga er ei rapport med anbefalingar om eventuell behandling

Under

De blir møtt av to damer, enten to fysioterapeutar eller ein fysioterapeut og ein ortopediingeniør.

 
Vi startar med å vege barnet og måle høgda. Så ser vi om barnet kan gå på tå, på hæl, ta knebøyg og stå i ro i tjue sekundar, med samla bein og på eit bein av gongen.

 

 

 
Nøyaktig plassering og innstilling av markørene  er viktig for gode opptak.

 
Deretter gjennomfører vi ei klinisk undersøking før markørane vert festa til kroppen.  Nokre  gongar tar vi den kliniske undersøkinga til slutt for å ha mest mogeleg konsentrasjon til sjølve gåinga. Under ei klinisk undersøking testar vi bevegelse og styrke i ankla, kne og hoftar.

 

 

 
Forfotsmarkør festet med dobbelsidig tape. 

 
Det er seksten markørar som skal festas til kroppen. Markørene er små, lette kuler som er dekka med reflekstape. Desse vært festa på heilt bestemte punkt på kroppen med dobbelsidig tape. Dette er ein tupè-tape, og den er forholdsvis lett å ta av. Markørene vert festa på fot, ankel, legg, lår og bekken. Når markørene er festa og stilt inn, er det viktig at barnet ikkje røyrer på dei. Dersom barnet skulle falle og markørene flytter på seg er det ingen problem, men dei må stilles inn på nytt. Dette tar litt ekstra tid.

 
Med markørane festa til kroppen går barnet frem og tilbake på ein oppmerka gangbane. Barnet kan gå alt frå 10-30 gonger avhengig av kva opptak vi får tatt undervegs.  Kosedyr blir brukt som startstreker slik at vi kan registrere kvar barnet begynner å gå. Barnet skal forsøke å gå med ein så «vanleg» gange som mogeleg. Vi er ute etter å sjå korleis barnet går heime i sine vande omgjevnader.  

 

 
Barnet går på gangbanen med markører festa til kroppen.
Det vert først gjort ein ganganalyse barføtt. Dersom barnet bruker ortosar tar vi markørene av og festar dei utanpå ortosar og sko. Så gjentar vi same prosedyre med ortosar og sko.

Etter

All data som er samla under ganganalysen krev prosessering før dei blir samla i ein rapport. Dette tek omtrent seks veker. Rapporten inneheld videofilmar, grafar, gangparametre og klinisk undersøking.

 
Videofilmane viser korleis  barnet går sett frå sida, framifrå og bakfrå. Grafane framstiller både kinematikk og kinetikk. Kinematikk er grafisk framstilling av bevegelsar som skjer i anklar, kne, hofter og bekken sett frå sida, framifrå og bakfrå. Kinetikk er grafisk framstilling av krefter som påverkar dei same ledda, sett frå sida og framifrå. Gangparametrane fortel blant anna om ganghastighet, skrittfrekvens (kor mange skritt barnet tar pr sekund) og hvor lange skritt barnet tar.

 

 
Leddbevegelighet vert målt med vinkelmål.

 
Resultata frå analysen blir samla og gjennomgått i eit tverrfagleg team med barnenevrolog , barneortoped, ortopediingienør og fysioterapeut.  Oppsummeringa av rapporten blir vurdert i forhold til problemstillinga i tilvisninga. Eventuelle tiltak for barnet blir foreslått på eit tverrfagleg grunnlag på bakgrunn av ganganalysen.

 
Rapporten med konklusjon av ganganalysen vert vanlegvis sendt til fastlege og eventuell lokal fysioterapeut og ortopediingeniør. Føresette til barnet får også tilsendt rapporten. 

 
Rapporten inneheld ein del faguttrykk og grafar. Dersom de har spørsmål til rapporten kan de gjerne ta kontakt med oss for å få ei enklare forklaring.

 
Tilvisande instans, til dømes ortoped eller barnenevrolog, er ansvarlege for å sette i gang tiltak.

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Glasblokkene

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Fann du det du leita etter?