Operasjon med forlenging av sener på baksida av låret (hamstringsløsning)
Muskulaturen på baksida av låra kan av ulike årsaker bli for kort. Dette kan føre til at det blir vanskeleg å strekke ut knea og det kan vere behov for behandling av denne muskulaturen. Eit behandlingsalternativ er operasjon.
Det finst fleire behandlingsalternativ for å unngå at musklane bak låret blir for korte. Ein prøver gjerne behandling med ståstativ/ståskal, tøyingar, ortosar eller medikament først. Nokon gonger kan det bli behov for operasjon med hamstringsløsning.
Tilvising og vurdering
Lege kan tilvise til Ortopedisk avdeling for vurdering for operasjon.Før
Før operasjon vil barnet/ungdommen bli undersøkt av ein ortoped som kartlegg kva utfordringar barnet/ungdommen har i kvardagen og kva årsakene til problema kan komme av. For fleire pasientar er det aktuelt å bli undersøkt og vurdert av eit tverrfagleg team saman med ortopeden. Av og til blir det gjort tilleggsundersøkingar som tredimensjonal ganganalyse.
Når det blir vedtatt at behandlinga blir operasjon, er det viktig at det blir gjort nokre førebuingar. Dersom barnet/ungdommen har jamleg oppfølging i habiliteringstenesta, vil lokal habiliteringsteneste/ortopedisk avdeling vere med på nokon av førebuingane.
Det kan vere lurt å ha førebudd følgjande:
- Postoperativ trening med fysioterapeut
- Hjelpemiddel (rullestol med vinkelregulerbare fotstøtter og regulerbar rygg, ståstativ/ståskal og ganghjelpemiddel)
- Transport til og frå skule/barnehage
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
- Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.
Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Sjølve inngrepet:
Pasienten blir operert i narkose og inngrepet blir gjennomført enklast ved at pasienten ligg på magen.
Det blir laga eit hudsnitt på baksida av låret, nokon cm over knehasen. Snittet blir ca. 5 cm langt. Ein frilegg sena m. semitendinosus, som blir kutta. Ein finn deretter sena til m. gracilis, som blir kutta. Så frilegg ein senebladet til m. semimenbranosus, der ein snittar gjennom sena, men lèt muskulatur stå igjen.
Etter
Opptrening
Ver merksam
Det er viktig at du tar kontakt med sjukehuset ved teikn på infeksjon:- Raudfarge
- Aukande smerte og / eller hevelse
- Puss, gul eller grøn væske frå såret
- Feber
- Sjukdomskjensle
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen