Tredimensjonal databasert ganganalyse
Ganganalysen ved ganglaboratoriet er ei tverrfaglig vurdering. Ganganalysen består av ei full klinisk undersøking, videoopptak av barnet når det går og ein grundig analyse av dei innsamla dataene.
Under analysen vert det gjort opptak med seks Vicon MX-kameraer, to kraftplater og to videokameraer.
MX-kameraene fanger opp data frå refleksmarkørene som er festa til barnet. Dataene sjåast umiddelbart som ein strekfigur med eit rødt (venstre) og eit grønt (høgre) bein.
Eksempel på rådata med strekfigur.
Vi får samtidig ei framstilling av golvreaksjonskraften til barnet når det går. Dette vert illustert med to pilar oppover. Golvreaksjonskraften vert målt på to kraftplater som er senka ned i golvet langs gangfeltet barnet går over. Golvreaksjonskraften er motkraften til den kraften barnet tråkker ned med. Vi bruker golvreaksjonskraften til å måle dei ytre kreftene som verkar på kroppen til barnet.
Eksempel på framstilling av gulvreaksjonskraften og korleis den påverkar kroppen.
Etter prosessering blir dataene synleg som ein skjellettfigur (sjå bilde over).
Analyseresultat
Ganganalysen resulterer i grafar i tre plan:
- sett frå sida (sagittalplan)
- sett forfra og bakfra (frontalplan)
- sett ovenfra (transversalplan)
Grafane representerer ein gangsyklus. Ein gangsyklus starter med at foten setjast mot underlaget og vert avslutta når same foten igjen når underlaget.
Gangsyklusen deles i to hovedfasar: standfase og svingfase.
- Standfasen (når foten er i gulvet) utgjer normalt 60 prosent av syklusen
- Svingfasen (foten i luften) utgjer dei resterande 40 prosent
Kinematikk er ei kvantitativ skildring av stilling og bevegelse i ledd og kroppssegmenter (f.eks. graden av knefleksjon gjennom gangsyklus) utan å ta omsyn til dei krefter som forårsakar bevegelsane.
Kinetikk er læra om effekten av krefter og moment (kraft multiplisert med vektarm) som produserer bevegelse. De kinetiske kurvene angir hvilke mekanismar (muskelkraft, tyngdekraft og vektarmer) som produserer og kontrollerer bevegelsane i ledda.
Bildet over viser ei graf kor x-aksen er ein gangsyklus delt inn i prosent. Y-aksen på grafen viser gradar av bevegelse i ankelleddet under ein gangsyklus. 0˚er når ankelleddet er i 90˚ , altså ei rett vinkel. Plantarefleksjon er når foten henger nedover og dorsalfleksjon er når ankelen er bøyd over 90˚, for eksempel når vi går på hæl.
Bilde over viser en graf hvor X-aksen er en gangsyklus delt inn i prosent. Y-aksen på grafen viser det ytre momentet som virker på ankelen.
Resultata frå ein tredimensjonal databasert ganganalyse vil gje anbefalingar for vidare behandling. Dette kan til dømes være kvar Btx-A sprøyter skal setjast, kva operative tiltak som skal setjast i verk eller kva typar ortopediske hjelpemiddel barnet vært tilråda å bruke.