Det krevst ikkje førebuingar før du blir lagd inn, men det kan vere behov for ekstra smertestillande medisin før fysioterapi når du blir følgd opp under innlegging.
Fysioterapi ved septisk artritt
Septisk artritt er ein djup leddinfeksjon forårsaka av at bakteriar kjem inn i leddhòla. Infeksjonen kan spreie seg til omliggande blautvev, sener og leddband. Tilstanden er vanlegast i store ledd som kne, anklar, hofter og olbogar.
Tilstanden debuterer ofte med leddsmerter, hevelse, raudheit, stivleik og varme og kanskje feber. Tilstanden blir behandla med langvarig antibiotikabehandling og drenasje av infisert leddvæske.
I nokre tilfelle må leddet skyljast og delar av den infiserte leddhinna må fjernast. I akuttfasen av infeksjonen skal ledda ligge i ro og du har vanlegvis sengeleie denne tida, cirka i éi veke. Om det er oppnådd tilstrekkeleg infeksjonskontroll viser lege vanlegvis til fysioterapi etter denne veka.
Tilvising og vurdering
Det er legen på avdelinga i sjukehuset der du blir lagd inn, som tilviser deg til fysioterapi.
Før
Under
Mål for fysioterapi
- sjølvstendig i flytting og gonge
- halde ved like og fremje rørsle, muskellengde og muskelkontroll
- smertelindring gjennom rørsle av ledd og gode kvilestillingar
- hjelp til vidare oppfølging etter utskriving
Etter den første veka med ro og sengeleie, begynner du varsamt med øvingar for å fremje rørsle og muskelkontroll i leddet. Du får vanlegvis komme opp og gå med ganghjelpemiddel utan å belaste beinet, men øvingar for rørsle blir prioritert før gangtrening.
Ved infeksjonskontroll og framgang i form av smertelette, mindre hevelse, varme og raudheit få du gradvis auke aktivitetsnivå og belastning av beinet ved gonge.
Dersom leddet blir hovent, raudt eller vondt, eller det aukar på med siving frå såret må du ta det litt rolegare, men framleis gjere nokre øvingar med fysioterapeut. Øvingar du gjer sjølv og gangtrening bør da avgrensast. Det er ingen avgrensingar for rørsle av andre ledd.
I tillegg til øvingar, trening på generell funksjon og gonge med ganghjelpemiddel, motiverer fysioterapeuten til aktivitet i det daglege, da lang sjukehusinnlegging kan føre til passivitet. Du kan også få også tilpassa treningsprogram med øvingar du kan gjere på eiga hand.
Du skal ikkje tøye leddet med ekstern kraft.
I senga bør hofte- og kneledd ligge mest mogleg strekt ut. For variasjon kan du ligge korte periodar med bøyg i hofte- og kneledd. Puter gir god støtte.
Behandlingstiltak
- smertestillande før behandling
- øvingar for å fremje sirkulasjon
- passiv og leidd aktiv rørsle av skadde ledd – i nokre tilfelle bruk av ei skjene som bevegar leddet for deg, kalla kinetec
- knipeøvingar for muskulatur i nærleiken av det infiserte leddet
- i begynninga bevegar du beinet mens du ligg på senga, etter kvart kan du bevege mot tyngdekrafta når du sit på sengekanten eller i ein stol
- gangtrening med hjelpemiddel, ofte preikestol i starten, da dette gir god avlasting
- vedlikehald av muskelstyrke for resten av kroppen med strikk, vektmansjettar eller manual
- øvingar i slynge
- trappetrening
Restriksjonar
Pågåande infeksjon kan føre til at blautvev blir svekt og at beinvevet blir svakare, leddband og sener kan bli skjørare, derfor skal du ikkje presse på leddet og presse fram rørsle.
Lege bestemmer kva forsiktigheitsreglar som gjeld kvar enkelt person ut frå kor god infeksjonskontrollen er.
Generelle forsiktigheitsreglar
Leddet skal som regel haldast i ro første veka, du har som regel sengeleie denne veka. Frå veke 2 får ein vanlegvis begynne med enkle øvingar for å fremje rørsle i leddet, og komme opp med ganghjelpemiddel. Beinet skal da ikkje belastast. Ved framgang får du vanlegvis auke belastninga ved gonge gradvis til smertegrensa. Ved utreise kan du normalt fullbelaste beinet.
Etter
Du blir skriven ut når infeksjonen er under kontroll og det kan skiftast til antibiotika i tablettform.
Du skal halde fram med øvingar for å fremje rørsle og muskelstyrke rundt leddet, men avvente stor treningsbelastning så lenge du går på antibiotikatablettar. Dersom infeksjonsparametrar held seg låge også etter avslutta antibiotikakur, kan du gradvis auke treningsbelastninga.
Fysioterapeuten skriv ein rapport som du kan få med deg, denne skisserer vidare forløp og betydninga av å følge avgrensingar for rørsle og belastning. Det er stor variasjon i behov for vidare oppfølging.
Ved behov blir det ordna med hjelpemiddel mellombels frå kommunens kortidslager, ved varig behov blir søknad send til Hjelpemiddelsentralen. Ved utskriving til institusjon, er institusjonen ansvarleg for hjelpemiddel.
Ver merksam
Du kan oppleve auka smerte, hevelse og raudheit etter å ha vore i aktivitet, dette skal gå tilbake ved kvile. Dersom dette held fram, må du melde frå til lege da det kan bety at infeksjonen blussar opp igjen eller at belastninga har vore for stor.
Kontakt
Sentralblokka
Fysioterapiavdelinga
Oppmøtestad
Fysioterapeuten kommer til deg på avdelingen der du er innlagt på sykehuset, og dere avtaler hvorvidt behandlingen skal foregå på rommet eller på treningsrom.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen