Lungekreft, fysioterapi
Lungekreft blir ofte delt inn i to grupper; Småcella lungekreft og Ikkje-småcella lungekreft. Ved lungekreft vil behandling med kirurgi, stråling eller cellegift vere aktuelt, avhengig av mellom anna type kreftsvulst og utbreiing av sjukdommen.
Symptomer ved lungekreft vil i stor grad vere avhengig av kvar svulsten sit i lunga, utbreiinga til sjukdommen, om du har gått gjennom kirurgi, om du har andre underliggjande sjukdommar, og dessutan type medisinsk behandling du får.
Fysioterapi vil bli individuelt tilpassa dine problem og det er store variasjonar på kva hjelp pasientar har behov for. Overordna mål for fysioterapi til lungekreftpasienten er å bidra til livskvalitet i ein vanskeleg situasjon.
Mål for behandlinga er individuelt tilpassa og kan vere å:
- Lindre smerter
- Lære slimmobiliserande teknikkar for å lindre slimplager.
- Dempe anspenthet og uro/angst
- Dempe respiratoriske plager som tungpust/dyspné
- Bidra til at du kan vere i aktivitet og mest mogleg sjølvhjelpt.
Fysioterapi blir tilpassa dagsforma. For pasientar som har gått gjennom kirurgi er tidleg mobilisering/aktivitet og respirasjonsøvingar viktig for å førebygge til dømes lungebetennelse og tap av fysisk funksjon.
Tilvising og vurdering
Det er legen på avdelinga i sjukehuset der du blir lagt inn som tilviser deg til fysioterapi.
Før
Det krevst ingen førebuingar. I nokre tilfelle vil fysioterapeuten avtale med avdelinga at du får inhalasjonar (medisinar du pustar inn) før behandlinga eller ekstra smertestillande medisin ved behov.
Under
Fysioterapeuten vil saman med deg danne seg eit bilete over kva utfordringane dine er og kva du treng hjelp til. Utifrå dette vil fysioterapeuten utføre undersøkingar. Dette kan vere observasjon av respirasjonen din eller kartlegging av fysisk funksjon. Tiltak blir valt på grunnlagt av kva ein finn i undersøkinga og ønska dine.
Døme på tiltak:
- Lungefysioterapi med slimmobiliserande teknikkar
- Lungefysioterapi med fokus på å lindre tungpusthet og fremme avspenning
- Massasje
- Finne gode kvilestillingar
- Øvelser i senga for smertelindring og sirkulasjon
- Hjelp til fysisk aktivitet og enkle treningsøvingar for å opptrettholde/betre fysisk funksjon
- Ved behov bestilling av hjelpemiddel
Etter
Etter utskriving kan du fortsette med dei teknikkane og treninga du har lært av fysioterapeuten under innlegging. Du bør så langt tilstanden din tillèt det vere i fysisk aktivitet eller trene. Fleire studiar viser at pasientar har god effekt av trening etter lungekreftkirurgi og opplever auka respirasjonskapasitet, auka fysisk funksjon, auka velvære og livskvalitet. Du kan trene både styrke og kondisjonstrening.
Om du har gått gjennom kirurgi vil du bli informert om du har nokre rørslerestriksjonar i etterkant av inngrepet og kor lenge dette varer.
Før utskriving frå sjukehuset vil fysioterapeuten vere behjelpeleg med å opprette kontakt med fysioterapeut i kommune eller institutt ved behov for vidare oppfølging. Fysioterapeuten vil skrive ein rapport om kva behandling som er utført ved innlegging og kva som er ønskjeleg av vidare oppfølging.
Ved behov for flyttingshjelpemiddel ordnar avdelinga med dette før utreise og me tilviser til kommunens ergo –og fysioterapiteneste for vidare oppfølging av dette. Ved utskriving til institusjon, er institusjonen ansvarleg for hjelpemiddel.
Kontakt
Sentralblokka
Fysioterapiavdelinga
Oppmøtestad
Fysioterapeuten møter deg på rommet på avdelingen du er innlagt. Vanligvis utføres behandlingen her, men man kan også avtale å gå til et eget behandlingsrom.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Parkbygget
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen