Gange, undersøkelse

Ganglaboratoriet

Nokre barn slit med å gå. På Ganglaboratoriet bruker vi tredimensjonal databasert analyse for å kartlegge gangmønster og vurdere kva slags behandling som vil fungere best for den enkelte. Dei fleste pasientane er barn.


 

Innleiing

Ganglaboratoriet er eit samarbeid mellom Ortopedisk klinikk og Barneklinikken. Her kjem pasientar med nevro-ortopediske lidingar.

Under kan du lese kva som skjer før, under og etter undersøkinga på Ganglaboratoriet.

 

Tilvising og vurdering

Tilvisinga vert sendt frå fastlegar eller spesialisthelsetenesta. 

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Tilvisinga vert sendt frå fastlegar eller spesialisthelsetenesta til Dokumentasjonsavdelinga på Haukeland universitetssjukehus:   

 
Helse Bergen 
Haukeland universitetssjukehus 
Dokumentasjonsavdelingen 
Postboks 1400 
5021 Bergen 

 
Tilvisinga bør innehalde: 

 
  • problemstilling tilvisande instans ønskjer å få kartlagt
  • informasjon om pasienten sitt funksjonsnivå (GMFCS dersom pasienten har CP)
  • Dersom aktuelt tar ein også med kort informasjon om tidlegare sjukehistorie

Før

Barnet er blitt tilvist frå lege til Ganglaboratoriet for ein ganganalyse.

 
Undersøkinga ved Ganglaboratoriet gjerast poliklinisk. Det betyr at pasienten kjem til ein avtalt time, ikkje blir innlagt og kan reise heim igjen med ein gong undersøkinga er ferdig.

 
Undersøkinga tar frå 1-3 timer, avhengig av kor mange pausar barnet treng undervegs  og om barnet skal gjere analysen med ortosar i tillegg. Det er derfor fint om barnet møter med litt mat i magen slik at energinivået er bra. Ta også med ein matpakke og drikke slik at barnet kan ha matpause undervegs om dette er ønskelig.

 
Før analysen kan du førebu barnet ditt på at det skal undersøkas liggande på en undersøkingsbenk, og at det må sitte og stå ein del i ro medan vi festar refleksmarkørar til kroppen. Dette kan være ei utfordring for enkelte barn. Vi har det ikkje travelt under analysen, og barnet kan gjerne ta pausar undervegs.

 

 
Ei klinisk undersøkelse, der vi tester bevegelse og styrke i hofter, knær og ankler, gjennomføres på benk.

 
Databasert ganganalyse krev ein god del samarbeid frå barnet, og vi har ei nedre aldersgrense på fem år.

 

Ta med ortosar

Dersom barnet bruker ortopediske hjelpemidler, er det viktig at desse tas med til timen. De må i god tid før timen på Ganglaboratoriet sjå til at ortosane passer.  Dersom dei er for små eller gneg kan dei gje barna ubehag og påverke gangmønsteret til barnet. Dersom barnet har innesko til ortosane skal desse tas med.

 
Barnet vert undersøkt med lite klede, så ta gjerne med ein shorts og topp som barnet kan bruke under analysen.

 
Det er ønske om at foresette er med på heile undersøkinga.

 

Fint å vite

  • undersøkinga varer 1-3 timer
  • pasienten treng ikkje overnatte på sjukehuset
  • nedre aldersgrense 5 år
  • husk eventuelle ortosar
  • husk mat og drikke
  • resultatet av undersøkinga er ei rapport med anbefalingar om eventuell behandling

Under

De blir møtt av to damer, enten to fysioterapeutar eller ein fysioterapeut og ein ortopediingeniør.

 
Vi startar med å vege barnet og måle høgda. Så ser vi om barnet kan gå på tå, på hæl, ta knebøyg og stå i ro i tjue sekundar, med samla bein og på eit bein av gongen.

 

 

 
Nøyaktig plassering og innstilling av markørene  er viktig for gode opptak.

 
Deretter gjennomfører vi ei klinisk undersøking før markørane vert festa til kroppen.  Nokre  gongar tar vi den kliniske undersøkinga til slutt for å ha mest mogeleg konsentrasjon til sjølve gåinga. Under ei klinisk undersøking testar vi bevegelse og styrke i ankla, kne og hoftar.

 

 

 
Forfotsmarkør festet med dobbelsidig tape. 

 
Det er seksten markørar som skal festas til kroppen. Markørene er små, lette kuler som er dekka med reflekstape. Desse vært festa på heilt bestemte punkt på kroppen med dobbelsidig tape. Dette er ein tupè-tape, og den er forholdsvis lett å ta av. Markørene vert festa på fot, ankel, legg, lår og bekken. Når markørene er festa og stilt inn, er det viktig at barnet ikkje røyrer på dei. Dersom barnet skulle falle og markørene flytter på seg er det ingen problem, men dei må stilles inn på nytt. Dette tar litt ekstra tid.

 
Med markørane festa til kroppen går barnet frem og tilbake på ein oppmerka gangbane. Barnet kan gå alt frå 10-30 gonger avhengig av kva opptak vi får tatt undervegs.  Kosedyr blir brukt som startstreker slik at vi kan registrere kvar barnet begynner å gå. Barnet skal forsøke å gå med ein så «vanleg» gange som mogeleg. Vi er ute etter å sjå korleis barnet går heime i sine vande omgjevnader.  

 

 
Barnet går på gangbanen med markører festa til kroppen.
Det vert først gjort ein ganganalyse barføtt. Dersom barnet bruker ortosar tar vi markørene av og festar dei utanpå ortosar og sko. Så gjentar vi same prosedyre med ortosar og sko.

Etter

All data som er samla under ganganalysen krev prosessering før dei blir samla i ein rapport. Dette tek omtrent seks veker. Rapporten inneheld videofilmar, grafar, gangparametre og klinisk undersøking.

 
Videofilmane viser korleis  barnet går sett frå sida, framifrå og bakfrå. Grafane framstiller både kinematikk og kinetikk. Kinematikk er grafisk framstilling av bevegelsar som skjer i anklar, kne, hofter og bekken sett frå sida, framifrå og bakfrå. Kinetikk er grafisk framstilling av krefter som påverkar dei same ledda, sett frå sida og framifrå. Gangparametrane fortel blant anna om ganghastighet, skrittfrekvens (kor mange skritt barnet tar pr sekund) og hvor lange skritt barnet tar.

 

 
Leddbevegelighet vert målt med vinkelmål.

 
Resultata frå analysen blir samla og gjennomgått i eit tverrfagleg team med barnenevrolog , barneortoped, ortopediingienør og fysioterapeut.  Oppsummeringa av rapporten blir vurdert i forhold til problemstillinga i tilvisninga. Eventuelle tiltak for barnet blir foreslått på eit tverrfagleg grunnlag på bakgrunn av ganganalysen.

 
Rapporten med konklusjon av ganganalysen vert vanlegvis sendt til fastlege og eventuell lokal fysioterapeut og ortopediingeniør. Føresette til barnet får også tilsendt rapporten. 

 
Rapporten inneheld ein del faguttrykk og grafar. Dersom de har spørsmål til rapporten kan de gjerne ta kontakt med oss for å få ei enklare forklaring.

 
Tilvisande instans, til dømes ortoped eller barnenevrolog, er ansvarlege for å sette i gang tiltak.

Kurs og opplæring

  • Addison, binyrebarksvikt, hormonsvikt for vaksne

    Kurset gir deg oppdatert kunnskap om diagnosar og behandling og kunnskap til betre meistring i livet med diagnosen.

  • Aktivitetsgruppe for born og unge

    Aktivitetsgruppen består av seks barn i alderen 9-12 år. En gang i uken møtes vi og har ca. en times lystbetont aktivitet og lek i gymsal eller basseng.

  • Aldersrelatert makula - degenerasjon - AMD

    Kurset er for personar som har fått diagnosen AMD og deira pårørande.

  • Bekhterev (Spondyloatritt)

    Kurset er for personar som har fått Spondyloatritt-diagnosen hos ein spesialist i revmatologi. Pårørande er velkomne til å delta.

  • Binyrebarksvikt hos barn og ungdom

    Kurset er for foreldre til barn som har fått diagnosen dei siste 2 åra, eller foreldre som tidligare ikkje har vore på kurs, samt til ungdom 13-17 år og deira foreldre.

  • Cochlea Implantat

    Kurset er for pasientar som står på venteliste eller har gjennomført operasjon med Cochlea Implantat ved Haukeland univeristetssjukehus og ein nærperson.

  • Cøliaki - kurs for vaksne

    Kurset er for personar som nylig har fått diagnosen cøliaki og deira pårørande, men også for deg som har levd med diagnosen ein stund og trenger oppdatering.

  • Cøliaki pårørande til barn

    Kurset er for føresette til barn som nylig har fått diagnosen cøliaki og for føresette til barn som har levd med diagnosen ein stund og treng oppdatering.

  • Demens - for deg som har fått demens diagnose

    Kurset er for deg som har fått demens diagnose.

  • Demens pårørandekurs

    Kurset er for pårørande til personar med demenssjukdom.

  • Diabetes 2

    Kurset er for pasientar med Type 2-diabetes med ulike behandlingstypar (kostregulert, tablettar, insulin) og deira pårørande.

  • Diabetes Barn og pårørande

    Tilbodet er for barn type 1 diabetes og deira næraste pårørande. Barna får kunnskap og innsikt i sjukdomen slik at dei etterkvart blir sjølvstendige i takling av situasjonen.

  • Diabetes type 1

    Kurset er for pasientar over 15 år med Diabetes type 1 og deira pårørande. Deltakarane skal lære å leve best mulig med sjukdommen.

  • Eksem - kurs for foreldre til barn med eksem

    På dette kurset er målgruppa fortrinnsvis foreldre/føresatte til barn som har fått behandlingstilbod ved Hudavdelinga i Helse Bergen det siste året. Kurset gjennomførast utan barnet.

  • Epilepsi - pårørandekurs

    Tilbodet er for pårørande/foreldre til barn med Epilepsi.

  • Epilepsikurs for ungdom

    Kurset er for ungdom med epilepsi og deira pårørande.

  • Fredagsmøte

    Annankvar fredag arrangerer vi fredagsmøte i Store auditorium på Haukeland. Fredagsmøta er ein serie førelesingar der ulike avdelingar i Helse Bergen får presentere tema av generell interesse frå si avdeling.

  • Grunnkurs for petroleumsleger

    Kurset er søkt godkjent av Helsedirektoratet og gir nødvendig kompetanse til å søke godkjenning som petroleumslege.

  • Grunnkurs for sjømannsleger

    Dette kurset er utviklet i samsvar med kompetansekravene for norsk godkjente sjømannsleger i samsvar med standardene satt av Sjøfartsdirektoratet.

  • Grunnkurs i Maritim medisin

    Grunnleggjande kurs for dei som vil bli sjømannslegar, og for andre som ynskjer ei grunnleggjande innføring i maritim medisin. Kurset gir også godkjenning som petroleumslege.

  • Grønn stær - Glaucom

    Kurs for pasientar og pårørande - Å leve med grøn stær - for tryggleik og meistring av kvardagen.

  • Helsepedagogikk

    Treng du kunnskap i korleis fremje endring og meistring?

  • Hjerneslag

    Kurset er for hjerneslagramma og deira pårørande.

  • Hjernesvulst

    Dette kurset er for deg eller dere som opplever at kvardagen er endra på grunn av diagnosen hjernesvulst. Du kan vere ferdigbehandla, leve med hjernesvulst eller vere pårørande.

  • Hofte- og kneartrose kurs

    Kurset er for pasientar med kne- og hofteartrose.

  • Hudsjukdom

    Kurset er for pasientar og pårørande med ein hudsjukdom.

  • Hypothyreose

    Kurset er for pasientar med hypothyreose og pårørande deira.

  • Høyrselskurs

    Gruppebasert opplæring av pasient og pårørende om hørsel.

  • IBS - Å leve med irritabel tarm

    Kurset er for personar med IBS/og eller pårørande.

  • ICD - Å leve med hjertestartar

    Kurset er for pasientar og deira pårørande.

  • Juvenil Idiopatisk Artritt ungdom

    Ein dag beregna på ungdom og deira nærmaste pårørande. Vi legger opp til litt felles informasjon/ diskusjon og ein god del der informasjon/diskusjon foregår i gruppar, ungdom for seg og pårørande for seg.

  • Kreft: Kurs for deg som vil fokusere på sunt kosthald

    Har du vore gjennom kreftbehandling og ønsker å få inspirasjon og informasjon om eit sunt kosthald?

  • Kurs for medisinstudenter - Høyde og dykkemedisin

    Lurer du på hvordan kroppen påvirkes av endringer i omgivelsestrykk som ved dykking eller fjellklatring?

  • Kurs for medisinstudenter - Maritim medisin

    Lurer du på hvilke helseutfordringer sjøfolk møter på jobben?

  • Kurs i traumesjukepleie (KITS)

    Målet med kurset er å gi alle sjukepleiarane og andre medlemmer av traumeteamet grunnleggande kunnskap som skal gjere dei i stand til å ta hand om traumepasientar på ein profesjonell måte.

  • Leddgikt RA

    Kurset er for personar med leddgikt og deira pårørande. Med auka kunnskap får du betre føresetnader for å leve med sjukdommen i kvardagen.

  • Lungekreft

    Kurset er for personar med lungekreft og deira pårørande. Her vil du få auka kunnskap som styrker tryggleik til meistring av kvardagen.

  • Lynch-syndrom

    Kurs til personer med påvist genfeil som gir økt risiko for tarm- og livmorkreft (Lynch syndrom).

  • MAP - Møte med AggresjonsProblematikk

    MAP (Møte med AggresjonsProblematikk) er eit samla opplæringsprogram i forståing, førebygging, handtering og oppfølging av aggresjon- og valdsproblematikk.

  • Miljøarbeid ved alvorlege psykiske lidingar hos personar med utviklingshemming

    Personar med utviklingshemming er meir utsette for å utvikle psykiske lidingar enn resten av befolkninga.

  • Miljøarbeid ved angst og depresjon hos personar med utviklingshemming

    Personar med utviklingshemming er meir utset for å utvikle psykiske lidingar enn resten av befolkninga. Det kan vere utfordrande å skilje symptom på angst og depresjon frå kvardagsvanskar og veremåte som er knytt til utviklingshemming.

  • Morbus Crohn

    Kurset er for personar med Morbus Crohn og deira pårørande.

  • MS - Kurs for nydiagnostiserte og pårørande

    Kurs til dei som nettopp har fått diagnosen Multippel Sklerose ved Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, og deira pårørande.

  • MS – Oppdateringskurs

    Kurs for dere som har levd lenge med sin MS-sykdomme i 10 år eller meir. Kurset gjennomføres en gang i året.

  • Myelomatose

    Pasientar med diagnosen Myelomatose og deira pårørande.

  • Nyresvikt

    Kurset er for personar med diagnosen nyresvikt og deira pårørande. Kunnskap skal bidra til auka tryggleik og meistring i kvardagen.

  • OSAS - Søvnapné

    Kurset er for personar som har fått søvnapné og deira pårørande.

  • Osteoporose

    Kurset er for personar, og eventuelt deira pårørande, som har fått stilt diagnosen Osteoporose (beinskjørheit) hos spesialist i revmatologi.

  • Parkinson sjukdom. For deg som har levd med sjukdomen over tid og dine pårørande.

    Kurset er for pasientar med parkinson og deira pårørande.

  • Parkinson sjukdom. For nydiagnostiserte pasientar og deira pårørande.

  • PHARC

    Kurset er for pasientar med diagnosen PHARC og deira pårørande.

  • Psoriasisartritt

    Kurset er for personar som har fått diagnosen psoriasisartritt og deira pårørande. Gjennom undervisning og erfaringsutveksling auker kunnskapen om sjukdom og du får betre føresetnaden for å leve med sjukdommen i kvardagen.

  • Psykisk Helse Temakveld

  • Psykiske lidingar hos vaksne med utviklingshemming

    Personar med utviklingshemming er meir utset for å utvikle psykiske lidingar enn resten av befolkninga.

  • Pårørandeseminar om spiseforstyrringar

    Velkommen til seminar med informasjon og samtalar om spiseforstyrringar. Seminaret rettar seg til foreldre, søsken eller andre nærståande til personar med ei spiseforstyrring.

  • Repetisjonskurs for dykkerleger

    Kurset er laget for godkjente dykkeleger. For å opprettholde godkjenning som dykkerlege (som gis av Fylkesmannen i Rogaland, Helse og sosialavdelinga) så må du gjennomgå oppdateringskurs hvert 3. år.

  • Repetisjonskurs for sjømannsleger

    For å få fornyet godkjenning (resertifisering) som Sjømannslege kreves det at sjømannslegen gjennomfører et obligatorisk oppdateringskurs og består eksamen.

  • Resertifisering av petroleumsleger

    For å få fornyet godkjenning (resertifisering) som petroleumslege kreves det at petroleumslegen gjennomfører et obligatorisk oppdateringskurs og består eksamen.

  • Sjøgren

    Kurset er for personar som har fått sjøgren hos ein spesialist i revmatologi. Pårørande er velkomne til å delta.

  • Skoliose

    Kurs for pasientar med skoliose (aldersgruppe 18 - 30 år) og deira pårørande

  • Starthjelp - om familie og meistring

    Kurset er for foreldre som har fått barn med nedsatt funksjonsevne eller langvarig sjukdom.

  • Svulst på balansenerven

    Kurset er for personar med følgeplagar av svulst på balansenerven og pårørande. Med økt kunnskap får du betre føresetnad for å leve med sjukdommen i kvardagen. Her møter du også andre i same situasjon.

  • Tinnitus

    Kurset er for personar med Tinnitus og deira pårørande.

  • Tinnitus - oppfølging

    Kurset er for personar med tinnitus som har deltatt på Pasientopplæring om Tinnitus del 1.

  • Tommy`s bordtennisskole

    Har du lyst å prøve deg på bordtennis?

  • Uavklarte smerter i kjeve, ansikt (TMD)

    Kurs for pasienter med uavklarte smerter i kjeve/ ansiktet og deres pårørende.

  • Ulcerøs colitt

    Kurset er for personar med Ulcerøs colitt og deira pårørande. Du vil få kunnskap om sjukdommen som kan bidra til aukt tryggleik og meistring i kvardagen.

  • Urinsyregikt

    Kurset er for personar med urinsyregikt og deira pårørande.

Eksterne kurs

Kontaktinformasjon

Ganglaboratoriet
Oppmøte

Vi heldt no til i Energisenteret for barn og unge, øvre underetasje. Energisenteret ligg i Barne- og ungdomsjukehuset.

Telefon
55 97 70 70 /71
måndag - torsdag 09.00-15.00
Glasblokkene
Besøksadresse
Haukelandsbakken 15(Kart)
5021 Bergen
Telefon
55 97 50 00

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Glasblokkene

​Det er innkøyring til Glasblokkene frå Haukelandsbakken, nord for Sentralblokka. Det er tre handikap-parkeringsplassar ved Glasblokkene.

Andre besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire handikap-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

Besøk på sjukehuset i koronaperioden

Under smittesituasjonen med koronaviruset har vi avgrensa talet på besøkande til sjukehuset. Grunna den låge førekomsten av koronasmitte i samfunnet vi har no, opnar vi opp for at fleire pasientar kan få besøk av sine nærmaste på sjukehuset.

Les mer om besøk på sjukehuset

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Fann du det du leita etter?