Under operasjonen blir det lagd på ortosar for å strekke i knea. Knestrekkeortosane skal vere på mest mogleg gjennom døgnet (dag og natt) dei første 6 vekene etter operasjonen. Ortosane blir festa med borrelås og kan takast av og på i situasjonar der det er praktisk/nødvendig (toalettbesøk, stell, bilkøyring o.l.).
Eksempel på knestrekkeortosar som leggast på under operasjonen.
Mange har ein del smerter dei første dagane etter operasjon. Det er derfor viktig at ein ofte justerer kneortosane gjennom dagen.
Aktivitet og belastning
Du kan belaste beina rett etter operasjonen. Det er positivt å komme opp å stå så snart som mogleg etter operasjonen. Barnet/ungdommen kan byrje på skulen så snart smertene tillèt det, gjerne 2-4 dagar etter operasjonen. Nokon kan ha behov for å vere heime noko lenger, opp mot 2 veker.
Kontroll
Barnet/ungdommen får vidare oppfølging i habiliteringstjenesta lokalt.
Sting
Oftast er det brukt tråd inni huda. Denne vil gå i oppløysing av seg sjølv og det er ikkje nødvendig å fjerne stinga. Nokon gonger er det ein trådknute utanpå huda. Om denne ikkje fell av av seg sjølv, kan han klippast av etter 2 veker.
Hygiene
Når såra har grodd, kan du dusje som vanleg utan ortosane på. Dette er vanlegvis etter ca. 2 veker.
Smerter
Nokre har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette må avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og du kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.
Ortosar/skjener
Knestrekkeortosane skal vere på så mykje som mogleg gjennom døgnet dei første 6 vekene etter operasjonen. Etter dette kan dei brukast om natta, dersom dei ikkje i stor grad påverkar søvnen til barnet/ungdommen. I tillegg bør barnet/ungdommen halde fram med å bruke ankelfotortosar (AFO) dagleg dersom barnet har det.
Hjelpemiddel
Fleire barn/ungdommar treng rullestol i perioden etter operasjonen for å legge til rette for å bruke knestrekkeortosane gjennom dagen. Det er då behov for ein rullestol der ryggen kan leggast noko bakover og fotstøttene kan hevast (komfortrullestol).
Ståstativ eller anna stå-/ganghjelpemiddel er veldig viktig å komme raskt i gang med etter operasjonen. Målet er å tøye ut knea i ståande stilling. Det blir tilrådd ståtrening til saman 2 timar dagleg etter operasjonen. Ein må vere oppmerksam på at knea kan ha endra seg etter operasjonen og at knea kan strekkast meir ut i ståstativet. Justering av ståhjelpemiddel bør derfor avtalast 1-2 veker etter operasjonen.
Fleire barn/unge har glede av å sitje i ein sakkosekk som ei stillingsforandring.
Opptrening
Opptreninga foregår i ulike faser.
Første fase etter operasjonen (1-2 veker)
I denne fasen er det viktigaste at barnet/ungdommane tilvenner seg den nye situasjonen etter operasjonen. Med dette blir meint at barnet/ungdommen blir trygg på bruk av kneskjenene, ulike teknikkar for å flytte på seg og det å ta belastning på beina.
Barnet/ungdommen treng å endre stilling gjennom dagen og kan innta alle stillingar han/ho er fortruleg med (liggande på magen/ryggen eller sidan, sitjande eller ståande).
Kneskjenene må takast av dagleg, slik at barnet/ungdommane òg kan røre fritt på beina. Då kan ein samtidig observere og lufte huda. På tidspunktet kneskjenene er av, er det godt tidspunkt for å legge inn nokre aktive øvingar for knestrekk.
Så snart smertene tillèt det, blir det tilrådd ståtrening i ståstativ. Det blir tilrådd ståtrening til saman 2 timar dagleg etter operasjonen. Fysioterapi er aktuelt i denne perioden for å støtte barn/ungdom og foreldre i tida rett etter heimkomst og legge til rette slik at eigenaktivitet, det å flytte seg og bruk av kneskjener går fint.
Rehabilitering frå ca. 2 veker til 8 veker etter operasjonen
I denne fasen blir det tilrådd intensiv fysioterapi med styrketrening, tøying og funksjonstrening. Mål for treninga er å få betre knestrekk i dei funksjonane som er viktige for barnet/ungdommen.
Den aktive treninga bør bestå av styrketrening for musklane som strekker i kne og hofter. Her må øvingar leggast til rette ut ifrå barnets/ungdommens funksjonsnivå og målet for treninga/operasjonen. Eit eksempel kan vere: Knebøy/reise seg frå stol til ståande stilling.
Det er viktig at ståtrening er godt etablert i denne fasen, helst 2 timar dagleg, gjerne oppdelt i fleire økter. Målet med ståtreninga i ståstativet er å få tøygd knea så godt som mogleg ut i strekk. I tillegg er ståande stilling positivt for kroppen generelt.
Bassengtrening opplevast positivt for mange barn/unge. Barnet/ungdommen kan gå i basseng når såra er tørre, tidlegast etter 14 dagar.
Rehabilitering etter ca. 8 veker etter operasjonen
No er målet å gjenoppta fysisk aktivitet og idrett som tidlegare. Fokus er funksjonstrening, styrke, uthald, hurtigheit og balanse.